Arbeidsstøtte for Bygg, eiendom og rom

Arrangement og konferansar

Alle arrangement i UiTs areal skal som hovudregel vera knytte til kjerneverksemda til universitetet.  Andre typar arrangement må det søkjast spesielt om. Bruk av areal til kommersiell verksemd er ikkje tillaten.  

Denne nettsida er under utvikling. Vi set stor pris på innspela og tipsa dine til forbetringar. Dette kan gjerast via e-post til: kommunikasjonBEA@uit.no 

Planlegging av arrangement

Når du låner eit lokale har du som arrangør ansvar for å planleggja arrangementet også med omsyn til tryggleik, vakthald, brannvern, vern av kunst og reinhald. 

Er det kunst i lokalet du låner? Då er du som arrangør også ansvarleg for å vareta eventuelle vernesoner for kunsten i lokalet.  Meir om vernesoner og kunst finn du på nettsidene våre om kunst. 

Korleis planleggja eit vellykka arrangement? Meir informasjon om dette finn du her: Kommunikasjontips: Arrangementer | UiT 

 

I forkant av eit arrangement er det fleire som skal kontaktast. Dette er avhengig av type arrangement, ønskte lokale og storleiken på arrangementet.

Ved planlegging av arrangement må du kontakta Avdeling for bygg- og eigedom (BEA) og gi beskjed om kva lokale du ønskjer å låna. Som tilsett eller student ved UiT kan du gjera dette via TopDesk.   

Dette må gjerast uavhengig av om du har reservert eit lokale via timeplanleggjaren (TP) eller ikkje.  

Er du ekstern? Send ein førespurnad til: bea@hjelp.uit.no. 

MERK: Berre eksterne skal bruka denne e-postadressa. Ansatte ved UiT bes bruke TopDesk. 


Sist endret: 04.08.2026
Printvennlig innhold: Kven skal eg kontakta ved UiT?

Det finst kunst i fleire av lokale og uterom som tilhøyrer UiT.  Når du planlegg eit arrangement, må du ta omsyn til vernesona rundt kunsten. 

Du finn meir informasjon om kunst og vernesone her: uit.no/ansatte/byggeiendomrom/kunst 

For Solhallen, Teorifagbygget hus 1, er det etablert ei eiga vernesone. Informasjon om denne vernesona finn du her: uit.no/ansatte/byggeiendomrom/kunst 

Har du spørsmål rundt vernesone for kunst ved UiT? Ta kontakt med kunstutvalet via serviceportalen vår: Spørsmål rundt kunst .   


Sist endret: 04.08.2026
Printvennlig innhold: Kunst og vernesone

Som ansvarleg for eit større arrangement som f.eks i Solhallen har du ansvaret or branntryggleiken. Informasjon om organisering og evakuering ved brann finn du her:
Organisering av evakuering | UiT  


Sist endret: 04.08.2026
Printvennlig innhold: Brannvern

Har du behov for teknisk støtte til arrangement eller konferanse? Ta kontakt med IT-avdelinga via TopDesk.  

Spørsmål relatert til ventilasjon, belysning ol. rettes til Avdeling for bygg og eigendom via TopDesk.


Sist endret: 04.08.2026
Printvennlig innhold: Teknisk støtte
Sist endret: 04.08.2026

Bruk av lokale

Det finst fleire typar lokale som blir lånte ut. Dette inkluderer auditorium, og undervisningsrom og større areal som Solhallen i Teorifagsbygg 1 og Lysgården i MH-bygget.
Uavhengig om du reserverer lokale via Timeplanleggeren (TP) eller på ein annan måte, ta kontakt med Avdeling for bygg og eigendom (BEA) via TopDesk.  

Meir informasjon om reservasjon og bruk av lokale kjem seinare. Tips oss gjerne om du har innspel avsnittet om reservasjon, lån og bruk av lokale. Det gjer du via e-post til: kommunikasjonBEA@uit.no 

Ønskjer du å ha ein stand? For å kunna ha ein stand ved UiT må du ha eit løyve.
Informasjon om stands og løyve finn du på: Stå på stand | UiT

Ta også kontakt med Avdeling for bygg og eigendom via TopDesk. 


Sist endret: 04.08.2026
Printvennlig innhold: Stands

Det er ofte arrangement i Solhallen. For å unngå arrangementskollisjonar meld inn arragementet til Avdeling for bygg og eigendom.

Arragementer i Solhallen må også vareta vernesone for kunst og brannvern. Her finn du informasjon om kva du skal gjera: Kunst og arragementer i Solhallen.


Sist endret: 04.08.2026
Printvennlig innhold: Solhallen
Sist endret: 04.08.2026
Arrangement og konferansar