Innovasjon for framtida

UiT Noregs arktiske universitet deltar også i år på Arctic Innovation Week (AIW). Frå 18. til 24. oktober arrangerast det ei rekke ulike fysiske og digitale arrangement i heile Nord-Noreg, alle med mål om å «ta tre steg fram».

To studentar i ein lab.
Innovasjon i praksis? Frå IVT hjå UiT Narvik. Foto: David Jensen
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 14.10.21 08:15 Oppdatert: 15.10.21 14:34
Bærekraft Om UiT Samfunn og demokrati Studentliv / Studier Teknologi Økonomi

UiT Start skal finne UiTs beste leiar, det vert frukostmøte mellom studentar og næringsliv, UiT Narvik skal presentera ny forsking, og studentane skal få sjå korleis dei kan studera og samtidig skape noko eige. Det er mykje å velge i frå UiT under Arctic Innovation Week, eit arrangement som tar for seg nokre av kjernesakene til universitetsleiinga.

Portrett av rektor Dag Rune Olsen
Rektor Dag Rune Olsen Foto: David Jensen/UiT

 – Innovasjon og kontakt mellom næringslivet og universitetet er essensielt for at me skal klare dei store omstillingane vi står ovanfor, seier rektor Dag Rune Olsen.

– Nord må være i front for endringar i økonomi, klima og samfunn, og då treng me både dei unge og dei gamle innovatørane som kan tenke nytt og faktisk endre verda, fortsett han.

Les meir: Slik gjekk Lederjakten 2020

Arctic Innovation Week er eit opent program i regi av Innovasjon Norge. Uka opnes på Framsenteret 18. oktober.

UiT deltar med program for både studentar, tilsette og alle andre som vil vera med. Andre arrangørar er mellom anna Arctic Frontiers, Norinnova, Troms og Finnmark fylkeskommune, DNB, Sparebank1 Nord-Norge, NHO, SINTEF, KSAT og Ungt Entreprenørskap. Fleire tilsette frå UiT Noregs arktiske universitet medverkar på andre arrangement. Du kan sjå heile programmet på Arctic Innowation week si heimeside.

AIW-arrangement frå UiT

Lederjakten 2021 | Start UiT: Er du UiTs beste leder? I Lederjakten skal studentar frå UiT konkurrera om tittelen "UiTs beste leder".

Studentar og forskarar i møte med næringslivet – eksempel til inspirasjon. Frukostmøte på DRIV i Tromsø.

Unge tilsette presenterar spennande prosjekt og forsking frå UiT. Bli bettre kjend med UiT i Narvik.

Studentinnovasjon: Korleis gjer me det? Korleis er det mogleg å være student og samtidig skape noko eige? Pizza og spennande historier frå gründerar.

Entreprenørskapsfondet ved UIT – presentasjon. Eit arrangement for studentar ved UiT som har søkt Entreprenørskapsfondet.

Endret 15.10.21: Arrangementet som rektor skulle delta på vart avlyst, så det er fjerna frå teksten.

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Vi anbefaler