Omorganisering av fag og campusar: Dette skjer vidare

Universitetsdirektøren vil utgreie moglegheita for campusadministrasjonar i Alta og Harstad. Begge stader skal det vere regionale viserektorar som inngår i toppleiinga.
Solhaug, Randi Merete
Publisert: 05.07.17 00:00 Oppdatert: 21.12.17 15:17

Fungerande universitetsdirektør Jørgen Fossland. Foto: Randi Solhaug

Torsdag 29. juni vedtok universitetsstyret at UiT skal redusere talet på fakultet frå åtte til seks. Saka har skapt ein del uro både før og etter vedtaket, og no er det fleire som lurar på kva som skjer vidare.

– No startar mellom anna arbeidet med å etablere overgangsordningar for fakultetsstyra som skal sikre at de samanslåtte fakulteta har representasjon i første styreperiode. Leiarstillingar må også lysast ut denne hausten, mellom anna dei fleste dekanstillingane. Styrets vedtak tyder vidare at vi må sjå på instruksane for desse leiarstillingane, fortel fungerande universitetsdirektør Jørgen Fossland.

Må ha støttefunksjonar

Styrevedtaket tyder mellom anna at Fakultet for idrett, reiseliv og sosialfag (IRS) ikkje er fakultet frå 1.1.2018., og at Avdeling for vernepleie i Harstad skal innplasserast ved Det helsevitskaplege fakultet . 

Forskings- og undervisingsaktivitetane i Alta og Harstad vil halde fram som før, sjølv om det ikkje er eigne fakultet der. Administrativt er det likevel nødvendig å ha ein funksjon som bind dei ulike forskings- og utdanningsmiljøa saman.

– Vi ser at det er behov for å ha ein felles administrasjon for fagleg verksemd i Alta og Harstad. Ein del viktige støttefunksjonar og primæroppgåver må oppretthaldast, og vi vil i løpet av hausten finne ei løysing på det. Det kan til dømes vere å ha eigne campusadministrasjonea leidde av ein campusdirektør, noko vi vil gå i gang med å utgreie moglegheita for, fortell Fossland.

Universitetsdirektøren understrekar samstundes at dette er noko ein også må sjå i samanheng med den administrative omstillinga som UiT no er midt inne i (Adm2020).

To viserektorar i toppleiinga

Det som er sikkert, er at det kjem til å sitje eigne viserektorar i Harstad og Alta. Begge viserektorstillingane skal lysast ut denne hausten. 

Ifølgje styrevedtaket skal stillingane inngå i toppleiinga ved universitetet og ha eit regionalt ansvar for (det som i dag er) Finnmark og Nord-Troms, og Sør-Troms og Nordland.

– Det er nytt for oss med regionale viserektorar, og framlegget om å opprette desse stillingane kom mellom anna som følgje av at UiT har erfart at det er behov for meir samordning på campusa utanfor Tromsø, og at vi treng å vere sterkare tilstades i regionane, påpeiker Jørgen Fossland.

Utgreier Kunstfak vidare

Eit anna punkt i styrevedtaket var at Det kunstfaglege fakultet frå årsskiftet opphøyrer som fakultet. Men styret gjorde ikkje eit endeleg vedtak på kvar det skal innplasserast i organisasjonen. Det skal dei bestemme på eit av styremøta i haust.

Universitetsdirektøren har gjort framlegg om å slå Kunstfak saman med Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning (HSL-fak), men eit anna framlegg som kom i høyringsrunden, er at Tromsø Museum - Universitetsmuseet og Det kunstfaglege fakultet kan inngå i ei eiga samanslått eining. Framlegget har ikkje vore utgreidd tidlegare.

– Styret har bede om ei utgreiing på kvar Kunstfak bør plasserast, og der samanslåing av TMU og HSL-fakultetet blir vurdert som alternativ. Vi må no lage eit mandat for utgreiinga og setje saman eit utval snarast mogleg, avsluttar Fossland.

Les meir om omorganisering av fag og campus ved UiT

Solhaug, Randi Merete
Publisert: 05.07.17 00:00 Oppdatert: 21.12.17 15:17
Vi anbefaler