Arbeidsstøtte for ansatte

Media

Tips for å nå ut i media

Enten du vil dele forskingsresultat, fagkunnskap eller ei meining, finst det fleire måtar å gå fram på.

Ta gjerne direkte kontakt med media for å dele forsking, fakta og meiningar. Det kallast å gjere eit innsal eller pitche ein ide og er enklare enn du trur. 

Følg desse stega:

  1. Er saka di aktuell for media?
    Sjekk om ho fyller nokre av desse nyheitskriteria: vesentlegheit, identifikasjon, sensasjon, aktualitet eller konflikt.

  2. Kven passar saka di for?
    Tenk på om ho er av nasjonal interesse, relevant for eit spesifikt fagfelt, eller om det er ei lokalsak.

  3. Ta direkte kontakt.
    Ring eller send e-post til journalistar som dekker temaet ditt, men berre ein om gangen. Har du vore i kontakt med nokon før? Start der. Du kan også kontakte redaksjonar, program eller nyheitsredaktørar. Kontaktinfo finn du som regel på nettsida til mediumet.

  4. Forklar enkelt og klart.
    Bruk eit språk som alle kan forstå. Fokuser på det viktigaste poenget ditt, og finn ein spennande eller overraskande vinkling. Forklar kort:

    • Kva handlar saka om?

    • Kven påverkar ho?

    • Kva følgjer kan ho få?

  5. Eksempel på kontaktmail.
    Hei!
    Eg tar kontakt for å tipse dokker om forsking som eg nyleg har publisert om klimaet i Tromsø dei neste tiåra. Mine modellar viser at Tromsø vil få same klima som Bergen innan 2035. Det vil jo få store konsekvensar for alt frå turistnæring og friluftsliv til bydrift og infrastruktur.
    Er det noko dokker kan vere intereserte i? Her er lenka til artikkelen vår:
    Kontakt meg gjerne på epost eller på telefon 123 45 678
    Helsing Forskar Forskarsdotter
  6. Vær tilgjengeleg.
    Når du kontaktar media, må du vere tilgjengeleg etterpå. Du må svare om telefonen ringjer. Ikkje dra på hytta.

  7. Tips eitt medium om gongen.
    Dette aukar sjansen for at saka di får omtale.

  8. Følg opp om nødvendig.
    Om journalisten ikkje følgjer opp innan rimeleg tid, kan du kontakte andre medium.


Sist endret: 28.10.2025
Printvennlig innhold: Kontakt media direkte (innsal)

Dersom du har ei stor nyheit som mange medium er interesserte i, kan det vere effektivt å sende ut ei felles pressemelding.

Kontakt faggruppe for formidling som kan sende ut pressemeldingar gjennom NTB.


Sist endret: 28.08.2025
Printvennlig innhold: Send pressemelding

Ein kronikk er ein tekst der du deler kunnskap, meiningar eller innsikt for å vekke interesse og debatt.

Før du startar: 

  • Er kronikk det rette formatet?
    Kronikkar når ofte færre enn nyheiter og kortare debattinnlegg. Vurder om dette er den beste måten å nå ut med bodskapen din.

  • Knytt til noko aktuelt.
    Sjansen for publisering aukar om kronikken kan knytast til ei aktuell hending, samfunnsdebatt eller problemstilling.

Slik skriv du ein god kronikk:

  1. Bestem deg for eitt hovudpoeng.
    Fokuser på eitt klart bodskap, og få det fram i tittelen. Ein fengjande tittel og eit godt første avsnitt er avgjerande for å fange merksemda.

  2. Set ting på spissen.
    Unngå detaljar og tør å vere tydeleg. Kronikken bør innehalde eit nyheitselement og gjere lesaren klokare eller inspirere til handling eller debatt.

  3. Skriv enkelt og forståeleg.
    Bruk eg- eller vi-form og eit språk utan fagsjargong. Del konkrete døme og eigne erfaringar. Humor, fantasi eller ein frekk tone kan fungere – om det passar temaet.

Vel avis og godta redigering:

  1. Vel riktig medium.
    Bestem kva avis eller mediehus som er førstevalet ditt, og send kronikken dit først. Legg ved teksten, eit bilete av deg og kontaktinformasjon.

