Newtonrommet flytter inn på campus

Newtonrommet i Narvik blir det første i Noreg som er tilknytt eit universitet.

Hvithåret mann i rutete skjorte smiler til kamera, lent inntil et bord i en glassgang
Anders Øgsnes er Newtonlærar i Narvik. No flyttar dei inn på UiT Narvik. – Dette handlar jo om realfag, så då har vi komme inn i rett bygg her i byen, seier Øgsnes. Foto: Vilde Øines Nybakken / UiT
Portrettbilde av Nybakken, Vilde Øines
Nybakken, Vilde Øines vilde.o.nybakken@uit.no Kommunikasjonsrådgivar
Publisert: 10.10.25 12:17 Oppdatert: 10.10.25 13:42
Bærekraft Naturvitenskap Om UiT Teknologi

Nedst i Glassgata på UiT i Narvik, i eit lokale som tidlegare husa kafeen Grut, begynner eit nytt rom å ta form.

Det er Newtonrommet som flyttar inn, etter 12 år i Parkhallane i Narvik sentrum.

Det skjer etter at Nordland fylkesting i fjor vedtok å kutte støtta til Newtonromma i Nordland.

Gir praktisk undervising i realfag

På Newtonrommet får skuleelevar praktisk undervising i realfag, som ein del av realfagsundervisinga i skulen.

– Med tida har skulene mista det dei har av utstyr, labbar og sånt, for det er kostbart. Ideen her, på Newtonrommet, er at vi skal ha det nyaste og beste utstyret. Når elevane kjem til oss, skal de få top notch, seier Anders Øgsnes.

Hvithåret mann i rutete skjorte står foran et rom med vinduer inne på et universitetsbygg
Her, i dei gamle lokala til Grut kaffibar, flyttar Newtonrommet inn. Foto: Vilde Øines Nybakken / UiT

Øgsnes er Newtonlærar i Narvik, og deler arbeidstida si mellom Narvik vidaregåande skule og Newtonrommet.

– Vi bruker kompetansemåla som er i skulen, slik at lærarane kan ta med klassen si på ein av våre moduler, og så kan dei seie check, det har vi gjort på Newtonrommet, og så går dei tilbake til klasserommet og held fram med andre ting, forklarar Øgsnes.

Fylket kutta støtta

Newtonromma er ikkje ei lovpålagt oppgåve, men eit tilbod til skulene.

Det er stiftelsen FIRST Scandinavia eiger og driv konseptet med Newtonromma, men også fylkeskommune, kommune og næringsliv kan bidra.

Kva er eit Newtonrom?

  • Newtonrom er undervisingsrom spesielt utforma for å gi elevar i grunnskule og vidaregåande skule praktisk læring i realfag.
  • Undervisinga kombinerer teori og praksis, og legg vekt på tverrfaglege tema som berekraft, innovasjon og teknologi.
  • Alle aktivitetane i Newtonrommet er utvikla for å støtte opp om kompetansemåla i læreplanen til skulen.
  • Undervisingsopplegget blir kvalitetssikra av Newton-administrasjonen og NTNU Skolelaboratoriet. Godkjende undervisingsopplegg blir delt i Newton-nettverket.
  • Det er kommune, ofte i samarbeid med fylkeskommune og næringsliv, som eig og driv Newtonromma lokalt, etter avtale med konsepteigar FIRST Scandinavia.
  • Det finst Newtonrom i fleire kommunar i Noreg. I Nordland er det Newtonrom 11 stader: Narvik, Bodø, Sortland, Svolvær, Mosjøen, Sandnessjøen, Steigen, Rana, Gildeskål, Meløy og Brønnøy.

Etter at fylket kutta støtta, gjekk dei frå å vere to Newtonlærarar i 50 prosent kvar, til ein i 40 prosent stilling. Husleiga i Parkhallane blei også for dyr.

– Då hadde vi to val; legge ned, eller finne noko midlertidig, seier Newtonlærar Anders Øgsnes.

Så, rett før sommarferien, kom tilbodet om å flytte inn på UiT. Øgsnes fortel at ser gode moglegheiter når dei no for første gong får tilknyting til universitet.

– Dette handlar jo om realfag, så då har vi komme inn i rett bygg her i byen, seier Øgsnes.

Ser moglegheiter for samarbeid

Campusdirektør Åsunn Lyngedal ønsker Newtonrommet velkommen til campus.

– Vi er glade for å kunne bidra og ha plass til dei når dei trengte det, seier Lyngedal.

Når elevane besøker Newtonrommet, får også UiT ei anledning til å vise fram campus. Samstundes får UiT eit nærare forhold til stiftinga bak Newtonromma, som var på campus med Smart superfinale under Forskningsdagene i september.

– Newtonrommet og arbeidet deira for å vekke interesse for realfag er ein viktig basis for oss på ingeniørutdanningane, for at elever vel realfag, legg ho til.

For å begynne på ingeniørutdanning, må ein ha realfagskompetanse. Men det er fleire vegar inn, om ein ikkje har hatt realfag på vidaregåande. Forkurs gir og opplæring i dei viktigaste grunnlagsfaga; 3-semesterordninga gir fordjuping i matematikk, og har ein fagbrev, kan ein gå y-vei og bygge på med ingeniørutdanning.

– Det blir også spennande å sjå om dei som jobbar på forkurs, tresemester og y-vei kan finne saman med Newtonrommet og samarbeide. Det hadde vore spennande å få til noko meir der, seier Lyngedal.

Lyshåret kvinne i dressjakke smiler til kamera
Åsunn Lyngedal, campusdirektør ved UiT Narvik og fakultetsdirektør ved Fakultet for ingeniørvitskap og teknologi. Foto: Christian Halvorsen / UiT

Kortnytt fra Fakultet for ingeniørvitenskap og teknologi
Nybakken, Vilde Øines vilde.o.nybakken@uit.no Kommunikasjonsrådgivar
Vi anbefaler