Statsbudsjettet 2023: – Me skal brette opp erma!

UiT får 1 % auke i statsbudsjettet for 2023. – Akseptabelt, men me treng modigare satsingar på sikt, seier rektor Dag Rune Olsen.

Bygningar i haustsol
Campus Breivika i Tromsø Foto: Tomas Rolland / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 06.10.22 11:33 Oppdatert: 06.10.22 15:49
Om UiT

I ei krisetid er prioriteringane knallharde. UiT seier seg passeleg fornøgd med statsbudsjettet for 2023 som vart lagt fram i dag.

Stø fart framover

UiT får 1 % auke i sitt totale budsjett, justert for prisvekst. Det vil seie at drifta held fram omtrent som tidlegare, men at UiT ikkje fekk tilslag på nokon av sine prioriterte innspel.

– Me forstår årets budsjett som at regjeringa er nøgd med jobben UiT gjer, og me ser fram til å brette opp erma og drive kunnskap, forsking og innovasjon vidare, seier rektor Dag Rune Olsen.

Han peiker på at universiteta er særs viktige for framtidas Noreg, og spesielt i nord – av tryggleikspolitiske og miljømessige årsaker. Regjeringa fann ikkje plass til UiT sine innspel og ønske for nye prosjekt, mellom anna eit flytande campus, COAT eller eit nasjonalt senter for jordobservasjon. No håper Olsen på ei større satsing på UiT og heile Nord-Noreg i åra som kjem.

– Me toler eit kvileskjer no, men om sektoren skal nå måla i den nye langtidsplanen for utdanning, og om Nord-Noreg skal halde fram som ein vital landsdel, må regjeringa investere meir framover. Då håpar me at fleire av våre innspel vert lytta til, seier Olsen.

Ny runde om universitetsmuseum

Regjeringa held fast ved at det skal kome eit nytt bygg for Noregs arktiske universitetsmuseum, men dei vil sende eit nytt oppdragsbrev kor ramma må reduserast. Museet fyller ei viktig rolle for forskingsformidling og forvaltning av naturvitskap og kulturarv.

– Når dei justerer ned ramma gjev det oss nokre utfordingar me endå ikkje veit heilt korleis me skal løyse. Men me skal snakke saman med Tromsø kommune og dei andre partane, og eg er sikker på at saman skal me få denne prosessen i gang – mot eit museumsbygg i verdsklasse, seier Olsen.

UiT har som mål at ein startløyving skal kome i 2024.

30 nye plassar på medisin

Regjeringar foreslår å gje UiT 30 nye plassar på medisinutdanninga. Noreg, og særleg Nord-Noreg, treng fleire legar, og UiT skal gjere sitt for å bøte på legemangelen, både i distrikta og i sentrale strøk.

– Dette er ei god prioritering av regjeringa. Me håpar sjølvsagt at mange av legane me utdannar vert verande i landsdelen og hjelper til med å sikre busetnad og levande bygder og byar. Saman med Helse Nord skal me styrke og vidareutvikle samarbeidet vårt og gje våre kandidatar den aller beste legeutdanninga, seier Olsen.

LES OG: UiT fekk 10 ekstra millionar til GoNorth

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 06.10.22 11:33 Oppdatert: 06.10.22 15:49
Om UiT