Senter for framifrå utdanning opna
I dag er det stor opning av ProTed - Senter for framifrå utdanning. Senteret er det første i sitt slag i Noreg og er eit samarbeid mellom universiteta i Oslo og Tromsø. Opninga går difor føre seg begge stader - med tovegs lyd- og biletoverføring.
Noko av det unike - men også utfordrande - med senteret, er samarbeidet mellom to institusjonar langt frå kvarandre geografisk. Men på opningsdagen var det nærleik og ikkje distansen som prega stemninga mellom dei to videooverførande samarbeidspartane.
![]() |
| Siw Skrøvset og Ingrid Bjørnsdatter Wikeland presenterte den nye læreboka Utdanningslære. Alle foto: Sigrun Høgetveit Berg |
Helsingstaler og gode døme
Etter ein opningssesjon frå Universitetet i Oslo, med helsingar frå mellom andre Kunnskapsdepartementet, NOKUT, Utdanningsdirektoratet og forskingsrådet, tok Universitetet i Tromsø over og synte fram forskingsprosjekt, forskingsbasert undervisning, studentmedverkande lærebokskriving - og ikkje minst fornøgde studentar frå den femårige piloten; masterlærarutdannninga. Alt dette døme på kva som har kome ut av satsinga på lærarutdanning i Tromsø - med Pilot i Nord og universitetsskolesamarbeidet, begge medverkande til at ProTed vart utnemnd til det første Senter for framifrå utdanning.
Lærarutdanning i internasjonalt perspektiv
Etter lønsj held opninga fram med innlegg frå professor Sven-Erik Hansén frå Åbo Akademi og professor Ian Menter frå Oxford University - og student Mari Bjørnsdotter Vinjar som skal prate om "Derfor internasjonalisering!".
Opningsseminaret blir avslutta med innlegg med fleire døme frå norsk lærarutdanning. Les heile programmet her.
![]() |
![]() |
| Prosjektleiar Wenche Jakobsen og sudentane Fredrik Aronsen og Marte Skrivervik delte erfaringar frå den nye lærarmasterutdanninga. | Opningsseminaret blir videooverført mellom Tromsø og Oslo. Instituttleiar Sonni Olsen på Institutt for lærarutdanning og pedagogikk leier seansen i Tromsø. |
Les også:
- Forsking i universitetsskolane gjev tredobbel utteljing
- Skal forske på digital mobbing
- Dei nye lærarutdanningane satsar på praksis
.jpg)
.jpg)
.jpg)


