No startar valkampen – kven får di stemme?

I mai skal vi velgje nye representantar til universitetsstyret, og no har du sjansen til å påverke kven det blir.

Fargerik tegning som viser tre personer som står med stemmesedler ved en valgurne.
Sett deg inn i kva kandiatane står for og stem på favoritten din. Foto: Mostphotos
Portrettbilde av Aaraas, Elisabet
Aaraas, Elisabet elisabet.aaraas@uit.no Senior kommunikasjonsrådgiver
Publisert: 08.05.25 15:30 Oppdatert: 08.05.25 17:16
Om UiT

Universitetsstyret er det øvste styringsorganet ved UiT, og her blir det teke avgjerder som påverkar både arbeidskvardagen din og framtida til universitetet.

Denne gong skal det veljast til saman fire representantar frå undervisnings- og forskningsstillingar og ein representant frå teknisk/administrative stillingar. 

Heile 30 kandidatar stiller til val, ei auke frå 24 nominerte i 2021.  

– Det er svært gledeleg at så mange ønskjer å bidra til styringa av universitetet vårt, seier Troy Saghaug Broderstad.

Troy Saghaug Broderstad
Fornøyd leiar av valstyret, Troy Saghaug Broderstad. Foto: Kjetil Rydland

– Få eit ord med i laget! 

Broderstad leiar valstyret og meiner det er viktig at dei tilsette bruker stemmeretten sin.  

– Vi håper at så mange som mogleg no grip sjansen til å få eit ord med i laget, seier han.  

– Demokratiet, også på universitetet, fungerer best når det er reell konkurranse om kven som skal bestemme. 

Bli kjent med kandidatane 

Sjølve valet går føre seg frå 21. til 28. mai, men først er det valkamp.

Du kan lese om kandidatane og kva dei vil arbeide for her.

19. mai kan du møte kandidatane og stille spørsmål i digitale valmøter på Teams. Følg med på Tavla for meir informasjon!   


Kortnytt fra Universitetsledelsen
Aaraas, Elisabet elisabet.aaraas@uit.no Senior kommunikasjonsrådgiver