Utvidar rommet for samarbeid mellom UiT og University of Cambridge
UiT og Scott Polar Research Institute ved University of Cambridge har inngått ein avtale som skal styrkje polarforskinga. Avtalen opnar òg for nye prosjekt innan teknologiutvikling, energitryggleik, berekraft, dronar og luftfart.
Storbritannia er, til liks med Noreg, eit land med lange tradisjonar for både polarekspedisjonar og polarforsking.
For UiT har dette vore eit viktig grunnlag å byggje på i samarbeidd med University of Cambridge, ein av Storbritannias leiande kunnskapsinstitusjonar.
No opnar ein nyleg signert intensjonsavtale (MoU) opp for nye samarbeidsmoglegheiter. Den er inngått mellom UiT og forskingssenteret Scott Polar Research Institute (SPRI), ved University of Cambridge.

Strategisk viktig samarbeid
Jørgen Berge, prorektor for forsking og innovasjon ved UiT, meiner at avtalen med SPRI gir rom for å byggje vidare på ein vitskapshistorisk arv.
– For 25 år sidan var miljøet i Cambridge navet i det internasjonale polaråret, som den gongen vart arrangert i 2007–2008. Når vi no ser fram mot det neste internasjonale polaråret i 2032–2033, vil Tromsø få den rolla Cambridge hadde førre gong, seier han.
Berge meiner at samarbeidet med Cambridge, med Scott Polar Research Institute i spissen, er strategisk viktig for UiT.
University of Cambridge og Scott Polar Research Institute (SPRI)
- University of Cambridge vart grunnlagt i 1209 og er blant verdas eldste og mest prestisjefylte universitet.
- UiT har eit nært samarbeid med Scott Polar Research Institute (SPRI) ved University of Cambridge.
- SPRI vart grunnlagt i 1920 til minne om polarutforskaren Robert Falcon Scott og dei fire kollegaene hans, som døydde under ein ekspedisjon i Antarktis i 1912.
- SPRI har eit verdskjent bibliotek og museum med bøker, arkiv, fotografi og samlingar knytte til polarekspedisjonar.
- Ved instituttet blir det forska innan naturvitskap, samfunnsvitskap, humaniora og kunst med relevans for Arktis og Antarktis.
- Forskarane ved SPRI spesialiserer seg på klimaendringar, økologi og natur i Arktis og Antarktis, satellitteknologi og jordobservasjon, urfolk, polarhistorie, internasjonal rett, forvaltning og samfunnsøkonomi.
- University of Cambridge har òg stor forskingskapasitet innan luftfart, mellom anna gjennom Aviation Impact Accelerator og Whittle Laboratory.
- I tillegg har University of Cambridge sterke fagmiljø innan forsking og innovasjon knytt til berekraft og klimatilpassing, samla i senteret Cambridge Zero.
– Vi er derfor glade for at vi no underteiknar ein avtale med SPRI. Vi ønskjer å sjå dette i samanheng med både rolla vår i IPY-5 og rolla som leiar for det store forskingsprogrammet Polhavet 2050. Særleg teknologiutvikling, dronar og luftfart er viktige samarbeidsområde som vi skal byggje vidare på framover, understrekar Berge.
Samarbeid er sjølvsagt
Professor Gareth Rees ved SPRI meiner at avtalen opnar for mange nye moglegheiter.
– Vi er glade for å kunne underteikne avtalen. Vi har arbeidd med dette i to år. Den store verdien av å formalisere samarbeidet med UiT er at det senkar terskelen for å byggje nye relasjonar, seier Rees.
Rees ventar at samarbeidet mellom dei to universiteta vil halde fram med å vekse.
– Det har eit enormt potensial. UiT og Tromsø er svært godt kjent i polarverda. Det er sjølvsagt at vi bør samarbeide, legg han til.

Kan få større gjennomslag
Den nye avtalen byggjer på eit samarbeid som har gått føre seg mellom UiT-forskarar og kollegaer ved SPRI sidan 1980-talet. Forskingssamarbeidet omfattar mellom anna luftfart og droneteknologi, tryggingsstudiar, arktiske operasjonar og urfolksstudiar.
