Skal få samiske rettar inn i helse- og sosialutdanningane
UiT har laga ein ny nasjonal læringsressurs om samar sine rettar som kan nyttast av utdanningar i heile Noreg. Betre tenester og meir kunnskapsrike helse- og sosialarbeidarar er målet.
«Læringsaktivitetar om samiske rettar i helse- og sosialtenestene» er namnet den nye ressursen UiT har utvikla for utdanningar i heile Noreg. Den skal gje studentar i helse- og sosialfag betre kjennskap til samiske samfunn, kultur, historie og ikkje minst, samars rettar i møte med helsevesenet.
UiT tok utfordringa
I 2017 kom kunnskapsdepartementet (KD) med ei ny forskrift om felles rammeplan i helse- og sosialfagutdanningar. Eit av dei tolv krava om felles læringsutbytte ved utdanningane, er at alle sosial- og helsefagstudentar i heile Noreg skal «kjenne til samars rettar, og ha kunnskap om og forståing for samanes status som urfolk».
Det handlar om pasienttryggleik.
Her måtte universiteta trå til, og da var det naturleg at eit universitet i Sápmi tok føringa. UiT satt saman ei fagleg brei gruppe som har jobba i 2,5 år med å svare på krava frå KD. Det fanst ingenting frå før, så dei starta heilt frå null. No er læringsressursen klar til å verte tatt i bruk i all høgre utdanning i Noreg.
Prorektor for utdanning ved UiT, Kathrine Tveiterås er stolt over arbeidet som er gjort:
– Med vår fagkunnskap om samiske språk og kulturar skulle det berre mangle at det er UiT som har tatt ansvaret med å utvikle modulane. Læringsressursen er viktig for å sikre at alle som utdannar seg innan helse- og sosialfag får den nødvendige kompetansen, seier ho.
Tverrfagleg og fleksibel
Modulen skal kunne brukast på minst 20 ulike utdanningar i fagfeltet, i alt frå medisin og sjukepleie til psykologi, sosionom, ernæring og ergoterapi. Den er derfor framfor alt fleksibel, der institusjonane sjølve skal kunne hente ut dei delane dei treng til sine utdanningar og fag – gjerne slik at studentane bruker ressursen fleire gonger i løpet av studieforløpet.
Arbeidsgruppa har knytt inn eksterne ressursar som podcastar frå NRK, youtubevideoar frå andre institusjonar som til dømes Mental helse og Senter for nordlege folk, og dei har òg laga film sjølve. Dei har til og med laga ein kahoot. Om ein bruker alle ressursane frå start til slutt, er det kanskje snakk om ei heil veke med undervisning og gruppeoppgåver.
Framleis store kunnskapshol
Ann Ragnhild Broderstad har leia utviklingsarbeidet. Ho er overlege ved Universitetssjukehuset Nord-Norge (UNN) og fagleg leiar for Senter for samisk helseforsking (SSHF) ved UiT.
– Me håper jo at det skal verte spennande og artig for studentane å bruke ressursen. Men og utfordrande og litt vondt, seier Broderstad.
– Vondt?
– Ja, på nokre områder treng me ei oppvakning. Sjølv i dag opplever samisk pasientar mykje uforstand i norsk helsevesen, kor samisk mistolkast som babling eller forvirring. Det er framleis store kunnskapshol, og det må me gjere noko med, seier ho.
Meir kunnskap og sensitivitet for samanes rettar og historie i helsevesenet har vore etterlyst lenge. I møtet mellom pasient og helsearbeidarar er kommunikasjon sentralt, og samiske pasientar har vore møtt med stereotypiar, dei har måtte vere tolk for eiga familie, og ein er redd for at samar kan ha auka risiko for feilbehandling på grunn av dårleg kommunikasjon. Ein kan og sjå at samar kan snakke om eiga helse på andre, meir indirekte måtar. Fornorskinga har òg skapt eit intergenerasjonelt traume, som gjer at nokre kan vere skeptiske til helsevesenet.
Runar Myrnes Balto (NSR) er sametingsråd med ansvar for helse, og meiner helsevesenet må få betre forståing for samanes historie og situasjon i dag.
