Forskingsrådet satsar på UiT-prosjekt

To helseprosjekt ved UiT får til saman 30 millionar kroner for å forske på kroniske underlivssmertar og korleis ein kan få ein sunn alderdom.

montasje av mange mennesker i forskjellig alder
Illustrasjonsbilete frå Tromsøundersøkinga. Foto: Edvard Kristiansen / Lars Åke Andersen / Tromsøundersøkelsen
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Publisert: 23.06.22 12:45 Oppdatert: 24.06.22 09:28
Helse og velferd Om UiT

REinventing STrategies for healthy Ageing; Recommendations and Tools (RESTART) har fått 16 millionar og skal teste korleis kommunar og frivilligheita saman kan hjelpe menneske inn i ein friskare alderdom.

Hjelp til å verte sunn

Portrett av ei kvinne
GLAD LEIAR 1: professor Sameline Grimsgaard. Foto: UiT

– Me skal rekruttere folk frå Tromsøundersøkinga som har overvekt/fedme, som sitt for mykje stille, som har auka risiko for hjarte- og karsjukdommar, og som nærmar seg pensjonsalder. Så skal me sette dei i gang med styrke- og kondisjonstrening. Etter kvart skal me òg hjelpe dei med motivering og kosthald, før me saman med Frisklivssentralen hos Tromsø kommune skal sjå på korleis dei kan finne sine aktivitetar i frivilligheita, seier leiar for prosjektet, professor Sameline Grimsgaard ved Institutt for samfunnsmedisin.

Prosjektet har som første mål å finne ut om dette er ein metode som funkar. Om han gjer det, skal dei lage ein manual som kan nyttast i heile landet.

– Det store målet er å hjelpe folk finne aktivitetar dei likar og som hjelpar dei gå ein sunnare alderdom i møte, seier Grimsgaard.

Meistring av kroniske smerter

Det andre UiT-prosjektet, Chronic pelvic pain - replacing ignorance with competence, har fått 14 millionar for å sjå på eit underforska og underdiagnostisert problem: kroniske underlivssmerter.

portrett av ei kvinne
GLAD LEIAR 2: professor Heidi Tiller. Foto: UiT

Heidi Tiller er professor ved Institutt for klinisk medisin og leiar prosjektet.

– Me skal bruke data frå Tromsøundersøkinga, Helseundersøkinga i Trøndelag og ungdomsundersøkinga Fit Futures, og rett og slett sjå kor vanleg det er, og hos menn, seier ho.

Tiller seier dei skal lage eit betre diagnostisk verktøy for å auke medvitet om det som er eit ganske vanleg problem som for få søkjer, og får, hjelp med. Samstundes skal dei undersøkje meistringsstrategiar og livskvalitet for dei det gjeld. Prosjektet samarbeider òg med NAV.

UiT er og ein betydeleg partnar i prosjektet H-AMR-Diag: Novel technological solutions for rapid detection and screening of AMR from a One-Health perspective hos Høgskulen på Innlandet. Prosjektet handlar om antibiotikaresistens og har fått nesten 16 millionar i utdelinga.

Glad prorektor

Prorektor for forsking og utvikling ved UiT, Camilla Brekke, er særs glad for tildelinga:

– Dette er ei anerkjenning av at me på UiT har framifrå fagmiljø på helseforsking, seier ho.

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol seier i ei pressemelding frå Forskingsrådet at forsking og innovasjon er avgjerande for ein god og økonomisk berekraftig helseteneste i framtida:

– Eg synest det er viktig å investere i kunnskap og løysingar som vil komme til nytte både for befolkninga, pasientane og for alle dei dyktige fagfolka som jobbar i helsetenesta. Ikkje minst er eg glad for at vi satsar på viktige prosjekt som skal forske på kvinnehelse, seier ho.

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Publisert: 23.06.22 12:45 Oppdatert: 24.06.22 09:28
Helse og velferd Om UiT
Vi anbefaler