– Noreg treng ein flytande campus i Arktis

Noreg treng eit nytt fartøy når forskingsfartøyet til UiT, Helmer Hanssen, blir teke ut av drift rundt 2030. Erstatninga kan bli ein ny flytande campus med heimehamn i Longyearbyen. 

Mann står og snakkar
Dekan ved Fakultet for biovitskap, fiskeri og økonomi, Jørgen Berge, presenterte sine tankar om ny flytende campus. Biletet til høgre er KI-generert. Foto: Karine Nigar Aarskog/UiT
Portrettbilde av Aarskog, Karine Nigar
Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Seniorrådgiver kommunikasjon og faggruppeleder, formidling
Publisert: 21.02.25 15:32 Oppdatert: 21.02.25 18:18
Arktis Hav Klima

FF Helmer Hanssen, som er eigd av UiT Noregs arktiske universitet, har i dag 300 seglingsdøgn, i all hovudsak i Barentshavet og kystane rundt Svalbard og Nord-Noreg. Fartøyet er svært viktig for arktisk, marin forsking og utdanning i Noreg.

Då Stortinget behandla Svalbardmeldinga like før jul, understreka eit fleirtal at forskingsaktiviteten på Svalbard og i havområda rundt er avhengig av moderne og tilgjengeleg infrastruktur, og at dei er uroa over at Noreg nokon år etter 2030 manglar ei plattform for forsking og høgare utdanning i arktiske havområde. I denne merknaden understrekar Stortinget også viktigheita av samarbeidet mellom UiT, NTNU og UNIS om ein ny flytande arktisk campus med heimehamn i Longyearbyen.  

Fleire personer står og talar saman.
UNIS-direktør Jøran Moen (t.v.), Bjørn Egil Asbjørnslett som er professor og direktør ved NTNU Hav og kyst, lokalstyreleiar Terje Aunevik, dekan ved UiT, Jørgen Berge og forskingsdirektør ved Norsk Polarinstitutt, Harald Steen. Foto: Karine Nigar Aarskog/UiT

Denne veka har representantar frå nettopp desse tre institusjonane vore samla i Longyearbyen for å komma vidare i planlegginga av ein ny flytande campus. 

– Vi har ein felles visjon om ein høgteknologisk campus som både fyller 300-dagersvakuumet som oppstår når Helmer Hanssen blir fasa ut og gir rom for utvikling og innovasjon, seier dekan ved UiT sitt fakultet for biovitskap, fiskeri og økonomi, Jørgen Berge.

– Noreg vil mangle ein viktig ressurs

Opp mot 400 studentar får kvart år delar av utdanninga si om bord på båten. I tillegg til at UiT bruker fartøyet til studentane sine, blir det brukt mykje av Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) og av andre nasjonale og internasjonale forskings- og forvaltningsinstitusjonar. Når fartøyet om nokre år skal fasast ut, vil det derfor vera eit stort behov for ei erstatning. 

– Då vil Noreg mangla ein viktig ressurs for marin forsking og utdanning rundt Svalbard og i Barentshavet, seier Berge.

Båt med bre og fjell i bakgrunnen
Helmer Hanssen på tokt på Svalbard. Foto: Karine Nigar Aarskog/UiT

NTNU ønskjer å bruka eit nytt fartøy til å utdanne teknologikandidatar i verdsklasse som kan og vil bidra til ei betre verd og ei berekraftig framtid. Universitetet satsar på det dei kallar «Fremtidens teknologistudenter» som skal bli endå betre rusta til å bidra til løysingar på framtidas store, komplekse og globale utfordringar. 

– Vi har snakka om korleis me kan skapa noko nytt; ein flytande campus som er langt meir enn berre båten, for å klare å utdanna polarforskarane i framtida. Den flytande campusen kan bli ein tverrfagleg møteplass, seier Bjørn Egil Asbjørnslett som er professor og direktør ved NTNU Hav og kyst. 

Utsleppsfritt og grønt

Det er også ein ambisjon at fartøyet skal vera utsleppsfritt og basera seg på grønt drivstoff, slik den teknologiske utviklinga går i dag er det ammoniakk eller metanol som akkurat no verkar som den mest sannsynlege løysningen. Det at skipet skal ha heimehamn i Longyearbyen vil derfor gjera han til ein pådrivar i energiomstillinga i Longyearbyen og dessutan sikra norsk nærvær og suverenitetshevding på Svalbard. 

