– Ein fantastisk dag for norsk polarforsking!

For prorektor Brekke vart siste dag på UiT-jobben ekstra spesiell. Eit prosjekt som både den nye og gamle jobben er med på fekk ein million til forprosjektering.

Portrett av ei kvinne i ein stol på eit kontor.
Avtroppa prorektor og påtroppa direktør Camilla Brekke. Foto: Lars Buseth / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 01.09.23 12:39 Oppdatert: 01.09.23 14:36
Arktis Geopolitikk Hav Om UiT

Torsdag 31. august leia Camilla Brekke sitt aller siste møte som prorektor for forsking og utvikling hjå UiT – eit dialogmøte for prosjektet Fremtidens Polhav kor ho har vore leiar for interimstyret til no.

– Det er ei storsatsing eg har jobba mykje med, og det er veldig artig at vi på dagen eg trer av som leiar får midlane som sikrar at prosjektet kan gå over i ein ny og spennande fase, seier Brekke.

Overlet leiarrolla til UiT-dekan

Ei kvinne og ein mann sitt på eit ganske tomt kontor, med kvar sin datamaskin ved eit glassbord. Ein rimeleg stor skulptur står mellom dei.
Brekke leia møtet frå sitt ikkje heilt innflytta direktørkontor på Norsk Polarinstitutt. Saman med ho sitt seniorrådgjevar Lars Buseth frå Rektors stab. Foto: Jørn Berger-Nyvoll / UiT

For i høve dialogmøtet kunne Jon Børre Ørbek frå Forskningsrådet fortelje at Fremtidens Polhav får 1 million kronar til forprosjektering. Målet er eit gigantisk, nasjonalt forskingsprogram på 1 milliard kroner over 10 år kor tilnærma heile polar- og havforskingsmiljøet i Noreg skal vere med.

Når Brekke no forlet UiT for å verte direktør for Norsk Polarinstitutt, vil ho òg forlate styreleiarrolla. Den vert tatt over av dekan for BFE-fakultetet hjå UiT, Jørgen Berge.

– Eg vil gratulere Jørgen Berge, og eg er sikker på at initiativet er i dei beste hender hjå han, seier Brekke.

Men Brekke kjem neppe til å sleppe tak i prosjektet. Norsk Polarinstitutt er òg ein del av initiativet, og ho er trygg på at det vil verte godt trykk i Framtidas Polhav framover. I tillegg er både UiT og polarinstituttet med i GoNorth-prosjektet som òg fekk 1 million kronar same dag.

Ein dag for markeringar

Brekke, som har permisjon frå professoratet sitt hjå Institutt for fysikk og teknologi, seier no enn så lengje farvel til UiT etter 15 år.

– Dette er vemodig, for eg har både opplevd så mykje artig og lært så mykje. Spesielt dei siste to åra som prorektor har vore både krevjande og fantastiske. Så då var det veldig fint å kunne markere den overgangen, takke av tidlegare leiar av Norsk Polarinstitutt, Arve Misund, etter seks gode år, og samstundes få midlar og ny giv til eit prosjekt som er viktig for meg, seier Brekke.

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 01.09.23 12:39 Oppdatert: 01.09.23 14:36
Arktis Geopolitikk Hav Om UiT
Vi anbefaler