No har Oran Young fått Mohnprisen
– Ein «outstanding» pris til eit «outstanding» menneske, sa statsminister Jonas Gahr Støre då han gav Den internasjonale Mohnprisen for fremragende forskning relatert til Arktis til professor Oran Young.
Statsministeren understreka at det var ei personleg glede og ære å gje Mohnprisen 2024 til amerikanske Young, og at Young har hatt ei unik forståing av Arktis sidan slutten på den kalde krigen. Young sine analysar og arbeid har flytta forsking og utvikling framover, og skapt viktige arenaar for menneska i nord.
– Eg har sjølv sett korleis forsking, politikk og menneske kjem saman i Arktis på ei måte som er unik i verda. Det kan vi i stor grad takke deg for, professor Young, sa Støre.
Det handlar om folk
Utdelinga innleia dag tre på Arctic Frontiers, ein konferanse som nettopp prøver å samle forsking, politikk, styresmakter og menneske. UiT-rektor Dag Rune Olsen tala på vegner av styringskomiteen til Mohnprisen, og framheva Young sitt arbeid for å bygge ein ny visjon for samarbeid i Arktis.
– Å samle forsking og politikk mot eit felles mål er akkurat det Mohnprisen er meint å anerkjenne, sa Olsen.
Les meir: Kven er Oran Young og kvifor fekk han prisen?
– Vi treng nye narrativ
Professor Oran Young kalla Mohnprisen for eit høgdepunkt i sin 50 år lang karriere, og fortalde om korleis han i grunn berre vil forstå korleis verda fungerer.
– Eg vil forstå kvifor nokre system feilar og nokre system vert suksessar. Og eg trur det handlar om at teoretikarane og praktikarane må ha eit felles narrativ om ein skal lykkast, sa han.
Mohnseminaret
Prisvinnar Oran Young vert heidra med seminaret «Still the Age of the Arctic?” på UiT torsdag 1. februar. Seminaret vert strøymd på https://uit.no/mohnprisen
Les meir om Mohnprisen her: https://uit.no/mohnprisen/ommohnprisen.
Young trur at felles narrativ om fred og samarbeid i Arktis etter den kalde krigen er årsaka til at Arktis no er relativ fri for konfliktar. Men no er vi på eit kritisk punkt kor vi treng nye mål, meiner han:
– Vi treng nye narrativ som famnar både lokale, regionale, nasjonale og internasjonale perspektiv. Og som gjev alle reelle moglegheiter og stemmer, basert på gjensidig respekt, sa Young.
Vil ikkje stenge døra
Både Young og Støre peika på at ein ikkje har alle aktørane rundt det arktiske bordet for tida, men at ein ikkje kan stengje døra heilt, i tilfelle dei kjem tilbake.
– Og då har vi Arktisk råd som ein arena, ein arena du var særs viktig for å skape, professor Young, sa statsministeren.
Prisvinnar Young sa han på inga måte legg frå seg sitt ønskje om å forstå:
– Som statsministeren sa, så handlar dette om folk og samtalane dei har. Og eg håper å få vere med i diskusjonane i enno ein stund, avslutta Young.
Prisvinnar Oran Young saman med Trond Mohn. Foto: Jørn Berger-Nyvoll / UiT
-
Arkeologi - master
Varighet: 2 År -
Peace and Conflict Transformation - master
Varighet: 2 År -
Geosciences - master
Varighet: 2 År -
Biology - master
Varighet: 2 År -
Technology and Safety in the High North - master
Varighet: 2 År -
Law of the Sea - master
Varighet: 3 Semestre -
Biologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Nordisk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Arkeologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Religionsvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Likestilling og kjønn - årsstudium
Varighet: 1 År -
Historie - bachelor
Varighet: 3 År -
Religionsvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Geologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Kjemi - bachelor
Varighet: 3 År -
Samfunnssikkerhet og miljø - bachelor
Varighet: 3 År -
Russlandsstudier - bachelor
Varighet: 3 År -
Samfunnssikkerhet - master
Varighet: 2 År -
Kunst - bachelor
Varighet: 3 År -
Kunsthistorie - master
Varighet: 2 År -
Religionsvitenskap - årsstudium
Varighet: 1 År -
Romfysikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Klima og miljøovervåkning, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Sosialantropologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Historie - master
Varighet: 2 År -
Russlandsstudier - master
Varighet: 2 År -
Anvendt fysikk og matematikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Barnevernsarbeid - master
Varighet: 2 År -
Forfatterstudium 2 - årsstudium
Varighet: 1 År -
Fine Art - master
Varighet: 2 År -
Barnevern - bachelor
Varighet: 3 År -
Arctic Nature Guide - one year programme
Varighet: 1 År -
Sosialt arbeid - bachelor
Varighet: 3 År -
Arktisk friluftsliv og naturguiding - bachelor
Varighet: 3 År -
Arktisk friluftsliv - årsstudium
Varighet: 1 År -
Grunnskolelærerutdanning for 1.-7. trinn - master
Varighet: 5 År -
Kunsthistorie - årsstudium
Varighet: 1 År -
Governance and Entrepreneurship in Northern and Indigenous Areas - master
Varighet: 4 År -
Vernepleie - bachelor
Varighet: 3 År -
Internasjonal beredskap - bachelor (samlingsbasert)
Varighet: 3 År -
Barnevern - bachelor
Varighet: 3 År -
Vernepleie - bachelor (deltid, samlingsbasert)
Varighet: 4 År -
Landskapsarkitektur - master
Varighet: 5 År -
Grunnskolelærerutdanning for 5.-10. trinn - master
Varighet: 5 År -
Kvensk og finsk - bachelor
Varighet: 3 År -
Nordisk språk og litteratur - bachelor
Varighet: 3 År -
Russisk - bachelor
Varighet: 3 År -
Ph.d.-program i naturvitenskap
Varighet: 3 År -
Russisk - master
Varighet: 2 År -
Environmental Law - master
Varighet: 2 År