Til Antarktis med STEMM-kvinner

28. januar kasta professor Fern Wickson loss frå Argentina. I to veker skal ho seile i Antarktis og inspirere hundre kvinnelege og ikkjebinære forskarar frå heile verda til å verte leiarar.

en person i en ribb står med ryggen til og ser på et enorm isfjell
Ein kan ikkje dra til Antarktis for berre å diskutere, ein må ta inn naturen óg. Det er tross alt den dei snakkar om å redde. Foto: Fern Wickson / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Publisert: 07.02.25 14:47 Oppdatert: 07.02.25 15:34
Bærekraft Hav Naturvitenskap

– Vi kvinner er dessverre underrepresentert i leiarroller og nøler ofte meir med å tre inn i dei. Og det gjeld særleg innafor naturvitskapen. Derfor er det så viktig å byggje sjølvkjensle, kompetanse og  nettverk, og å verte inspirert av andre i same posisjon som deg, seier professor Fern Wickson.

Støttar kvinner til å ta posisjonar

Professor Fern Wickson i engasjert samtale om bord på MS Island Sky. Foto: Homeward Bound

Frå skuta MS Island Sky fortel ho om den sjuande ekspedisjonen organisert av den australske organisasjonen Homeward Bound. Dei jobbar globalt for å støtte og styrke kvinner og ikkje-binære med STEMM-bakgrunn til å ta roller og posisjonar som er sentrale for ei berekraftig framtid.

– STEMM-faga er essensielle for å takle verdas ganske store problem, og vi treng alle moglege innfallsvinklar og standpunkt for å kome opp med dei gode løysningane. Og vi må dessutan jobbe hardt for å motivere, påverke og iverksette endringane som trengs. Då er mangfald og god leiing uhyre viktig, seier Wickson.

Korleis jobbe fram berekraft

Ho er professor i Ocean Leadership (hav-leiing), eit erfaringsbasert masterprogram som skal utvikle leiarar i maritim og marin sektor til fremje ei berekraftige framtid. Ein kan sjå eit aukande press på marine ressursar samstundes som globale utfordringar som klimakrisa, forureining, tap av økologisk mangfald og aukande global ulikheit truer kloden.

– I slike situasjonar er berekraft heilt sentralt, og Homeward Bound trur kvinner ofte har meir av dei eigenskapane som er naudsynt for å jobbe fram berekraft: Å vere samarbeidande, inkluderande og ivareta arven etter generasjonane før oss, seier Wickson

Isfjell og vakker solnedgang
Omgjevnadene for toktet kan knapt verte meir spektakulære. Foto: Fern Wickson / UiT

Ikkje likegyldig kven som er leiar

Forsking og innovasjon treng sjølvsagt idear, gjennomføring og grunnarbeid, men og dyktige leiarar og fasilitatorar som kan sjå alle. Derfor er det ikkje likegyldig kven som leiar bedrifter, organisasjonar og institutt.

– Kvinner manglar ofte støtta som trengst for å blomstre i leiarroller, og det er difor vi tek med denne ekstraordinære gruppa av kvinnelege og ikkje-binære leiarar til Antarktis for å reflektere, knyte band og ta modige steg saman for ei berekraftig framtid, seier administrerande direktør i Homeward Bound, Sarah Derry.

– Dette gjev meg trua på framtida

Ekspedisjonsteamet er ei mangfaldig gruppe leiarar som representerer 24 nasjonalitetar. Det er 114 deltakarar og 9 i koordineringsgruppa. Wickson og dei andre koordinatorane er ein fleirkulturell ekspertgruppe på berekraftsleiing. Ekspedisjonen er kulminasjonen av eit tolv månadar langt online leiarutviklingsprogram.

– No er vi halvvegs, og det har vore så inspirerande å høyre alt det denne høgt kompetente gruppa har gjort og alt dei vil gjere i framtida. Eg ser at vi saman lagar eit oppbyggande miljø kor vi er genuint oppteken av å løfte kvarandre. Å jobbe med denne gjengen gjev meg tru på at ein berekraftig framtid faktisk er mogleg, seier Wickson frå Antarktis.

Ekspedisjonen vert avslutta 12. februar i Ushuaia i Argentina. Du kan følgje skuta på ferda på Cruisemapper.

Over hundre kvinner i raude jakker på ei kai foran ei stor skute
Alle dei 124 deltakarane på Homeward Bound-ekspedisjonen før avreise frå Argentina 28. januar 2025. Foto: Homeward Bound
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Publisert: 07.02.25 14:47 Oppdatert: 07.02.25 15:34
Bærekraft Hav Naturvitenskap
Vi anbefaler