Det store ingenting og polarrev med rabies
Formidlingsekspedisjonen skal krysse Grønland, ta vassprøver og få folks auge retta mot Arktis. Undervegs må dei unngå bresprekkar, takle tomheit og helde seg unna polarrev.
19. mai startar ekspedisjonen Over den store bre frå Illusat i Grønland. Målet er austkysten, og undervegs skal dei formidle norsk og grønlandsk polarhistorie, ekspedisjonsglede og arktisk vitskap.
Ekspedisjonsmedlem Kunuk Lennert er avdelingsingeniør og dykkar ved Fakultet for biovitskap, fiskeri og økonomi på UiT. Han er grønlendar og tidlegare medlem i Siriuspatruljen, den danske forsvarseininga som overvaker verdas største nasjonalpark i Nord- og Østgrønland.
– Me skal inn i dei områda kor eg tenestegjorde, så på eit vis er eg ein kjentmann for ekspedisjonen. Fleire andre på turen har vore på Grønland før, men eg er den som kjenner i områda mot aust og langs austkysten absolutt best, seier Lennert.
Ekspedisjonsleiar Harald Dag Jølle er polarhistorikar ved Norsk Polarinstitutt og UiT. Han meiner det er essensielt å ha med seg brei erfaring og kompetanse på turen:
– Me er fjellklatrar, historikarar, skredekspertar, skiløparar, kokkar og så vidare. Kunuk si erfaring og kunnskap frå Grønland viktig, og er med på å gje oss kompletterande kompetanse i teamet, seier han.
Det store ingenting
På den drygt 1500 kilometer lange turen vil ekspedisjonen bevege seg gjennom enorme område. I dei første tre vekene skal dei krysse kvite, uendelege vidder oppå opp mot 3000 meter tjukk innlandsis. Heilt fullt av ingenting.
– Det som møter oss er først og fremst fantastisk natur. Og absolutt ingen menneske. Det er jo det fascinerande. Det er verkeleg ingen der, anna enn forskarane på forskingsstasjonen Eastgrip og dei 12 soldatane frå det danske forsvaret, seier Lennert.
Ekspedisjonen kan på mange vis delast i to. Den første delen over innlandsisen skal dei kite på ski, og i potensielt høge hastigheiter på over 30 km/t må dei unngå å køyre inn i områdar med bresprekker. Lennert fortel at dei har studert satellittbilete av ruta saman med ekspertar, så dei kan køyre utanom dei farlege områda.
Vêret er alltid ein faktor i ekspedisjonar, og denne turen er inkje unntak. Når ein nyttar kite som framkomstmiddel, er både alt for mykje eller alt for lite vind ei bekymring, spesielt når ein skal reise over så store avstandar.
– Men det fine med å kite er at om ein er vêrfast, så betyr det oftast at det er vindstille og fint vêr. Så det er kanskje ikkje så ille likevel, seier ekspedisjonsleiar Jølle.
Dei sju ekspedisjonsdeltakarane skal dele to telt og må leve tett på kvarannan i vekevis. Det kan sjølvsagt vere ei utfording, men gjengen har vore på to prøveturar denne vinteren. Dessutan har fleire av deltakarane vore på langtur saman før, mellom anna då Jølle og Vegard Ulvang gjekk til Sydpolen i 2011.
– Me kjenner nok kvarandre sine gode og dårlege sider godt, så eg er ikkje bekymra, seier Jølle.
I kajakk langs kysten
Når ekspedisjonen når den danske militærbasen Daneborg på nord-austkysten av Grønland, startar andre del av ekspedisjonen, sørover langs kysten i kajakk. Ein veit ikkje kor langt våren er komen på det tidpunktet, og her må dei nok somme tider dra kajakkane med pulk om dei møter mykje fjordis. Men det er og andre ting dei kan møte:
– Der kan me kome over både isbjørn, moskus og kvalross, som me av naturlege årsaker må ha
lde oss unna. Faktisk må me òg passe oss for polarrev som kan ha rabies, forklarar Lennert.
