– Vi treng kritiske og kvalifiserte samfunnsborgarar
Island og Noreg signerte ein fornya samarbeidsavtale om arktisk forsking under årets Arctic Circle-konferanse. Avtalen sikrar òg at Nansen-professoratet, som tre forskarar ved UiT så langt har hatt, vert vidareført.
– For meg er Nansen-stillinga eit kjempehøve til å byggje vidare på dei gode banda eg allereie har og vidareutvikle dei. Men eg ønskjer òg å bruke ressursane på å dra andre inn, seier professor i statsvitskap ved UiT, Rasmus Gjedssø Bertelsen.
Bertelsen har Nansen-professoratet i dag, en gjestestilling ved universitetet i Akureyri som blei oppretta da Noreg skreiv sin første samarbeidsavtale med Island om arktisk forsking i 2011. Bertelsen er fødd i Danmark, men har budd på Island som barn og snakkar derfor islandsk og har mange band til det islandske samfunnet, forsking, næringsliv, politikk og kulturliv. Han har teke over professoratet frå UiT-professor Gunnar Rekvig som hadde det i 2019–21. Gunhild Hoogensen Gjørv, som også er professor ved UiT, hadde professoratet i 2017–19. Noko av det dei tre forskarane har til felles, er at dei jobbar med internasjonal politikk og tryggingsspørsmål. Bertelsen seier Island og Noreg har mykje til felles, med tanke på plassering og geografi.
– Nordkalott-området, Barentsregionen og Nord-Atlanteren er tryggleiks- og utanrikspolitisk avgjerande område for forholdet mellom stormaktene. Så både norsk og islandsk utanriks- og tryggingspolitikk er i stor grad forma av denne geografien, seier Bertelsen.
Bringer arktisk innsikt til resten av Europa
Han deltok på årets Arctic Circle-konferanse i Reykjavik saman med kollega Gunnar Rekvig. Saman hadde dei med seg 20 studentar som fekk støtte til å delta frå Nansen-professoratet. Fleire av dei er utvekslingsstudentar eller utanlandske gradsstudentar som kjem frå Italia, Frankrike, Spania, Tyskland, Polen.
– Eg tenkjer at det er ei heilt utruleg oppleving for dei unge menneska å få ein sånn intens introduksjon til Arktis på eit så høgt nivå. Dette er dyktige og dynamiske unge menneske som har drege til Tromsø på utveksling, og som kan bringe dei arktiske innsiktene tilbake til landa sine. Det trur eg er veldig nyttig, seier Bertelsen.
Les òg: UiT-studenter med løsninger for framtida
Markerte det gode samarbeidet
Både Bertelsen og Rekvig var til stades då statssekretær i Utanriksdepartementet, Eivind Vad Petersson og statssekretær i det islandske Utanriksdepartementet, Martin Eyjólfsson signerte ein fornya samarbeidsavtale mellom Island og Noreg som varer til 2026.
– Det er viktig å markere det gode samarbeidet mellom Island og Noreg innanfor den konteksten som er her, også gitt situasjonen i Europa. Både forskingssamarbeidet og utveksling av studentar er veldig viktig, i tillegg til at dette er eit samarbeid mellom det nordlege Island og det nordlege Noreg, seier nestleiar ved den norske ambassaden i Island, Tønnes Svanes.
Bertelsen meiner det er viktig at forskarar bidreg til å knyte Noreg og Island saman på område som er avgjerande tryggleiks- og utanrikspolitisk mellom dei to landa.
– Eg trur at sivile, uavhengige akademikarar speler ei veldig viktig rolle for å få til ein open, demokratisk, og kritisk debatt. Når det gjeld utanriks- og tryggingspolitikk, er spørsmåla så farlege at ein kan gjere seg skuldig i heilt forferdelege strategiske feil viss ein ikkje har god nok innsikt, seier Bertelsen.
– No står vi i denne heilt forferdelege situasjonen med Ukraina, der eg personleg trur at det er minst 50 prosents sjanse for russisk bruk av taktiske atomvåpen, legg han til.
Kritisk til at russerne var utestengt
Han meiner derfor at alle som studerer statsvitskap bør få ei god innføring i internasjonal politikk, fordi det gjer dei til det han kallar kritiske og kvalifiserte samfunnsborgarar.
– Dei utanriks- og tryggingspolitiske spørsmåla om nordområda er så viktige og såg farlege, og derfor er det veldig viktig at ein i Barentsregionen i vest-norden og i Europa elles har medborgarar som har innsikt nok til å tenkje kritisk og ta stilling og delta i samfunnsdebatten, seier Bertelsen.