– Det handlar om pasienttryggleik. Ein fastlege kan slite med å forstå ein samisk pasient språkleg, men det kan òg ligge kulturelle barrierar i vegen. Enkelte ting blir kanskje ikkje kommuniserte direkte, og då bør legen vite kva spørsmål ein bør stille. For ein som går til psykolog er det heilt nødvendig at ein blir møtt med nokon som skjønner kva ein snakkar om, så pasienten ikkje må drive samfunnsfagsopplæring, seier han.
Har mangla samiske perspektiv i utdanninga
– Eigentleg er historia om dette faget like lang som historia til UiT, seier Ann Ragnhild Broderstad.
Eit av argumenta for å opprette eit universitet i Tromsø, var å gje betre utdanningsmoglegheiter i nord og blant samisk ungdom. UiT Noregs arktiske universitet har i 50 år forska og bygga opp mykje undervisning om samiske samfunn, kultur, språk og kvardag, i mange fagfelt.
Arbeidsgruppa
- Ann Ragnhild Broderstad Forskar, fagleg leiar Senter for samisk helseforsking, og overlege UNN
- Inger Dagsvold Prosjektleiar trinn 1, SAMINOR 3, Senter for samisk helseforsking
- Bodil Hansen Blix Professor, Institutt for helse- og omsorgsfag
- Ingrid Petrikke Olsen Førsteamanuensis, Tverrfagleg distriktsmedisinsk forskingsgruppe, og overlege Finnmarkssjukehuset
- Ann-Mari Andersen Førstelektor, Institutt for barnevern og sosialt arbeid
- Trine Glad Seniorrådgjever, Seksjon for forsking, utdanning og formidling Helsefak
- Áigin Magnus Fjellheim Sarre Medisinstudent kull 2018
- Iselin Caroline Finn Rådgjever, Seksjon for forsking, utdanning og formidling Helsefak / Senter for samisk helseforskning
– UiT har vore kjempedyktig, men ein har kanskje ikkje vore like god på å få samiske perspektiv og kunnskap om samiske rettar inn i helse- og sosialutdanningane, seier Broderstad.
– Det har vore litt tilfeldig korleis og kor mykje undervisning og kunnskap om samisk kultur som har vore i utdanningane. Det har rett og slett mangla ein overordna plan og læringsressursar, fortset ho.
Eit løft
Læringsressursen vert gratis tilgjengeleg for alle universitet i Noreg gjennom ei felles bank kor institusjonane deler ressursar. Slik gjer ein felles løft på mange fagfelt. Opne ressursar er kjempeviktig for heile sektoren, forklarer Kathrine Tveiterås:
– Eg er kjempestolt over våre fagmiljø som har gjort jobben, og eg trur det kan tene som modell for utvikling av fleire delte læringsressursar i tida framover, seier prorektoren.
Sametingsråd Balto håper arbeidet deira vil løfte kompetansen om rettane og behova til samiske pasientar blant helse- og sosialarbeidarane i framtida:
– Det kan bidra til ei meir likeverdig helseteneste, der samiske pasientar blir møtt med forståing og moglegheit til å kommunisere på sitt eige språk. Sametinget har jobba lenge med å legge til rette for eit slikt kompetanseløft, og me er glade for at læringsressursen no er på plass, seier han.
Komplekse situasjonar
Som alle folkeslag er samane ei heterogen gruppe og det er alltid ei fare for å generalisere når ein skal inn i pasientsituasjonar. Men ein har krav til å få hjelp på morsmålet sitt, og dessutan ser ein at i krisar og ved trussel mot liv og helse kan språkkompetanse svekkast. Då må ein kunne ta nødvendige grep, skaffe tolk og vere bevisst eiga kommunikasjon. Det er helse- eller sosialarbeidaren som har ansvaret for at pasientane får eit godt tilbod som er tilrettelagd dei.
Fornorskinga har og gjort at nokre samar held bakgrunnen sin hemmeleg for alle, til og med eigne barn og barnebarn. Dei har skamma seg over å vere samiske.
– Det kan oppstå situasjonar kor til dømes ein eldre slagpasient tek til å snakke sin barndoms samiske språk, etter å ha heldt bakgrunnen sin skjult i 60–70 år. Då kan du få sterke reaksjonar frå pårørande, sinna ektefellar og barn som ikkje veit at dei er samiske. Kva gjer du då, spør Broderstad.
