Språk og samfunn
Språk og samfunn er eit ope fagleg nettverk for vitskapleg tilsette på eller med tilknyting til Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning. Dei arbeider i ulik grad med problemstillingar som gjeld tilhøvet mellom språk og samfunn.
Foto: Kurt Johnsen |
|
Nettverket i si noverande form har vore i aktivitet sidan hausten 2003, men vidarefører eit arbeid med språk og samfunn som heile tida har stått sentralt ved Universitetet i Tromsø. Forskarar i nettverket arbeider mellom anna med emne som geografisk og sosial variasjon, fleirspråklegheit og språkkontakt, språk og kjønn, språkplanlegging og språknormering, namnegransking, diskurs- og samtaleanalyse, språklege tekst- og sjangerstudium med meir. Nordnorske språkforhold står sentralt, men både andre språkområde og allmenne teoretiske problemstillingar er aktuelle. Forskingsgruppa LAIDUA spring ut av Språk og samfunn-nettverket. Har du spørsmål om Språk og samfunn?Kontakt professor Hilde Sollid. |
Kveldsseminar hausten 2018
Tysdag 11. september kl. 18.00, E0103
Tove Bull:
Ideologi i språkhistorieskriving: Presentasjon av bind III av Norsk språkhistorie ved bindredaktøren
Meir informasjon finn du her.
Tysdag 16. oktober kl. 18.00, E0103
Anja Pesch:
Å skape rom for flerspråklighet. En studie av diskursive vilkår for barnehagens språklige praksis med flerspråklige barn.
Meir informasjon finn du her.