Får forskingsmidlar frå rosa sløyfe-aksjonen

Guri Skeie, professor i ernæring ved Institutt for samfunnsmedisin, er ein av seks forskarar som får midlar frå Brystkreftforeningen og Rosa Sløyfe-aksjonen for å halda fram forsking på brystkreft.

Bilde av vinglass for å illustrere saken om hvilken effekt alkohol har for risikoen for å utvikle kreft.
Alkohol kan gi ein auka risiko for brystkreft. No ønskjer Guri Skeie å finna ut kva effekt mindre mengder har for risikoen for brystkreft. Foto: Mostphotos
Portrettbilde av Eriksen, Marielle
Eriksen, Marielle marielle.k.eriksen@uit.no Seniorrådgiver kommunikasjon og formidling
Publisert: 14.11.25 13:02 Oppdatert: 20.11.25 09:14
Helse og velferd

I år samla Rosa sløyfe-aksjonen inn 47 millionar kroner til brystkreftforsking. Midlane er no fordelte og Guri Skeie er ein av forskarane som har fått midlar til forskingsprosjektet sitt.

Vil undersøkja verknaden av moderate mengder alkohol

Då dei nye kosthaldsråda vart lagt fram i 2024 var eit av helseråda å drikka så lite alkohol som mogleg. Dette skapte opprør både hos folk flest og hos forskarar. Likevel har forsking vist at alkohol aukar risikoen for fleire former for kreft – også brystkreft.

Guri Skeie er ein av forskarene som får midlar til si forskning om brystkreft. Foto: Jan Fredrik Frantzen, UiT

Mesteparten av forskinga er gjord på kvinner som drikk minst ei eining (eitt blir gladd øl, vin eller brennevin) per dag. I prosjektet til Skeie ønskjer ho å studera dei som drikk sjeldnare – kvar veke eller månadleg, for å sjå om dei finn auka risiko også i denne gruppa.

– At alkohol kan vera kreftframkallande er lite kjent i befolkninga. Samstundes manglar me kunnskap om effekten av eit lågt eller moderat inntak av alkohol og risiko for brystkreft, fortel Skeie og forklarer at eit lågt forbruk blir rekna som mindre enn 3 glas pr veke og eit moderat forbruk blir rekna som 1 glas alkohol om dagen eller mindre.

– Difor vil me bruka nye statistiske metodar som leit oss trekkja årsakskonklusjonar utan å gjera eksperiment, på data frå Kvinner og kreft-studien, seier ho.

Det er hovudsakleg fire mål med forskinga. Korleis alkoholforbruket gjennom vaksenlivet påverkar brystkreftregionen, blir risikoen påverka av å elles ha ein sunn eller usunn livsstil, om det å byta ut noko av alkoholen med alkoholfriedrikker vil påverka brystkreftrisikoen og sist, men ikkje minst om risikoen blir endra ved bruk av hormontilskot for overgangsalderen.

Vil avdekkja mytane i samfunnet

I prosjektet ønskjer Skeie også å avdekkja kva mytar om alkohol som er utbreidd i befolkninga og kva folk flest veit om alkohol og risiko for sjukdom.

– Me vil undersøka korleis ulike grupper oppfattar diskusjonen om alkohol, og ved hjelp av innsiktsarbeidet og dei vitskapslege resultata våre vil me få auka innsikt i korleis me kan diskutera alkohol på ein måta som tek omsyn til både helse og andre faktorar. På bakgrunn av dette vil me samskapa førebyggingsinformasjon som treff folk, seier ho.

Ho fortel at ho er takksam for at prosjektet har fått midlar frå nettopp Rosa Sløyge-innsamlinga, som både Brystkreftforeininga og Kreftforeininga står bak.

– Det er ekstra kjekt å få midlar som er samla inn frå så mange ulike kjelder og til dels på dugnad, avsluttar ho.

Les også: Forskere har funnet et kostråd som er lett å følge

Eriksen, Marielle marielle.k.eriksen@uit.no Seniorrådgiver kommunikasjon og formidling
Publisert: 14.11.25 13:02 Oppdatert: 20.11.25 09:14
Helse og velferd
Vi anbefaler