Korleis endrar høgreekstreme haldningar rammene for god kjønnsforsking?

I nokre land er kjønnsforsking under sterkt press og i fare for å bli borte ved universiteta som følgje av at høgrepopulisme og antifeministiske idear er på frammarsj.

Solhaug, Randi Merete
Publisert: 11.11.19 09:26 Oppdatert: 11.11.19 09:43

Elzbieta Korolczuk
Elzbieta Korolczuk. Foto: privat

I Ungarn har til dømes kjønnsstudiar vorte lagt ned etter at ei høgrepopulistisk regjering kom til makta. Ungararar kan difor ikkje lenger studere kjønnsstudiar i heimlandet. Både i Polen, Tsjekkia og Russland mister dessutan kjønnsforskarar både økonomisk og politisk støtte.

Høgrepopulisme i øst er difor ein trussel mot kjønnsforsking, og teoriar om kjønn er ikkje ønska. 

Sosiolog Elżbieta Korolczuk ved Södertörn University/ Universitetet i Warzawa kommer til å ta opp dette temaet når ho denne veka kjem til UiT og konferansen Kjønnsforsking NÅ! Korolczuk skal halde foredrag om opposisjon mot feminisme og bruk av omgrepet ”gender”, og korleis høgreekstreme haldningar endrar rammene for god kjønnsforsking.

Dagsaktuelle tema

Hege Kristin Andreassen
Hege Kristin Andreassen. Foto: UiT

Foredraget til Elżbieta Korolczuk er eit av to hovudforedrag som er opne for alle under konferansen. Det andre hovudforedraget vert held av Katy Deepwell, som er professor i samtidskunst, teori og kritikk ved Middlesex University.

– Det handlar om ulike former for feminisme og med et spesielt fokus på kva for ein plass kunsten har i kvinne- og kjønnsforskinga, seier leiar ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking, Hege Kristin Andreassen.

– Dessutan skal vi sjølvsagt løfte fram det arktiske og vår nordlege historie med eit foredrag og ei omvising på Polarmuseet si utstilling ”Wanny og Henry; Fangstliv i Arktis”. Denne er berre for påmeldte, legg ho til.

Les meir: Også eventyrlystne kvinner reiste på fangst i Arktis

Nasjonal konferanse

Konferansen vert arrangert anna kvar år, og ansvaret går på rundgang mellom sentre for kjønnsforsking ved universiteta i Noreg. I år er det difor Senter for kvinne- og kjønnsforsking ved UiT som er vertskap, fortel Andreassen:

– Det er ein nasjonal konferanse så deltakerane er hovudsakleg frå Noreg, men vi har også deltakarar og innleiarar frå England, Polen og Sverige. Til saman er det 77 påmeldte.

Arrangøren ser på konferansen som ei form for kunnskapsallmenning, samt ein arena for oppdatering og diskusjon og for å bli kjent med ny forsking og nye forskarar. Den er også en møteplass for nettverksbygging og et rom for å diskutere økt faglig samarbeid, spesielt utvikling av nye forskingsprosjekt.

Sjå òg: Årets prisvinnarar i kjønnsforsking

Solhaug, Randi Merete
Publisert: 11.11.19 09:26 Oppdatert: 11.11.19 09:43
Vi anbefaler