Språk og samfunn-seminar: Ideologi i språkhistorieskriving

Presentasjon av bind III av Norsk språkhistorie ved bindredaktør Tove Bull

Ei rekkje leiande språkforskarar ved norske universitet og høgskolar har nyleg skrive eit nytt norsk språkhistorisk verk i fire bind. Dette er den første store samanhengande norske språkhistoria, og målet har vore å lage eit oppdatert og moderne fagleg referanseverk basert på nyare forsking. Språkhistoria skal gje ny innsikt i og ny forståing for samanhengar i norsk språk og det norske språksamfunnet. Ei språkhistorie gir viktige premissar for den kulturelle sjølvforståinga i samfunnet, og derfor er denne disiplinen ein sentral undervisningsdisiplin i nordiskfaget. Gjennom forskingsbasert undervisning på universitets- og høgskolenivå blir nye innsikter formidla til skoleverk og allmennkultur. Eit nyskrive språkhistorieverk kan sikre enda betre denne «innsiktsflyten» frå forskingsmiljø til allmente.

Det tredje bindet av Norsk språkhistorie har undertittelen Ideologi og er nyleg kome ut med Tove Bull som bindredaktør. Dette bindet handlar om språkpolitikk i vid forstand, med andre ord om idear og forestillingar om kva språk er, om oppfatningar av og holdningar til språk, diakront og synkront. Det tar vidare for seg sentrale trekk ved norsk språkhistorieskriving og ved norsk normerings- og standardiseringshistorie. I tillegg får nasjonale og regionale språkidentitetar ein sentral plass i bindet.

På kveldsseminaret presenterer Tove Bull dette tredje bindet samstundes med at vi får ein introduksjon til temaet ideologi i språkhistorieskriving meir generelt.

Språk og samfunn-gruppa stiller med enkel servering. Alle er hjarteleg velkomne!

Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne
Informasjon
Når: 11. september 2018 kl. 18.00–20.00
Hvor: E0103 (SVHUM)
Studiested: Tromsø
Målgruppe: studenter, inviterte
Kontakt: Åse Mette Johansen