Historie
Historie - bachelor /Varighet: 3 år / Studiepoeng: 180Historie er vitskapen om endring. I fortida ligg kunnskap om notida og om ein forstår fortida, kan ein også forstå notida. Endring kan skje i løpet av berre nokre dagar, medan noko er uforanderleg gjennom fleire hundre år. Kva skapar endring? Kva rolle har enkeltmennesket, samfunnet og strukturane for historia? Ved UiT har vi fokus på historie frå mellomalderen til i dag med vekt på norsk, samisk og internasjonal historie. Frå historia til lokalsamfunn til store europeiske verdsimperium, revolusjonar og reformasjon, enkeltskjebnar og store forteljingar - dette får du eit innblikk i gjennom studiet.
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Tilrådd forkunnskap for realkompetanse er norsk, engelsk og samfunnsfag frå vidaregåande skule og 5 års relevant yrkeserfaring.
Beskrivelse av studiet
Studiet gjev brei kunnskap i norsk, samisk og internasjonal historie frå rundt år 1000 og fram til i dag. I tillegg gjev programmet grundig innføring i historievitskapleg teori, metode, kjeldebruk og forskingstradisjon.
Den realhistoriske tematikken spenner frå lange tidsliner, store område og kompliserte prosessar til avgrensa studiar av det lokale og særeigne i ein kortare tidsperiode. Gjennom studiar av historia til lokalsamfunn, store verdsimperium, revolusjonar og reformasjon, enkeltmenneske og enkeltskjebnar får studentane kunnskap om kva for metodar og teoriar ein bruker for å tileigne seg kunnskap om og til å tolke fortida. Studentane lærar seg å sjå samanhengar og ulikskap og til å reflektere over menneska sine handlingar i samfunnet, og konsekvensane av desse på kort og lang sikt. Studiet gjev innsikt i korleis historisk kunnskap blir etablert, kva som særmerker historievitskapleg forsking og formidling og kva for rolle historievitskapen har i samfunnet.
Studiet er eit heiltidsstudium på 180 studiepoeng der studentane minimum tar 100 studiepoeng med historieemne (HIS-emne). Av dei 180 studiepoenga er 60 studiepoenga valfrie. I tillegg kjem dei obligatoriske emna Examen philosophicum (10 studiepoeng) og mikroemne på til saman 10 studiepoeng.
Det er lagt til rette for utenlandsopphald i 3. og 4. semester.
Undervisninga går som hovudregel gjennom heile semesteret, det vil seie at ein får undervisning i fleire emne parallelt. Storparten av undervisninga er på campus i Tromsø, men nokre emne har berre nettbasert undervisning.
Hva lærer du?
Etter bestått studieprogram skal kandidatane ha følgande læringsutbytte:
Kunnskapar
Kandidaten:
• har brei kunnskap om norsk, samisk og internasjonal historie frå rundt år 1000 og fram til vår eiga tid
• har god innsikt i sentrale historiske tema, teoriar og forskingstradisjonar
• har brei kunnskap om sentrale kjelde- og metodespørsmål i historiefaget, mellom anna den historiske kjeldekritikken, diakron og synkron komparasjon samt periodisering av historiske utviklingsløp
• har god forståing for korleis historisk kunnskap blir etablert, kva som særmerker historievitskapleg forsking og formidling og kva for rolle historievitskapen har i samfunnet
Ferdigheiter
Kandidaten:
• kan munnleg og skriftleg gjere greie for historiske problemstillingar med bruk av relevante faglege omgrep og uttrykksformer
• kan finne fram til relevante historiske kjelder og faglitteratur
• kan referere til kjelder og faglitteratur i samsvar med fagets tradisjonar og etablerte akademiske standardar
• kan under rettleiing skrive faghistoriske tekstar av eit visst omfang, reflektere over eiga historieskriving og justere denne under rettleiing
• kan bruke digitale informasjons- og søkjeverktøy, til dømes på databasar, bibliografisk materiale og arkivmateriale
• har evne til å oppdatere historiekunnskapen sin
Generell kompetanse
Kandidaten:
• kan skriftleg og munnleg gjere greie for innhaldet i faglitteratur, for teoretiske og metodiske spørsmål samt innhaldet i kjelder av ulik art
• kan planlegge og gjennomføre eit mindre prosjekt i samsvar med akademiske tradisjonar og etiske krav
• har innsikt i metodiske og etiske problemstillingar
• kan arbeide sjølvstendig med ei problemstilling og formidle hovudpunkta både munnleg og skriftleg
• kan setje seg inn i nye problemfelt og kunne analysere saker frå fleire sider
• kjenner til akademisk argumentasjonsteknikk og kan dokumentere skriftleg arbeid på ein vitskapleg måte
Jobbmuligheter
Studiet gjev kompetanse som er relevant for arbeid i fleire bransjar og sektorar: offentleg administrasjon og forvaltning, museum og arkiv, internasjonalt arbeid, forlag/media, journalistikk, reiseliv og forsking.