  2. Send til eitt medium om gongen.
    Vent på svar før du sender til andre. Om du får avslag, prøv neste på lista.

  3. Godta redigering.
    Redaktørar kan endre på ordlyd, særleg i tittel og ingress. Dette er ein del av prosessen.


Sist endret: 04.09.2025
Printvennlig innhold: Skriv kronikk

Aviser og mediehus har som oftast rammar for kor lange kronikkane kan vere. Her er nokre døme:

Aftenposten:
Kronikk: 6000 teikn inkl. mellomrom
Hovedinnlegg: 3000 teikn inkl. mellomrom
Kortinnlegg: 400–1500 teikn inkl. mellomrom
E-post: debatt@aftenposten.no

Dagens Næringsliv:
Hovudinnlegg/kronikk: 4500 teikn inkl. mellomrom
Replikk/underinnlegg: 1500 teikn inkl. mellomrom
E-post: debatt@dn.no

Nordnorsk debatt:
10000 teikn inkl. mellomrom
Skriv innlegget ditt her (tenesta krev innlogging med aID).


Sist endret: 28.08.2025
Printvennlig innhold: Skriv kronikk (antall teikn)

Media leitar ofte etter forskarar og fagpersonar som kan vere ekspertar, forklare problemstillingar eller gi bakgrunnsinformasjon. Vil du at dei skal kontakte deg neste gong? Då må du vere lett å finne!

  • Oppdater personkortet ditt på uit.no
    Sørg for at kontaktinformasjonen din er korrekt, og skriv om arbeidet ditt på ein måte som er lett å forstå for folk utanfor fagfeltet ditt.
    Les meir om personkortet og endre det her. 

  • Få gode bilete av deg sjølv
    Ha gode bilete som media kan bruke fritt. Kontakt fotografane i Seksjon for kommunikasjon for hjelp.

  • Lag eit faktaark om forskinga di
    Om du er forskar, lag eit kort faktaark (maks éi A4-side) med hovudpoeng frå forskinga di, viktige tal og fakta. Bruk kvardagslege ord og konkrete døme som gjer bodskapen lett å forstå.

  • Sei ja så ofte du kan
    Media vender seg ofte til dei som har sagt ja tidlegare. Jo meir tilgjengeleg du er, jo større sjanse er det for at dei kontaktar deg igjen.


Sist endret: 04.09.2025
Printvennlig innhold: Gjer deg synleg for media

Det finst mange måtar å nå ut med forskinga di på. Her er nokre eksempel:


Sist endret: 28.08.2025
Printvennlig innhold: Andre måtar å nå ut på
Sist endret: 28.08.2025

Tips til eit vellukka intervju

Her er 5 smarte steg du kan følgje dersom lokalavisa, radio eller TV tek kontakt for eit intervju.

Før du seier ja til intervjuet, spør kva dokker skal snakke om og kva di rolla er – om du skal vere ekspert, gi ein kort kommentar, eller berre dele bakgrunnsinformasjon.

Spør om det er mogleg å svare skriftleg, dersom du ønskjer det.


Sist endret: 28.08.2025
Printvennlig innhold: 1. Spør kva du skal snakke om

Det kan vere lurt å be om litt tid til å tenkje seg om. Du kan be om å få ringje tilbake, men hugs at journalistar ofte har dårleg tid.


Sist endret: 28.08.2025
Printvennlig innhold: 2. Be om 10 minutter til å tenkje deg om

Skriv ned dei viktigaste poenga dine, og prøv å få dei med når du svarer. Hugs at journalisten kan stille nye spørsmål undervegs.


Sist endret: 28.08.2025
Printvennlig innhold: 3. Forbered eit par hovedpoeng

Avtal at journalisten sendar deg det hen skriv om deg. Du må uansett rekne med at hen kortar ned eller forenklar svara dine.

NB! I norsk media er ikkje sitat ordrette.


Sist endret: 28.08.2025
Printvennlig innhold: 4. Avtal gjennomlesing

Om du er usikker, treng råd eller øving, kontakt gjerne fellestjenesten formidling.


Sist endret: 28.08.2025
Printvennlig innhold: 5. Kontakt oss for hjelp
Sist endret: 28.08.2025
Media