Utforskar ringverknader av fleirspråklegheit
Dominansen til det engelske språket og migrasjon skaper nye utfordringar for heile samfunnet. Forsking på fleirspråklegheit kan bidra til nye løysingar for språklæring, men òg avdekkje barrierar vi står overfor.
Nyleg vart det arrangert eit BIP-kurs (Blended Intensive Programme) ved UiT som samla både masterstudentar og forskarar frå Polen, Island og Tyskland.
Deltakarane utforska ringverknadene av kontakt med nye språk. Dei såg nærare på korleis kulturell kontekst, eksponering og alder er påverkande faktorar, kva språktap inneber og utvikling av språkmedvit.
Bør få meir kunnskap
Natalia Mitrofanova, professor i engelsk språkvitskap ved Institutt for språk og kultur, var koordinator for kurset. Ho meiner forsking på fleirspråklegheit og språkkontakt gir verdifull innsikt på fleire område.
– I ein stadig meir globalisert og fleirspråkleg verd, er det avgjerande å forstå korleis språkbrukarar vekslar mellom fleire språk. Vi bør få meir kunnskap om kva konsekvensar det har for fleirspråklege barn og vaksne, for individets fleirspråklege kompetanse og identitet og samfunnet samla sett, seier ho.

Islandsk vs. engelsk
Språkforsking kan òg belyse korleis språkpolitikk og utdanning kan tilpassast for å støtte fleirspråklege samfunn. Mitrofanova meiner vi kan lære mykje av korleis islandsk har utvikla seg.
– Sjølv om engelsk har ein tydeleg innverknad på ordtilfanget, viser nyare forsking at påverknaden på islandsk grammatikk er relativt avgrensa. Islandsk har vist seg å vere robust som språk, sjølv om kompetansen i engelsk har auka mykje samanlikna med tidlegare generasjonar, påpeikar ho.
Internasjonalt kurs om fleirspråkligheit ved UiT
- UiT var vertskap for kurset The Blended Intensive Programme (BIP) "Multilingualism and Language Contact"
- Kurset var finansiert med støtte frå Erasmus +
- Det var halden frå 8. til 14. april ved UiT i Tromsø
- Deltakere og foredragshaldarar kom frå University in Poznań, University of Iceland og University of Konstanz.
- Dei hadde bakgrunn frå fag som teoretisk lingvistikk, fonetikk og fonologi, grammatikkteori, sosio- og psykolingvistikk og lærarutdanning.
- Viktige tema under kurset var læring av arvespråk og framandspråk, engelsk som eit globalt språk, språktap og korleis alder og eksponering speler inn.
Problemløysing og relasjonsbygging
Ho framhevar at språklege forskjellar i ulike kulturar kan påverke korleis vi konseptualiserer og forheld oss til verda.
– Det kan påverke korleis vi løyser problem, byggjer relasjonar og tek avgjerder, avhengig av kva språk vi bruker. Fleirspråkligheit gir oss tilgang til fleire kulturar, noko som berikar våre perspektiv og måtar å forstå verda på, seier ho.
Nevrologi og hjerneforsking
Under kurset var dessutan nevrolingvistikk og dei kognitive og nevrologiske effektane av fleirspråklegheit på hjernen eit sentralt emne.
Kursdeltakarane besøkte UiT’s C-LaBL, der dei lærte om korleis augesporing, elektroencefalografi (EEG) og magnetresonansavbilding (MRI) kan avdekkje korleis språk blir behandla i hjernen.
Gir nye moglegheiter
Mitrofanova meiner kurset bidreg til å fremje tverrfagleg samarbeid og leggje til rette for ei meir heilskapleg forståing av fleirspråklegheit som fagfelt.
– Det gir studentane høve til å samanlikne ulike casar frå ulike språklege og kulturelle samanhengar, høyre om nye teoriar og metodar og finne innovative løysingar på utfordringar knytte til språkpolitikk, utdanning og integrasjon, understrekar ho.

Å finne mønster og løyse gåter
Ein av kursdeltakarane var Barış Bay, som er masterstudent ved University of Konstanz. Heime i Tyskland studerer Bay til dagleg syntaks og morfologi i islandsk språk. Han hadde stor nytte av å vere med på kurset.
– Det er viktig at eg kan vere her og få omgåande hjelp, i staden for å gjere dette over internett, noko som ville ha teke mykje lengre tid, seier han.
For Bay er det eit viktig utgangspunkt at sjølv om det finst mange forskjellar blant språka i verda, deler vi ein universell grammatikk.
– Å finne mønster, setje dei saman, og løyse gåter i felleskap gjer det faktisk mogleg å oppdage mekanismane bak korleis vi behandlar språk, avsluttar Bay.
Kortnytt fra Fakultet for humaniora, samfunnsvitenskap og lærerutdanning, Institutt for språk og kultur
-
Fiskeri- og havbruksvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Fiskeri- og havbruksvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Visual and Multimodal Anthropology - Master
Varighet: 2 År -
Arkeologi - master
Varighet: 2 År -
Peace and Conflict Transformation - master
Varighet: 2 År -
Indigenous Studies - master
Varighet: 2 År -
Technology and Safety - master
Varighet: 2 År -
Sosiologi - master
Varighet: 2 År -
Strategisk ledelse og økonomi - erfaringsbasert master
Varighet: 5 Semestre -
Engelsk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Samfunnsplanlegging - bachelor
Varighet: 3 År -
Pedagogikk - bachelor
Varighet: 3 År -
Sosiologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Arkeologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Spansk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Statsvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Pedagogikk - master
Varighet: 2 År -
Likestilling og kjønn - årsstudium
Varighet: 1 År -
Samfunnsplanlegging - master
Varighet: 2 År -
Økonomi og administrasjon - bachelor
Varighet: 3 År -
Samfunnssikkerhet - bachelor
Varighet: 3 År -
Økonomi og administrasjon, siviløkonom - master
Varighet: 2 År -
Ledelse, innovasjon og marked - bachelor
Varighet: 3 År -
Ergoterapi - bachelor
Varighet: 3 År -
Grunnskolelærerutdanning for 1.-7. trinn - master
Varighet: 5 År -
Grunnskolelærerutdanning for 5.-10. trinn - master
Varighet: 5 År -
Samfunnssikkerhet - master
Varighet: 2 År -
Kunst - bachelor
Varighet: 3 År -
Kunsthistorie - master
Varighet: 2 År -
Musikkutøving - bachelor
Varighet: 4 År -
Religionsvitenskap - årsstudium
Varighet: 1 År -
Russisk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Samfunnsøkonomi med datavitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Sosialantropologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Organisasjonsdesign og ledelse - master
Varighet: 2 År -
Statsvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Historie - master
Varighet: 2 År -
Kunsthistorie - bachelor
Varighet: 3 År -
Tysk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Filosofi - bachelor
Varighet: 3 År -
Kvensk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Barnehagelærer - bachelor
Varighet: 3 År -
Forfatterstudium 2 - årsstudium
Varighet: 1 År -
Sosialt arbeid - bachelor
Varighet: 3 År -
Bedriftsøkonomi - årsstudium
Varighet: 2 År -
Ledelse - årsstudium
Varighet: 2 År -
Sosialt arbeid - master
Varighet: 2 År -
Ledelse, innovasjon og marked - master
Varighet: 2 År -
Governance and Entrepreneurship in Northern and Indigenous Areas - master
Varighet: 4 År -
Praktisk-pedagogisk utdanning for trinn 8-13 - årsstudium
Varighet: 2 År






