Fagsida for teologi ved UiT

Fagsida for teologi ved UiT

Kva er teologi?

Teologi tar utgangspunkt i den kristne gudsforståinga. Tilliks med andre religionar har også kristendommen ulike dimensjonar og uttrykk. Teologien undersøkjer difor kristendommen ut frå ulike faglege perspektiv. Kristendommen har vore ein av dei sentrale formande kreftene i utviklinga av vestleg kultur. Dette gjer studiet av kristendommens historie sentralt. Studiet av Bibelen er også uomgjengeleg for teologien. I tillegg til å vere kjelde til kristen sjølvforståing og religiøs praksis, er Bibelen også den sentrale kjelda til gudsforståinga. Spørsmålet om kven Gud er, sjølvforståinga til mennesket, om det gode og vonde, livet og livet etter døden, er alle viktige spørsmål for teologien dag – slik det alltid har vore.

Å studere teologi

Teologifaget kan inndelast i tre hovuddisiplinar. 1) Bibelfaga undersøkjer Det gamle og Det nye testamentet ved hjelp av historisk-kritiske, sosialvitskaplege og litterære metodar. 2) Kristendomshistoria studerer kristendommen gjennom historievitskaplege metodar og fokuserer på historiske endringsprosessar. 3) Den systematiske teologien tar for seg kristendommens sentrale omgrep og trusoppfattingar, og studerer deira indre samanheng i eit samtidsperspektiv. Truslære, etikk og religionsfilosofi står sentralt i den systematiske teologien. I tillegg blir den kristne religionen sett i perspektiv gjennom møte med religionsvitskaplege tilnærmingsmåtar. Teologistudiet i Tromsø vil også gje ei innføring i kristendommens nærkontekst, herunder samiske forhold. Klikk her for å lære meir om oppbygginga og gjennomføringa av bachelor og masterprogrammet.

Yrkesmoglegheiter

Master i studieretninga i teologi, kombinert med praktisk-kyrkjeleg utdanning ved Kirkelig Utdanningssenter i Nord eller tilsvarande utdanningsinstitusjon, kvalifiserer til presteteneste i Den norske kyrkja. Nokre av emna kan studerast som del av kateket- og diakonutdanning. Studieretninga i teologi kan også studerast som sjølvstendig akademisk utdanning, som kvalifiserer til arbeid innan kulturfeltet, utdanning eller andre stillingar i kyrkjeleg administrasjon.

Les også: Jobbtilboda står i kø

Studieløpet

Forutan REL-1050, REL-2005, REL-2010 og REL-2050, er også REL-1001, REL-1002, REL-1008, REL-1009, REL-1010 og REL-1011 obligatoriske. Dei fire sistnemnde emna går uregelmessig. Studentar kan kontakte instituttet for nærare informasjon.

Studentar som ønskjer å gå vidare på studieretning i teologi på mastergradsnivå med tanke på presteteneste, bør ta 30 av 60 sp. i praktisk teologi mellom bachelor og masterstudiet. Dei øvrige 30 sp. kan takast parallelt med eller etter endt masterstudium. For dei som ønskjer det, kan heile denne komponenten takast etter fullført mastergrad.


Religionsvitskap og teologi på Facebook

Studieprogram

Bachelor i teologi
Master i teologi
Årsstudium i religionsvitskap
Emneoversikt våren 2020 (PDF)

Ressursar for teologistudiet

Nordnorsk religions- og kirkehistorie
Samisk religion
Mytologi på nettet
Internet Sacred Text Archive
Religious Studies Web Guide: Electronic Images
The Journal of Religion and Film
Bibliografi for religion og film
IAHR International Association for the History of Religions

Programstyret for bachelor- og mastergradsprogram i religionsvitskap og teologi

Generell studentinformasjon

Alt om eksamen ved UiT
Oppgaveskriving (maler)
Oppgaveskriving på UB
Finn fagstoff på UB



Ansvarlig for siden: Bentz, Tore Børseth
Sist oppdatert: 28.02.2020 09:28