Person på Teams ser på ein person i ein sal.
Høgre-politikar Bent Bakken (t.v.) deltok via Teams. Her med strategisk rådgjevar ved UiT, Geir H. Bakkevoll. Foto: Karine Nigar Aarskog/UiT

– Det står veldig tydeleg i Svalbardmeldinga at forsking og høgare utdanning er eit av dei viktigaste områda for norsk aktivitet og nærvær på Svalbard. Med ein ny flytande campus som har heimehamn her, vil me styrkja nærværet vårt og også Noreg som polarforskingsnasjon, seier direktør ved UNIS, Jøran Moen.  

Han legg til at klimaendringane på Svalbard går mykje raskare enn venta, og at Noreg må halda fram med å ta ansvar for å forstå kva som skjer. 

– UNIS treng flytande campus for å kunna utføra mandatet sitt som er å tilby feltbasert undervisning med utgangspunkt i Svalbards naturgitte forhold. Gjennom utdanninga styrkjer me rekrutteringa av ekspertane i framtida til forsking, forvaltning og næringsutvikling, seier Moen. 

Ni universitetar i fastlands-Noreg er tilknytta UNIS, som har tilbode utdanning innan arktiske fag i 30 år.

Morgondagens polarforskarar

Norsk Polarinstitutt er også engasjert i arbeidet. Forskingsdirektør Harald Steen seier at ein ny flytande campus er svært interessant også for dei, særleg med tanke på at han vil gjera Noreg betre rusta til å utdanne polarforskarar. Dette speler mellom anna ei rolle inn i store satsingar som Polhavet 2050 og Det internasjonale polaråret i 2032/33

To personar går og talar saman.
Harald Steen (t.v.) saman med Jørgen Berge utanfor UNIS i Longyearbyen. Foto: Karine Nigar Aarskog/UiT

– Med ei lokal forankring av ein ny flytande campus kan me få auka rekrutteringa frå norske universitet og utvikla morgondagens polarforskarar som er heilt i front med moderne utstyr og måtar å bruka det på, seier Steen. 

Kan skapa mykje entusiasme

Eit nytt fartøy med heimehamn i Longyearbyen har dessutan mange av dei same behova som lokalsamfunnet i Longyearbyen, til dømes når det gjeld lager- og kai-fasilitetar. Skipet kan bli ein ressurs for miljøovervaking og beredskap og kan bidra til å utvikla mellom anna hamneinfrastruktur, felttryggleik og logistikktenester i Longyearbyen. Leiar i Longyearbyen lokalstyre, Terje Aunevik, er begeistra for initiativet: 

– Dette er eit utruleg spennande prosjekt som kan gagna lokalsamfunnet her på fleire nivå, også utover det at fartøyet vil ha heimehamn i Longyearbyen, seier Aunevik. 

No håpar institusjonane at ny flytande campus kjem på statsbudsjettet som blir lagt fram seinare i år eller seinast hausten 2026. Då er det håp om at fartøyet kan vera klart til Det internasjonale polaråret i 2032.

– Det hadde vore veldig stas å kunna døypa eit nytt fartøy når me skal starte i Det internasjonale polaråret. Noreg treng denne flytande campusen for å sikra framtidig relevant kompetanse i nord og nærvær og suverenitetshevding på Svalbard, seier Jørgen Berge.

Flere personer ser i kamera.
Deltagarane til workshopen som vart arrangert i Longyearbyen denne veka: Jøran Moen (t.v.), Stein Haaland, Terje Aspen, Gijsbert D. Breedveld, Geir H. Bakkevoll, Simon Sagelv Bjørvik, Jørgen Berge, Anna Vader, Geir Johnsen, Ragnheid Skogseth, Matthias Forwick, Harald Steen, Bjørn Egil Asbjørnslett, Janne Søreide og Asgeir Sørensen. Foto: Karine Nigar Aarskog/UiT
Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Seniorrådgiver kommunikasjon og faggruppeleder, formidling
Publisert: 21.02.25 15:32 Oppdatert: 21.02.25 18:18
Arktis Hav Klima
Vi anbefaler