Gjennom Nansen-professoratet kunne Bertelsen vore frikjøpt frå UiT i eitt år for å arbeide ved universitetet i Akureyri. Han har likevel valt å ha ei bistilling ved det islandske universitetet og bruke meir pengar på aktivitetar og reiser, som å støtte dei 20 studentane som også deltok på Arctic Circle. Studentane var frivillige på konferansen og fekk òg treffe studentar frå Akureyri.
– Slike møteplassar opnar dører, slår Rekvig fast.
Han er likevel kritisk til at russiske forskarar var utestengde frå konferansen, noko han òg tok opp i sesjonen han deltok på, Great power engagemeint in the Barents and West Nordic regions.
– I lys av det som skjer i Ukraina akkurat no, er det viktigare enn nokon gong å inkludere russarane i institusjonar som Arctic Circle. Er det noko ein kan vere sikker på, er det at det ikkje løyser noko ikkje å snakke med kvarandre. Det er veldig trist at Arctic Circle no blir arrangert som ein veldig tung vestleg affære, og at det landa som har den største befolkninga i Arktis i dag er ikkje til stades, seier Rekvig.
– Arctic Circle kan fremme fred
Samtidig har han ei viss forståing for utestenginga av Russland.
– Krigen i Ukraina er heilt forferdeleg. Men viss du skal komme til ei løysing, må alle partane til bordet. Og Arctic Circle er eit forum som kunne fungert for å fremje fred, seier Rekvig.
Han får støtte frå Rasmus Bertelsen:
– Det er veldig verdifullt å ha ei djup innsikt i tankegangen til motparten og interesser, noko som ikkje handlar om sympati eller naivitet eller ettergivenhet. Eg trur ein tidlegare har gjort seg skuldig i katastrofale feil fordi ein ikkje har hatt tilstrekkeleg innsikt i tankegangen til motparten, og ikkje teke på alvor det som motparten har oppfatta som eksistensielle tryggingsinteresser. Utan ei djup innsikt i interesseoppfatningane til motparten, er det veldig vanskeleg å finne ein veg utan vald og øydeleggingar, seier Bertelsen.
Les òg: UiT styrker samarbeidet i vest
-
Fiskeri- og havbruksvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Fiskeri- og havbruksvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Master of Philosophy in Visual and Multimodal Anthropology
Varighet: 2 År -
Sosialantropologi - master
Varighet: 2 År -
Arkeologi - master
Varighet: 2 År -
Peace and Conflict Transformation - master
Varighet: 2 År -
Indigenous Studies - master
Varighet: 2 År -
Human Rights Policy and Practice - master
Varighet: 2 År -
Geosciences - master
Varighet: 2 År -
Biology - master
Varighet: 2 År -
Technology and Safety in the High North - master
Varighet: 2 År -
Law of the Sea - master
Varighet: 3 Semestre -
Biologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Sosiologi - master
Varighet: 2 År -
Nordisk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Strategisk ledelse og økonomi - erfaringsbasert master
Varighet: 5 Semestre -
Samfunnsplanlegging og kulturforståelse - bachelor
Varighet: 3 År -
Sosiologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Arkeologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Spansk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Statsvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Pedagogikk - master
Varighet: 2 År -
Religionsvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Likestilling og kjønn - årsstudium
Varighet: 1 År -
Historie - bachelor
Varighet: 3 År -
Religionsvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Geologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Samfunnsplanlegging og kulturforståelse - master
Varighet: 2 År -
Kjemi - bachelor
Varighet: 3 År -
Økonomi og administrasjon - bachelor
Varighet: 3 År -
Samfunnssikkerhet og miljø - bachelor
Varighet: 3 År -
Økonomi og administrasjon, siviløkonom - master
Varighet: 2 År -
Ledelse, innovasjon og marked - bachelor
Varighet: 3 År -
Ergoterapi - bachelor
Varighet: 3 År -
Grunnskolelærerutdanning for 1.-7. trinn - master
Varighet: 5 År -
Russlandsstudier - bachelor
Varighet: 3 År -
Grunnskolelærerutdanning for 5.-10. trinn - master
Varighet: 5 År -
Samfunnssikkerhet - master
Varighet: 2 År -
Kunst - bachelor
Varighet: 3 År -
Kunsthistorie - master
Varighet: 2 År -
Musikkutøving - bachelor
Varighet: 4 År -
Religionsvitenskap - årsstudium
Varighet: 1 År -
Russisk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Romfysikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Klima og miljøovervåkning, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Samfunnsøkonomi med datavitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Sosialantropologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Organisasjonsdesign og ledelse - master
Varighet: 2 År -
Statsvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Historie - master
Varighet: 2 År