Med ein bachelor i historie er det også mogleg å kvalifisere seg til stilling som bibliotekar. Føresetnaden er at ein i tillegg tar eit biblioteksfagleg årsstudium (til dømes ved UiT).
Gradsnavn
Bachelorgrad i historieVidere studier
Med bachelorgrad i historie kan du søke opptak til mastergrad i historie. Vær oppmerksam på at det er eit krav om eit karaktergjennomsnitt på C eller betre for opptak til masterstudium.
Graden er også opptaksgrunnlag til fakultetet sine tverrfaglege masterprogram i Russlandsstudier, Peace and Conflict Transformation og Indigenous Studies.
Du kan også bygge på bachelorgraden med eit årsstudium i bibliotek- og dokumentasjonsvitenskap som gir deg godkjent bibliotekarutdanning.
Relaterte yrker
Studieplan
Undervisnings- og eksamensspråk
Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men på heile eller delar av valfrie enkeltemne kan undervisningsspråket vere engelsk. Eksamensspråk er normalt norsk, men kan også vere andre skandinaviske språk. Engelsk kan etter avtale nyttast som eksamensspråk.
Undervisning og eksamen
Undervisninga er forskingsbasert og tilpassa bachelornivå, med ein kombinasjon av tradisjonelle fysiske førelesingar, nettbasert undervisning, omvendt klasserom, seminar, ekskursjonar og individuell og kollektiv rettleiing. Undervisninga går som hovudregel gjennom heile semesteret på campus i Tromsø, det vil seie at det er undervisning i fleire emne parallelt. Nokre emne, 10 studiepoeng emner på HIS-1000 nivå, har nettbasert undervisning. Kvart semester har minimum eit av HIS-emna undervisning på campus.
I studiet blir ulike læringsformer tatt i bruk. Sjølvstudium av pensum og fagstoff utgjer ein viktig del. Likeins individuelt arbeid med oppgåver og fagstoff, men også deltaking i gruppearbeid og kollokviegrupper. Gjennom ulike studentaktive læringsformer, der lesing, skriving og munnleg aktivitet inngår, utviklar vi den kritiske lesaren og den gode skribenten.
Studentane har gjennom heile studiet ein aktiv rolle i læringsprosessen: Gjennom opplæringsdelen tileignar dei seg kunnskap om historiefaget sin teori, metode og faghistorie, kunnskap dei sjølve nyttar aktivt i arbeidet med bacheloroppgåva. Oppbygginga av studiet legg til rette for fagleg refleksjon og mogning. Gjennom dei ulike undervisnings- og læringsformene får studentane høve til å fokusere fagleg og studere fleire type tema ut frå ulike tilnærmingar.
Alle historieemna har obligatoriske arbeidskrav, skriftlege og/eller munnlege, desse må vere gjennomførte og godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen. Storparten av arbeidskrava er individuelle, men det er også arbeidskrav som må løysast i gruppe. Studentane får tilbakemelding på alle arbeidskrav, saman med rettleiing stimulerer det til læring og er eksamensførebuande.
Eksamensformene er varierte, frå ulike former for skriftleg eksamen, til oppgåveskriving med og utan rettleiing og til ulike former for munnleg eksamen. Eksamen på historieemna er i regelen individuell og skal vere eit sjølvstendig arbeid. Eksamensforma er tilpassa innhaldet og karakteren til emna, og dei ulike eksamensformene er valde for å prøve studentane i ulike typar kunnskap og ferdigheiter, og for å måle studentane sitt læringsutbytte.
Eksamen blir vurdert ut frå ein karakterskala med seks trinn: A–F, der A er beste karakter og F er ikkje bestått. Ved ikkje bestått på eksamen blir det som regel gjeve tilbod om kontinuasjonseksamen i påfølgande semester.
Alle emne har sensorrettleiing til eksamen.
Det er lagt til rette for studieopphald ved eit utanlandsk universitet i tredje og/eller fjerde semester.
Før studieopphald i utlandet må 60 studiepoeng i bachelorprogrammet i historie ved UiT vere bestått. Studieprogrammet i historie har utvekslingsavtalar med fleire utanlandske universitet. I tillegg er instituttet også partnar i Nordplus-nettverket, det opnar for å studere ved mange universitet i Norden. Studentane kan også gjere seg nytte av andre avtalar med universitet verda rundt.
Studieopphald i utlandet må vere godkjent på førehand som del av studentens utdanningsplan, og det krevst at ein studerer historie eller andre relevante emne. Før utreise må studenten ha ei førehandsgodkjenning, det vil seie at faglærar hjelper studenten med å velje emne som skal godkjennast som del av studiet. Studenten søkjer om endeleg godkjenning ved UiT med dokumentasjon på bestått eksamen i dei tilrådde emna i utlandet. For oppdatert oversikt over kva for universitet studieprogrammet i historie har avtale med, sjå UiTs si nettside om studentutveksling, eller ta kontakt med internasjonal koordinator.