UiT og NArFU vidarefører samarbeidet

Rektorane ved UiT og NArFU underteikna nyleg ein fornya avtale mellom dei to universiteta.

Signeringen foregikk via Zoom.
Signeringa gjekk føre seg via Zoom. Foto: Anne Husbekk/UiT
Portrettbilde av Aarskog, Karine Nigar
Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Seniorrådgiver og faggruppeleder, formidling
Publisert: 16.12.21 11:16 Oppdatert: 19.12.21 09:08
Arktis Helse og velferd Om UiT

UiT har samarbeidd tett med universitet og høgskular i Arkhangelsk fylke sidan tidleg på 1990-talet, innan ei rekke fagfelt. Dei sterke samarbeidsrelasjonane vart vidareførte og utvida då fleire av desse partnarane i Arkhangelsk fusjonerte i 2009 til det som i dag er Det nordlege (arktiske) føderale universitet (NArFU).

NArFU er eitt av ti føderale universitet i Russland, og har ei viktig rolle i Russland innan utdanning og forsking i nordområda, på same måte som UiT har det i Noreg.

14. desember signerte dei to rektorane, Elena Kudryshova (NArFU) og Dag Rune Olsen (UiT), ein fornya samarbeidsavtale mellom dei to universiteta. Avtalen går fram til 2026. Med ein ny avtale på plass ligg alt til rette for at det utstrekte samarbeidde, som mellom anna inkluderer utveksling for studentar og fagleg tilsette, kan utviklast vidare i åra som kjem.

Les òg: Godt samarbeid kronet med æresdoktorat


Kortnytt fra Seksjon for kommunikasjon
Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Seniorrådgiver og faggruppeleder, formidling
Vi anbefaler