Kan skipsfarten verte karbonnøytral med digitale tvillingar?

TwinShip har hårete mål om å gjere verdas skip karbonnøytrale i 2045. Løysninga skal avdekkast i digitale versjonar av verkelege skip som går i trafikk no.

Ei stor kvit passasjerferge på havet i fint vêr
Passasjerferga MS Stena Germanica, som går mellom Gøteborg og Kiel, er eitt av pilotfartøya for TwinShip. Foto: Stena Line
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Publisert: 09.09.24 19:19 Oppdatert: 10.09.24 11:42
Hav Teknologi

Professor Lokukaluge Prasad Channa Perera leiar konsortiumet TwinShip, som i tillegg til UiT og Sintef har med seg reiarar, skipsbyggarar og teknologiselskap. Saman skal dei både designe framtidas skip og forbetre skip som allereie er i trafikk på verdshava.

Nært portrett av ein mann
Professor Lokukaluge Prasad Channa Perera. Foto: UiT

– Vi har satt oss særs ambisiøse mål, seier Perera.

– Men eg har stor tru på at når akademia og næringa samarbeider tett, får vi gode resultat raskt. Og det er jo derfor EU har tru på oss, held han fram.

Karbonnøytral skipsfart i 2045

For EU sitt enorme forskingsprosjekt Horisont Europa tildelte nyleg TwinShip 100 millionar over tre år i ein såkalla Innovation Call. Då må prosjektet være nyttig for den verkelege verda og vere noko som kan kome kjapt inn på marknaden.

– Vi skal ha eit produkt klart som kan redusere utsleppa frå skipsfarten med 30–40 % innan 2030, 80–90 % innan 2040, og nå karbonnøytralitet innan 2045, seier Prasad.

TwinShip skal jobbe som ein totrinns rakett. Dei skal lage digitale tvillingar av tre eksisterande skip og eit futuristisk ubemanna skipsdesign. Tvillingane gjer at ein kan teste, prøve og simulere effekten av ein rekkje ettermonterbare teknologiar og tiltak så ein kan finne det som fungerer best.

Desse tre verkelege fartøya og eitt futuristisk skipsdesign er utgangspunktet for tvillingane. Illustrasjon: TwinShip / Prasad Channa Perera

Dei skal òg lage ein digital plattform på open kjeldekode som skal hjelpe besetninga på skipa ta gode avgjerder.

Desse er med i TwinShip

  • UiT Noregs arktiske universitet
  • Sintef
  • National Technical University of Athens
  • Wärtsila (skipsbyggar og teknologiutviklar)
  • American Bureau of Shipping (klassifiseringsselskap)
  • Grimaldi group (reiarselskap)
  • Stena (reiarselskap)
  • Knud e hansen (skipsdesign)
  • Hamnevesenet i Valencia
  • Assist (programvareselskap)
  • Ubitech (programvare og teknologi)
  • 52 north (programvare)
  • Bound4blue (skipsteknologi)

Applikasjonen heiter TwinSHip Decision Support System (DSS), og er eit støtteverktøy for shippingindistrien når dei skal gjere noverande og framtidige fartøy meir klimavennlege. Fullasta med data frå havgåande fartøy, dei digitale tvillingane basert på kunstig intelligens og ny teknologi, skal DDS-en gje gode råd og rettleiing som skal sørge for meir energivennleg skipsfart i framtida.

DDS-en kan nyttast av alle skip, og gje råd om alt frå ruteplanlegging og fartskontroll til kva for teknologi dei kan installere som vil redusere både utslepp og utgifter. Den kan òg brukast planlegginga av teknologi og design av nye skip.

– Vi skal både nytte eksisterande teknologi som kanskje ikkje er så godt kjent, og fremje og utvikle ny teknologi for reinare drift og fornybar energi. Om vi lykkast, vil det vere ein stor seier for berekraft og innovasjon, seier Perera.


Kortnytt fra
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no Kommunikasjonsrådgjevar
Vi anbefaler