Fekk EU-midlar to gonger på ei veke

– Bygg nettverk, ikkje gje opp, og bruk dei gode UiT-ressursane, er professor Peter McCourt sine råd for å lykkast. Sjølv fekk han dobbelt EU-napp i førre veke.

Portrett av ein smilande mann.
SMILET GÅR HEILE VEGEN RUNDT: Ein glad professor Peter McCourt. Foto: Kjetil Rydland / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 22.03.23 11:13 Oppdatert: 23.03.23 13:03
Helse og velferd Naturvitenskap

Veke 11 i 2023 bør stå igjen som ei festveke for Peter McCourt. Biokjemi-professoren fekk maksimal utteljing, og drog inn til saman 36 millionar EU-kroner til prosjekt hjå Det helsevitskapelege fakultet på UiT.

– Eg er sjølvsagt kjempeglad for meg sjølv og samarbeidspartnarane mine på laben, UiT, og på andre universitet, men eg er òg litt skremt av å skulle leie eit så stort konsortium, seier McCourt.

Forskar på gamle levrar

Han er tilsett på Institutt for medisinsk biologi, og forskar på levra og korleis den utvekslar stoff til og frå blodstraumen. I levra er det særskilte blodårar som er kledd med såkalla sinusoidale leverendotelceller (LSEC). Desse cellene er fulle av hòl som fraktar næring, toksin, og ei mengde andre stoff fram og tilbake mellom levra og blodet. Når vi menneske vert eldre, vert hòla færre og mindre, og levra fungerer derfor dårlegare.

Illustrasjon av såkalla sinusoidale leverendotelceller (LSEC).
KVA ALT HANDLAR OM: Dei linusoidale leverendotelcellene McCourt studerar. Foto: UiT

Der kjem prosjektet DeLIVERy inn, som skal bygge mini-levrar for å teste effektane av ulike medisinar. På sikt håpar dei å kunne gjere levra ung igjen.

Prosjektet fekk 3 millionar euro frå EU sitt innovasjonsråd (EIC) i 2021, og er eit samarbeid med tyske, belgiske, australske, og franske universitet og institusjonar. I førre veke fekk dei ein halv million euro i såkalla Hop On-støtte for å involvere endå ein partnar; Henryk Niewodniczański-instituttet i Polen.

Så det var den eine suksessen. Den andre er 2,73 millionar euro til eit MSCA Doctoral Network: ImAgE-D. Det skal verte eit forskarnettverk med tyske, belgiske, portugisiske, svenske, australske, polske, og franske universitet og institusjonar som skal bruke nye mikroskopi-metodar for å studere liknande celler i hjernen, beinmerg, og lymfesystemet, i tillegg til LSEC-cellene i levra.

Tre råd for å lykkast

Prosjektgrossisten McCourt har tre klare råd for å lykkast med søknadar og prosjekt:

– Det aller første er å skaffe seg eit stort, fleirfagleg nettverk, seier han.

Prosjekta han no får inn millionar til, kan sporast heilt tilbake til 2009, då han drog på ei gjesteførelesning på UiT med den tyske forskaren Thomas Huser. Huser forskar på optikk med super-oppløysing, noko som er særs nyttig når ein skal studere celler på nesten molekylnivå.

Dei to har jobba saman sidan, og har hatt god bruk for kvarandre sine nettverk og ressursar. Faktisk bygger det nye prosjektet på forskarnettverket DeLIVER som dei fekk 3,8 millionar euro til i 2017. Ein suksess kjem ofte frå tidlegare suksessar.

Og det leier oss inn på råd nummer to: ikkje gje opp!

– Det første nettverket fekk ikkje støtte før på fjerde forsøk, og det andre måtte eg søke to gonger på, seier McCourt.

Når DeLIVERy fekk støtte i 2021 på første forsøk var det meir unnataket enn regelen, forklarar han.

– Mitt tredje råd er å bruke det fantastiske støtteapparatet på UiT, seier McCourt.

Helsefak har eit eiga prosjektkontor, som gjer støtte til mellom anna ekstern finansiering og forskingsstrategisk arbeid for tilsette og studentar på fakultetet.

– Dei er fantastiske, men eg har og fått framifrå hjelp frå Seksjon for forsking og utdanningskvalitet. Dei har ein Prosjektstøtteportal (intern UiT-lenke), og ein kan òg søke om prosjektetableringsstøtte, såkalla PES-midlar, seier McCourt.

PES-midlane han fekk har han mellom anna brukt til å få det han meiner er uvurderleg ekstern hjelp til å finpusse søknadane.

Ein mann og to kvinner på eit laboratorium. Den eine kvinna ser i eit mikroskop.
ALLSIDIG TEAM: Peter McCourt med nokre få av kollegaane sine. Foto: Kjetil Rydland / UiT

Sit berre og ber om pengar

Professoren understrekar òg kor viktig det er å bygge eit godt team. Til prosjekta har han knytt fleire forskarar frå andre fakultet og institutt på UiT, men han har òg eit breitt team i sin eiga avdeling, kor masterstudentar, stipendiatar og post-doktorar alle jobbar saman.

McCourt er soleklar på at ein må involvere yngre forskarar og gje dei tillit. Han ser at hans yngre kollegaar har kompetanse han ikkje har, og at dei er mykje raskare enn han på laboratoriet.

– Eg pleier seie at eg berre sit her med datamaskina mi og ber folk eg ikkje kjenner om å gje meg pengar, mens teamet mitt i rommet ved sidan av gjer den faktiske jobben, seier han.

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 22.03.23 11:13 Oppdatert: 23.03.23 13:03
Helse og velferd Naturvitenskap
Vi anbefaler