Gjev natur-råd til verdas styresmakter
Fern Wickson er sentral når FNs «naturpanel» leverer sin rapport, etter 3 års arbeid og 7000 referanseartiklar.
– Det har vore utruleg mykje og hardt arbeid, men samstundes gjevande og lærerikt, seier professor Fern Wickson.
I steikande varme Windhoek, hovudstaden i Namibia, har ho denne veka fullført arbeidet med å ferdigstille IPBES sin Transformative Change-rapport til organisasjonens 11. plenumssesjon – samen med fleire hundre andre forskarar, politikarar og embetsfolk.
FN sitt naturpanel
- I 2019 synte IPBES korleis ein million artar står i fare for utrydding, og situasjonen har berre blitt verre sidan då.
- WWF sin Living Planet Report, publisert i 2024, noterte ein gjennomsnittleg nedgang på 73 % i dyrelivspopulasjonar sidan 1970.
- Rapporten består av fem kapittel:
- introduksjon til transformativ endring
- visjonar for ein positiv framtid
- tilnærmingar til endring frå ulike vitskapar og urfolkskunnskap
- utfordringar og barrierar for endring
- strategiar og handlingar for transformativ endring
- Rapporten vil gi avgjerdstakarar det beste grunnlaget og alternativ for handlingar som fører til transformativ endring. Den vil også utforske vegar for å oppnå 2050-visjonen om å leve i harmoni med naturen.
- IPBES er ein global vitskapspolitisk plattform som vurderer tilstanden til biologisk mangfald og naturens bidrag til menneskeleg eksistens. IPBES har nesten 150 medlemsland og arbeider for å styrkje politikk og avgjerder gjennom vitskap.
UiT-professoren er koordinerande førsteforfattar av rapportens første kapittel, og har arbeidd med saman med over 100 forskarar frå heile verda dei siste 3 åra. Kapittelet ser på dei underliggjande årsakene til naturtap. Dei identifiserte tre hovudgrunnar:
- At menneska er kopla frå naturen
- At pengar og makt er samla på færre hender
- At menneska prioriterer kortsiktige, individuelle og materialistiske mål.
IPBES står for Intergovernmental science-policy platform for biodiversity and ecosystem services, og er på mange måtar tilsvarande FN sitt klimapanel, berre for biomangfald og økologi.
– Vi er i ein svært alvorleg og akselererande naturkrise akkurat no, satt saman av tap av biologisk mangfald, klimaendringar og forureining. Og dei påverkar kvarandre, noko som gjer både problema og løysningane som samansette, seier Wickson.
Rapporten dei vart samde om greiar ut dei underliggjande årsakene til det store tapet av biologisk mangfald dei siste tiåra, og korleis naturen er på vikande front i heile verda. Vidare har dei identifisert kva som står i vegen for å motverke den alvorlege utviklinga og kjem med forslag til nye strategiar for å nå ein berekraftig og rettferdig verd.
– Det er eit enormt oppdrag og rapporten kommer med eit omfattande svar. Men eg har tru på at vi har kome fram til gode vegar vidare, seier Wickson frå konferansesenteret i Namibia.
Rapporten kjem med fem forslag til strategiar:
- Verne, restaurere og regenerere stader av verdi for folk og natur som eksemplifiserer biokulturelt mangfald.
- Jobbe fram systematiske endringar og implementere biologisk mangfald som sjølvsagt i sektorane som er mest ansvarlege for naturens tilbakegang.
- Transformere økonomiske system så dei prioriterer natur og rettferd.
- Transformere styringssystem til å vere inkluderande, ansvarlege og tilpassingsdyktige.
- Endre syn og verdiar for å anerkjenne samanhengane mellom menneska og naturen.
– Å vere ein del av eit arbeid som gjev strategiar og tiltak for som kan snu ein slik enorm krise er særs verdifullt for meg. Eg er eigentleg heldig som kan få bidra til den globale innsatsen for å løyse krisene, seier Wickson
Du kan lese eit samandrag av rapporten på engelsk her: Media Release: IPBES Transformative Change Assessment | IPBES secretariat. Der finn du òg ein lengre PDF med ein grundigare oppsummering av rapporten.
-
Fiskeri- og havbruksvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Fiskeri- og havbruksvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Akvamedisin - master
Varighet: 5 År -
Bioteknologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Arkeologi - master
Varighet: 2 År -
Peace and Conflict Transformation - master
Varighet: 2 År -
Computer Science - master
Varighet: 2 År -
Geosciences - master
Varighet: 2 År -
Biology - master
Varighet: 2 År -
Physics - master
Varighet: 2 År -
Mathematical Sciences - master
Varighet: 2 År -
Biomedicine - master
Varighet: 2 År -
Molecular Sciences - master
Varighet: 2 År -
Biologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Medisin profesjonsstudium
Varighet: 6 År -
Nordisk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Historie - årsstudium
Varighet: 1 År -
Engelsk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Arkeologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, datamaskinsystemer - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Allmenn litteraturvitenskap - årsstudium
Varighet: 1 År -
Geologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Biomedisin - bachelor
Varighet: 3 År -
Kjemi - bachelor
Varighet: 3 År -
Matematikk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Ergoterapi - bachelor
Varighet: 3 År -
Fysioterapi - bachelor
Varighet: 3 År -
Radiografi - bachelor
Varighet: 3 År -
Farmasi - bachelor
Varighet: 3 År -
Farmasi - master
Varighet: 2 År -
Romfysikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Klima og miljøovervåkning, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Bærekraftig teknologi, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Odontologi - master
Varighet: 5 År -
Filosofi - bachelor
Varighet: 3 År -
Filosofi - master
Varighet: 2 År -
Anvendt fysikk og matematikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Arctic Nature Guide - one year programme
Varighet: 1 År -
Arktisk friluftsliv og naturguiding - bachelor
Varighet: 3 År -
Arktisk friluftsliv - årsstudium
Varighet: 1 År -
Grunnskolelærerutdanning for 1.-7. trinn - master
Varighet: 5 År -
Kunsthistorie - nettbasert førstesemesterstudium
Varighet: 1 Semestre -
Governance and Entrepreneurship in Northern and Indigenous Areas - master
Varighet: 4 År -
Praktisk-pedagogisk utdanning for trinn 8-13 - årsstudium (deltid)
Varighet: 2 År -
Samfunnsplanlegging - nettbasert førstesemesterstudium
Varighet: 1 Semestre -
Internasjonal beredskap - bachelor (samlingsbasert)
Varighet: 3 År -
Ernæring - bachelor
Varighet: 3 År -
Marine Biotechnology - master
Varighet: 2 År -
Landskapsarkitektur - master
Varighet: 5 År