Pris til FENDURA i USA

Female Athlete Conference er ein tung konferanse innan idrettsforskinga. I førre veke vann UiT-forskarar prisen for beste presentasjon.

Tre kvinner poserar og smilar til kamera. Ei held tommelen opp.
Tre nøgde doktorgradsstudentar: Hanne C. Staff, Madison Taylor, og Tina Engseth. Foto: John Owen Osborne
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 27.06.23 12:08 Oppdatert: 27.06.23 13:26
Helse og velferd Idrett og friluftsliv

Dei tre doktorgradsstudentane Tina Engseth, Madison Taylor, og Hanne C. Staff presenterte sine prosjekt for meir enn 650 fysiske publikummarar og dei mest meritterte akademikarane, trenarane, og legane i feltet.

The Female Endurance Athlete research project (FENDURA) er eit prosjekt hjå Idrettshøgskulen som undersøkjer korleis hormon og andre kvinnespesifikke faktorar påverkar trening og idrett. FENDURA er støtta av Tromsø Forskningsstiftelse, og er eit samarbeid med NTNU, Olympiatoppen, Noregs Skiforbund, og Noregs Skiskytterforbund.

Prosjektleiar John Owen Osborne er særs nøgd med prestasjonen på FAC i Boston, USA:

– Eg er veldig, veldig stolt av doktorgradsstudentane, og kan ikkje få fullrost dei nok for denne sigeren, seier han.

Norsk forsking er verdsleiande

Vinnarane vart valde ut av eit panel av ekspertar, noko som tyder at dei anerkjenner viktigheita av FENDURA-arbeidet, i konkurranse med forsking frå land som legg mykje prestisje og pengar inn i sport og sportsforsking, som til dømes USA og Storbritannia.

Staff presenterte historiske treningsdagbøker frå kvinnelege eliteidrettsutøvarar, Engseth presenterte sjølvrapporterte treningsdata frå ein longitudinell studie, og Taylor rapporterte objektive, laboratoriebaserte resultat. Deretter gav dei eit samandrag av kva framtida kan bli.

– Eg trur sigeren kom på grunn av kombinasjonen av forsking av høg kvalitet, og praktiske og nyttige forslag og resultat, så publikum verkeleg kunne sjå koplinga mellom forskinga og resultata. Med andre ord, korleis dataa kan brukast på deira eigne idrettsutøvarar, seier Osborne.

Ei kvinne presenterer bak ein talarstol. Slide med FENDURA på veggen bak ho.
Madison Taylor presenterer FENDURA på Female Athlete Conference. Foto: John Owen Osborne

Kortnytt fra Det helsevitenskapelige fakultet, Idrettshøgskolen
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Vi anbefaler