Bjørn-Morten Batalden, dekan ved fakultetet for naturvitskap og teknologi, påpeikar at ei utviding av samarbeidet mellom UiT og University of Cambridge kan auke moglegheitene for å få gjennomslag for nye prosjekt.
– Plasseringa og tilgangen vår til Arktis, inkludert feltstasjonane og forskingsfartøya våre, utgjer ein viktig ressurs for samarbeidet. UiT gjennomfører dessutan flyoperasjonar i full skala i Nord-Noreg og nyttar droneteknologi som gir unike moglegheiter for datainnsamling i Arktis. Andre viktige fagområde der vi utfyller kvarandre, er energitryggleik og det grøne skiftet, seier Batalden.
Han peikar på at Arctic Centre for Sustainable Energy (ARC) og BFE- og NT-fakulteta ved UiT kan bidra med viktig kompetanse innan arktisk biomasse, energikjelder som sol, vind og vatn, og dessutan energilagring.
– Avtalen kan skape eit betre grunnlag for utvikling av nye forskingsområde og oppstart av pilotprosjekt. Vidare gir samarbeidet begge universiteta betre tilgang til infrastruktur og personell, avsluttar Batalden.
-
Fiskeri- og havbruksvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Fiskeri- og havbruksvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Akvamedisin - master
Varighet: 5 År -
Bioteknologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Arkeologi - master
Varighet: 2 År -
Musikkteknologi
Varighet: 1 År -
Peace and Conflict Transformation - master
Varighet: 2 År -
Computer Science - master
Varighet: 2 År -
Geosciences - master
Varighet: 2 År -
Biology - master
Varighet: 2 År -
Technology and Safety - master
Varighet: 2 År -
Physics - master
Varighet: 2 År -
Mathematical Sciences - master
Varighet: 2 År -
Computational chemistry - master
Varighet: 2 År -
Law of the Sea - master
Varighet: 3 Semestre -
Biologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Nordisk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Luftfartsfag - bachelor
Varighet: 3 År -
Pedagogikk - bachelor
Varighet: 3 År -
Arkeologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, datamaskinsystemer - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Likestilling og kjønn - årsstudium
Varighet: 1 År -
Historie - bachelor
Varighet: 3 År -
Geovitenskap- bachelor
Varighet: 3 År -
Samfunnssikkerhet - bachelor
Varighet: 3 År -
Automasjon, ingeniør - bachelor (ordinær, y-vei)
Varighet: 3 År -
Samfunnssikkerhet - master
Varighet: 2 År -
Kunst - bachelor
Varighet: 3 År -
Kunsthistorie - master
Varighet: 2 År -
Farmasi - master
Varighet: 2 År -
Religionsvitenskap - årsstudium
Varighet: 1 År -
Romfysikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Sosialantropologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Bærekraftig teknologi, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Forkurs for ingeniør- og sivilingeniørutdanning
Varighet: 1 År -
Historie - master
Varighet: 2 År -
Anvendt fysikk og matematikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Barnevernsarbeid - master
Varighet: 2 År -
Forfatterstudium 2 - årsstudium
Varighet: 1 År -
Fine Art - master
Varighet: 2 År -
Barnevern - bachelor
Varighet: 3 År -
Arctic Nature Guide - one year programme
Varighet: 1 År -
Sosialt arbeid - bachelor
Varighet: 3 År -
Arktisk friluftsliv og naturguiding - bachelor
Varighet: 3 År -
Arktisk friluftsliv - årsstudium
Varighet: 1 År -
Grunnskolelærerutdanning for 1.-7. trinn - master
Varighet: 5 År -
Kunsthistorie - årsstudium
Varighet: 1 År -
Governance and Entrepreneurship in Northern and Indigenous Areas - master
Varighet: 4 År -
Praktisk-pedagogisk utdanning for trinn 8-13 - årsstudium
Varighet: 2 År







