– Endringane kjem og vi må vere klare

Leiar for Stortinget sin Utanriks- og forsvarskomité, Ine Marie Eriksen Søreide (H), rosa UiT for å vere i forkant av dei store endringane som kjem. Men UiT vil ha endå fleire store prosjekt på plass.

Ei kvinne snakkar frå ein talarstol, bakhovuder i forgrunnen.
Eriksen Søreide snakka om "nye" NATO på konferansen "Security and defense on NATO's northern flank". Foto: Jørn Berger-Nyvoll / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 04.09.23 14:44 Oppdatert: 04.09.23 21:37
Arktis Geopolitikk Lov og rett Om UiT Økonomi

Tilbake i det ho kallar sin andre heimby, fekk Ine Marie Eriksen Søreide sjå bredda i korleis UiT jobbar med alt frå forsking på global tryggleikspolitikk til klimaendringar. Fellestrekka, anten det gjeld eit isfritt polhav eller nye medlemsland i NATO, er at vi må vere førebudde.

Ein dame snakkar engasjert.
Eriksen Søreide møtte òg master- og PhD-studentar for lunsj og diskusjon i Árdna. Foto: Jakob Bjorvig Henriksen / UiT

– Eg synest fagmiljøa her tenkjer veldig riktig, seier Søreide.

– I mange av dei ekstremt viktige problemstillingane eg har høyrt om her i dag er det viktig å samle fagmiljø på tvers av landegrenser og regionar, og der ser eg UiT tar på seg leiartrøya. Berre at det er så mange undervisningsstader i heile regionen er ein stor styrke, seier ho.

Breitt møte på eit breitt universitet

Søreide, som tidlegare har vore utanriksminister og forsvarsminister, var i Alta på fredag og snakka med viserektor Bente Haug om UiT sin satsing i Finnmark og på Svalbard. Måndagen i Tromsø starta på konferansen Security and defense on NATO's northern flank (tryggleik og forsvar på NATO sin nordlege flanke), kor ho heldt eit innlegg om kva det vil seie for NATO og Noreg at Sverige og Finland straks vert medlem av forsvarsalliansen.

Her prøver UiT å vere i forkant av bølgja, å forklare kva som skjer og kva som kjem til å treffe oss.

Fire menneske i eit møterom, ein mann snakkar, flerie noterar.
Komiteleiaren noterte flittig då Kari Aga Myklebost og Alf Håkon Hoel snakka om det nye geopolitiske senteret. Foto: Jørn Berger-Nyvoll

Vidare gjennom dagen møtte komitéleiaren fleire representantar for UiT sin innsats for å skaffe kunnskap om den sårbare regionen vi bur i. Alf Håkon Hoel og Kari Myklebost fortalte om korleis UiT skal vere den arktiske partnaren i Noreg sitt nye geopolitiske forskingssenter. UiT skal leggje mykje inn i prosjektet, men skal først og fremst jobba med havrett og geopolitikk. Men ein skal tenkje breitt og fleirfagleg, og ha med til dømes lingvistar for å sjå på språkbruk i russisk offentlegheit.

UiT vil satse stort – saman med andre

Jørgen Berge tok nyleg over som leiar av storsatsinga Fremtidens Polhav (FP), eit storstila forskingsprogram UiT prøver å få starta saman med 15 andre norske forskingsinstitusjonar. Saman med Norsk Polarinstitutt presenterte han prosjektet for Søreide.

– Det er uhyre viktig å ha kunnskap om kva eit isfritt Polhav vil ha å seie for Arktis, både politisk, økonomisk, juridisk, biologisk – på nær sagt alle felt. Vi veit at Nordpolen vil verte isfri i vår levetid, og det vil setje store krav til oss når vi skal forvalte havområdet i ein heilt ny situasjon. Det må vi førebu oss på, og det er sjølve essensen i forskingsprogrammet, sa Berge.

Ein mann snakkar med store armrørsler
Jørgen Berge er dekan på BFE-fakultetet og leiar for interimstyret for Framtidens Polhav.Foto: Jakob Bjorvig Henriksen / UiT

Søreide er heilt samd i at endringane er ubønhøyrleg på veg:

– Det som hender no og som kjem til å hende framover, gjev eit anna strategisk bilete kor vi må endre måtane vi gjer ting på. Her prøver UiT å vere i forkant av bølgja ved å forklare kva som skjer og kva som kjem til å treffe oss. Det kunnskapsgrunnlaget førebur oss på endringane og vil verte heilt avgjerande for å ta gode politiske avgjerder, seier Søreide.

UiT skal levere i samanfletta problem

Eit anna program som prøver å forstå konsekvensane av endringane som er på veg, er samarbeidsprosjektet COAT – og kalla Klimaøkologisk observasjonssystem for arktisk tundra. Rolf A. Ims forklarte til Søreide korleis dei gjer heilskaplege undersøkingar av dei økologiske systema i Finnmark og på Svalbard, og at dei allereie har levert data til 244 vitskaplege artiklar.

– EU-kommisjonen har peika på at COAT bør verte ein internasjonal standard, sa Ims med ei klar oppmoding om vidare finansiering av eit vellukka prosjekt.

Rektor Dag Rune Olsen var tydeleg på at UiT skal vere eit universitet som ser det overgripande og gjeve gode grunnlag for politiske avgjerder:

– Vårt oppdrag er å ta del problemstillingar i alt frå forsvar til klima, og levere kunnskap og underlag i alle desse sterkt samanfletta områda, seier han.

Ein glad mann og dame gåande utandlrs. Dei er begge pent kledde.
Ine Marie Eriksen Søreide vart møtt av rektor Dag Rune Olsen då ho kom til Breivika. Foto: Jørn Berger-Nyvoll / UiT
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 04.09.23 14:44 Oppdatert: 04.09.23 21:37
Arktis Geopolitikk Lov og rett Om UiT Økonomi
Vi anbefaler