Møt EU-kommissæren for miljø, hav og fiskeri

Virginijus Sinkevičius, EU-kommissær for miljø, hav og fiskeri kjem til Arctic Frontiers og Tromsø i mai og ønskjer å snakke med oss om EU og eit Arktis i endring.

Me veit alle kor viktig Arktis er, både for matproduksjon, energi og geopolitikk. Me veit òg kor store utfordringar nordområda står ovanfor, først og fremst frå klimaendringane, men og frå geopolitiske og økonomiske endringar i verda.

Virginijus Sinkevičius, EU sin kommissær for miljø, hav og fiskeri, vil helde eit kort foredrag om EU sin sterke interesse for Arktis og rolla EU ønskjer å spele for berekraftig og inkluderande utvikling. Sinkevičius vil vise korleis EU jobbar for fred, stabilitet og samarbeid i Arktis, og korleis dei vil ta kampen mot klimaendringane.

Ein mann talar i eit parlament.
Virginijus Sinkevičius, EU-kommissær for miljø, hav og fiskeri. Foto: EU

Sinkevičius vil analysere desse komplekse og utfordrande utviklingane, og korleis EU er og vil fortsetje å bidra til ein berekraftig og rettferdig utvikling av arktiske samfunn, arktisk natur og økosystem.

Etter foredraget opnar me for spørsmål og diskusjon kring EU og Arktis. Både foredraget og diskusjonen etterpå vil vere på engelsk. Arrangementet skjer i Store auditorium på Noregs Fiskerhøgskule og er opent for alle som vil delta.

Virginijus Sinkevičius (født i 1990) er frå Litauen og har vore EU-kommissær sidan 2019. Han har vore finansminister og parlamentsmedlem i sitt heimland. Han har ein bachelor I International Relations and Affairs frå Aberystwyth University og ein mastergrad i European International Affairs frå Maastricht University.

Når: 09.05.22 kl 08.30–09.30
Hvor: E101 Store auditorium på NFH
Sted: Tromsø
Målgruppe: Ansatte, Studenter, Gjester / eksterne, Inviterte
Ansvarlig: Kjetil Rydland
Legg i kalender