UiT vert sentral for «norsk» Arktisk råd

Noreg tar snart over leiarskapen i Arktisk råd, og UiT vil spele ei stor rolle, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.

Ein mann på ein scene, støtta opp mot eit høgt bord.
Klima- og miljøminister Espen Barth Eide. Foto: Kjetil Rydland / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 29.03.23 07:30 Oppdatert: 28.03.23 17:22
Arktis Bærekraft Energi Geopolitikk Hav Helse og velferd Klima Teknologi Urfolk Økonomi

Det er ei formidabel oppgåve i ei utfordrande tid Noreg no står ovanfor som leiar av Arktisk råd. I Tromsø på tysdag presenterte utanriksminister Anniken Huitfeldt og klima- og miljøminister Espen Barth Eide Noreg sine prioriteringar for Arktisk råd.

4 hovudprioriteringar framover

Frå talarstolen seier Huitfeldt at Europa er i ei brytningstid, med store konsekvensar i Arktis:

— Vi må bruke kunnskap og vår solide erfaring, men det er ikkje tvil om at det vert vanskeleg, seier ho.

Regjeringa har bestemt at Arktisk råd skal ha 4 hovudprioriteringar dei neste to åra. Dei er hav, klima og miljø, berekraftig økonomisk utvikling, og folk i nord.

— Nord-Noreg vil vere ein grøn vekstregion, og om vi skal lykkast med eit grønt skifte, må vi ha kunnskap i botnen. Der kjem UiT inn, seier klima- og miljøministeren.

UiT skal vere med

To menn på ein scene foran masse folk.
Emil Karlsen opna og avslutta arrangementet med musikk. Foto: Jessica Cook / Arctic Council Secretariat

Arktis er både ein stad kor ein ser klimaendringane først, men regionen speler òg ei viktig rolle for det globale klimaet. Samstundes er det ein region full av næring, kultur og samfunn.

— Nord-Noreg er ikkje eit museum eller eit isøyde, det er heimane til folk, seier utanriksministeren.

Les meir: Krigen i Ukraina – hva betyr den for Arktisk råd?

Rektor Dag Rune Olsen meiner det er dei riktige og viktige temaa regjeringa tar med seg inn i leiarskapet. Berekraftig utvikling, klima, og miljø er ekstra krevjande i nord, samstundes som naturen òg er ein ressurs og eit matfat:

— Alt som er av betydning for utviklinga av Arktis og nord er med. Vi er ein av dei viktigaste kunnskapsaktørane i Arktis. Vi forskar her, innoverer her, og ikkje minst, vi bur her. Då er det klart at vi skal bidra, seier rektor.

«Alt» UiT driv med kan vere relevant

Barth Eide trakk fram fleire område kor han meiner UiT er sterke; alt frå grønt karbon og batteriteknologi til databehandling og samfunnsplanlegging – omtrent alt UiT driv med kan vere relevant, seier han.

— Og eg ser gjerne at dokker koplast endå tettare opp mot næringslivet, seier Barth Eide.

Rektor reknar med at det kjem prosjekt og finansiering frå Arktisk råd for å få gjennomført det dei ønskjer å gjere.

— Då skal vi vere klare, seier Olsen.

Noreg tar formelt over leiarrolla for Arktisk råd i mai. Du finn ein pressemelding og brosjyre frå regjeringa her. Du kan sjå heile arrangementet i opptak i videoen under:

 

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 29.03.23 07:30 Oppdatert: 28.03.23 17:22
Arktis Bærekraft Energi Geopolitikk Hav Helse og velferd Klima Teknologi Urfolk Økonomi
Vi anbefaler