Kan nyttast i andre samanhengar
Ressursen har òg verdi utanfor samiske miljø, og kan nyttast til opplæring for alle situasjonar kor helse- og sosialarbeidarar møter menneske med eit anna morsmål eller kulturell bakgrunn enn norsk. Til dømes korleis ein jobbar saman med ein tolk.
Om du ikkje er student og møter modulen i studiane dine, er mykje av innhaldet opent tilgjengeleg på Reaidu, UiT sin opne nettressurs om samisk historie, samfunn og kultur. Her finn du faginnhold som kan nyttast i mange fagfelt og utdanningar.
No håper Broderstad at modulen vert tatt i bruk, så den får bryne seg på verkelegheita:
– Den er ikkje ferdig, og det vert den kanskje aldri. Folk må bruke den og gje oss tilbakemeldingar, så kan me gjere den enda betre. Det er til vårt felles beste, seier ho.
Forskrift om felles rammeplan for helse- og sosialfagutdanninger
§2 del 5:
[kandidaten] har kunnskap om og forholder seg til helse- og sosialpolitikk og kan anvende oppdatert kunnskap om helse- og velferdssystemet, lover, regelverk og veiledere i sin tjenesteutøvelse. Kandidaten skal også kjenne til samers rettigheter, og ha kunnskap om og forståelse for samenes status som urfolk.
-
Fiskeri- og havbruksvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Fiskeri- og havbruksvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Master of Philosophy in Visual and Multimodal Anthropology
Varighet: 2 År -
Sosialantropologi - master
Varighet: 2 År -
Arkeologi - master
Varighet: 2 År -
Peace and Conflict Transformation - master
Varighet: 2 År -
Indigenous Studies - master
Varighet: 2 År -
Human Rights Policy and Practice - master
Varighet: 2 År -
Technology and Safety in the High North - master
Varighet: 2 År -
Sosiologi - master
Varighet: 2 År -
Strategisk ledelse og økonomi - erfaringsbasert master
Varighet: 5 Semestre -
Samfunnsplanlegging og kulturforståelse - bachelor
Varighet: 3 År -
Sosiologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Arkeologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Spansk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Statsvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Pedagogikk - master
Varighet: 2 År -
Likestilling og kjønn - årsstudium
Varighet: 1 År -
Samfunnsplanlegging og kulturforståelse - master
Varighet: 2 År -
Økonomi og administrasjon - bachelor
Varighet: 3 År -
Samfunnssikkerhet og miljø - bachelor
Varighet: 3 År -
Økonomi og administrasjon, siviløkonom - master
Varighet: 2 År -
Ledelse, innovasjon og marked - bachelor
Varighet: 3 År -
Ergoterapi - bachelor
Varighet: 3 År -
Grunnskolelærerutdanning for 1.-7. trinn - master
Varighet: 5 År -
Grunnskolelærerutdanning for 5.-10. trinn - master
Varighet: 5 År -
Samfunnssikkerhet - master
Varighet: 2 År -
Kunst - bachelor
Varighet: 3 År -
Kunsthistorie - master
Varighet: 2 År -
Musikkutøving - bachelor
Varighet: 4 År -
Religionsvitenskap - årsstudium
Varighet: 1 År -
Russisk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Samfunnsøkonomi med datavitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Sosialantropologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Organisasjonsdesign og ledelse - master
Varighet: 2 År -
Statsvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Historie - master
Varighet: 2 År -
Kunsthistorie - bachelor
Varighet: 3 År -
Tysk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Russlandsstudier - master
Varighet: 2 År -
Filosofi - bachelor
Varighet: 3 År -
Kvensk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Barnehagelærer - bachelor
Varighet: 3 År -
Forfatterstudium 2 - årsstudium
Varighet: 1 År -
Sosialt arbeid - bachelor
Varighet: 3 År -
Bedriftsøkonomi - årsstudium (nettbasert)
Varighet: 1 År -
Ledelse - årsstudium (nettbasert)
Varighet: 1 År -
Sosialt arbeid - master
Varighet: 2 År -
Ledelse, innovasjon og marked - master
Varighet: 2 År -
Governance and Entrepreneurship in Northern and Indigenous Areas - master
Varighet: 4 År