EU-kommissæren for miljø, hav og fiskeri vil møte UiT

Virginijus Sinkevičius, EU-kommissær for miljø, hav og fiskeri kjem til Arctic Frontiers og Tromsø i mai. I eit opent foredrag på UiT vil han diskutere EU og eit Arktis i endring med oss som bur her.

Ein mann snakkar, sittande i eit parlament eller liknande
Virginijus Sinkevičius, EU-kommissær for miljø, hav og fiskeri. Foto: Europaparlamentet
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 22.04.22 14:26 Oppdatert: 04.05.22 14:22
Arktis Bærekraft Samfunn og demokrati

Å møte forskarar og studentar frå UiT står høgt på agendaen til Virginijus Sinkevičius, EU sin kommissær for miljø, hav og fiskeri når han kjem til Tromsø. Den 32 år gamle politikaren har vore EU-kommissær sidan 2019, og er tidlegare finansminister i Litauen og parlamentsmedlem for partiet Litauens forbund for bønder og grøne. Han er sterkt engasjert i miljøpolitikk og har sjølv bedt om å få møte forskarar og studentar frå UiT Noregs arktiske universitet.

9. mai kjem han til Store auditorium på Noregs Fiskerihøgskule for å helde et foredrag om EU sin sterke interesse for Arktis og rolla EU ønskjer å spele for berekraftig og inkluderande utvikling. Han vil snakke om korleis EU jobbar for fred, stabilitet og samarbeid i Arktis, og korleis dei vil ta kampen mot klimaendringane.

Etter foredraget opnar me for spørsmål og diskusjon kring EU og Arktis med kommissæren. Både foredraget og diskusjonen etterpå vil vere på engelsk.

Arrangementet er opent for alle, les meir her.


Kortnytt fra Fakultet for biovitenskap, fiskeri og økonomi, Handelshøgskolen ved UiT, Norges fiskerihøgskole
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Vi anbefaler