ProTed - Senter for framifrå utdanning. Senteret er det første i sitt slag i Noreg og er eit samarbeid mellom universiteta i Oslo og Tromsø. Opninga går difor føre seg begge stader - med tovegs lyd- og biletoverføring." /> ProTed - Senter for framifrå utdanning. Senteret er det første i sitt slag i Noreg og er eit samarbeid mellom universiteta i Oslo og Tromsø. Opninga går difor føre seg begge stader - med tovegs lyd- og biletoverføring." />

Senter for framifrå utdanning opna

I dag er det stor opning av ProTed - Senter for framifrå utdanning. Senteret er det første i sitt slag i Noreg og er eit samarbeid mellom universiteta i Oslo og Tromsø. Opninga går difor føre seg begge stader - med tovegs lyd- og biletoverføring.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 03.05.12 00:00 Oppdatert: 10.05.12 10:27

Noko av det unike - men også utfordrande - med senteret, er samarbeidet mellom to institusjonar langt frå kvarandre geografisk. Men på opningsdagen var det nærleik og ikkje distansen som prega stemninga mellom dei to videooverførande samarbeidspartane.

Siw Skrøvset og Ingrid Bjørnsdatter Wikeland presenterte den nye læreboka Utdanningslære. Alle foto: Sigrun Høgetveit Berg

Helsingstaler og gode døme

Etter ein opningssesjon frå Universitetet i Oslo, med helsingar frå mellom andre Kunnskapsdepartementet, NOKUT, Utdanningsdirektoratet og forskingsrådet, tok Universitetet i Tromsø over og synte fram forskingsprosjekt, forskingsbasert undervisning, studentmedverkande lærebokskriving - og ikkje minst fornøgde studentar frå den femårige piloten; masterlærarutdannninga. Alt dette døme på kva som har kome ut av satsinga på lærarutdanning i Tromsø - med Pilot i Nord og universitetsskolesamarbeidet, begge medverkande til at ProTed vart utnemnd til det første Senter for framifrå utdanning.

Lærarutdanning i internasjonalt perspektiv

Etter lønsj held opninga fram med innlegg frå professor Sven-Erik Hansén frå Åbo Akademi og professor Ian Menter frå Oxford University - og student Mari Bjørnsdotter Vinjar som skal prate om "Derfor internasjonalisering!".

Opningsseminaret blir avslutta med innlegg med fleire døme frå norsk lærarutdanning. Les heile programmet her.

Prosjektleiar Wenche Jakobsen og sudentane Fredrik Aronsen og Marte Skrivervik delte erfaringar frå den nye lærarmasterutdanninga. Opningsseminaret blir videooverført mellom Tromsø og Oslo. Instituttleiar Sonni Olsen på Institutt for lærarutdanning og pedagogikk leier seansen i Tromsø.

Les også:

 

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 03.05.12 00:00 Oppdatert: 10.05.12 10:27
Vi anbefaler