Dei må bere våpen til ei kvar tid, og dei har òg med spesiell ammunisjon for å skremme isbjørn. Lennert meiner dei er godt førebudd og klar for det som møter dei. Han trur derfor ikkje at turen vil gje dei store vanskar, tøft klima og stor påkjenning til tross:
– Det er ikkje farlegare enn å sykle i Tromsø, seier han.
Papirmølla krev sitt
Lennert sine førebuingar har handla mykje om toll og løyve. Grønland krev naturleg nok mange fullmakter for all ferdsel i nasjonalparken, og papirmølla for å ta våpen ut av Noreg og inn i Grønland og tilbake igjen er omfattande. Dei kan ikkje ta med ammunisjon på fly, så isbjørn-ammunisjonen måtte dei få skipa opp på førehand. Undervegs skal dei ta snø- og isprøver for forskarane på Eastgrip og vassprøver for miljøforskarar på Noregs Fiskerihøgskule, med alt det inneber av protokollar og handsaming av prøvane. Men no er alt løyst og godt førebudd, saman med hundrevis av andre logistikkproblem.
– No gleder eg berre meg ekstremt mykje til å kome av gårde. Til å sjå at alt arbeidet me alle har lagt ned endeleg ber frukt, seier Lennert.
LES MEIR: Følg ekspedisjonen dag for dag på Harald Dag Jølle sin ekspedisjonsdagbok.
-
Fiskeri- og havbruksvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Fiskeri- og havbruksvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Akvamedisin - master
Varighet: 5 År -
Arkeologi - master
Varighet: 2 År -
Peace and Conflict Transformation - master
Varighet: 2 År -
Computer Science - master
Varighet: 2 År -
Geosciences - master
Varighet: 2 År -
Biology - master
Varighet: 2 År -
Technology and Safety in the High North - master
Varighet: 2 År -
Law of the Sea - master
Varighet: 3 Semestre -
Biologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Nordisk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Historie - årsstudium
Varighet: 1 År -
Engelsk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Arkeologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Religionsvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, datamaskinsystemer - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Allmenn litteraturvitenskap - årsstudium
Varighet: 1 År -
Likestilling og kjønn - årsstudium
Varighet: 1 År -
Historie - bachelor
Varighet: 3 År -
Religionsvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Geologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Kjemi - bachelor
Varighet: 3 År -
Samfunnssikkerhet og miljø - bachelor
Varighet: 3 År -
Russlandsstudier - bachelor
Varighet: 3 År -
Samfunnssikkerhet - master
Varighet: 2 År -
Kunst - bachelor
Varighet: 3 År -
Kunsthistorie - master
Varighet: 2 År -
Farmasi - master
Varighet: 2 År -
Religionsvitenskap - årsstudium
Varighet: 1 År -
Romfysikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Klima og miljøovervåkning, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Sosialantropologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Bærekraftig teknologi, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Historie - master
Varighet: 2 År -
Russlandsstudier - master
Varighet: 2 År -
Filosofi - master
Varighet: 2 År -
Anvendt fysikk og matematikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Barnevernsarbeid - master
Varighet: 2 År -
Forfatterstudium 2 - årsstudium
Varighet: 1 År -
Fine Art - master
Varighet: 2 År -
Barnevern - bachelor
Varighet: 3 År -
Arctic Nature Guide - one year programme
Varighet: 1 År -
Sosialt arbeid - bachelor
Varighet: 3 År -
Arktisk friluftsliv og naturguiding - bachelor
Varighet: 3 År -
Arktisk friluftsliv - årsstudium
Varighet: 1 År -
Grunnskolelærerutdanning for 1.-7. trinn - master
Varighet: 5 År -
Kunsthistorie - nettbasert førstesemesterstudium
Varighet: 1 Semestre -
Kunsthistorie - årsstudium
Varighet: 1 År