Norsk

1940-tallet som den formative perioden i nordområdene

Forskningsgruppen Nordfront til isfront har kommet ut av tre ulike prosjekter som er i sin siste fase: 

  1. Asymmetrisk naboskap: Norge og Russland 1914 til 2014
  2. Barentshistorie og Encyclopaedia
  3. Norsk polarpolitikk 1870-2014

Gruppen vil forstette å jobbe med spørsmål reise i disse tre prosjektene, men i et mer avgrenset felt, nemlig 1940-tallet som en formativ periode i utviklingen av nordområdene som en strategisk viktig front preget både av militarisering og forsøk på å begrense spenning. Den andre verdenskrig og den teknologiske utviklingen førte til at arktis fikk en militær betydning det ikke tidligere hadde hatt. Dette fortsatte gjennom Den kalde krigen, noe som reflekteres i forskningsgruppens navn. 

Samtidig som den militære realiteten vedvarte så man i 1940-årene en ny politikk beregnet på å redusere spenningen overfor Sovjetunionen. Dette ble reflektert i brobyggingspolitikken fra 1944 til 1947/48. På sovjetisk side ble dette reflektert i en politikk med uttalt mål om en "arktisk balanse" i slutten av 40-årene. 

Forskningsprosjektet sporer også dualiteten mellom militariseringen og forsøkene på å opprettholde en lavspenningspolitikk gjennom Den kalde krigen, basert på en hypotese om at måten denne balansen ble håndtert på la grunnlaget for for utviklingen av Arktis som en region med ny internasjonal betydning i tiårene etter Sovjetunionens sammenbrudd. 

Bakgrunn
Andre verdskrigen er det framleis stor interesse for blant det allmenne publikummet i Nord-Norge. Dette er interessant i seg sjølv, men det skaper også eit trykk i retning av å produsera vitskapsbaserte nytolkingar.

Det er også eit felt der internasjonal kontekst har vore lite framme i analysane. Den komplekse internasjonale dimensjonen er særleg viktig for å forstå det som skjedde den siste krigsvinteren, der London-regjeringa måtte manøvrera mellom Sovjetunionen og dei vestlege allierte. Regjeringa frykta at den skulle stå aleine med Sovjetunionen i nord etter at dei allierte prioriterte landgang på kontinentet sommaren 1944 og ønska å halda ei hand på rattet i frigjeringa av det nordlegaste Nord-Norge, eit område som truga med å bli eit ingenmannsland. Dette skapte spenningar mellom norske styresmakter og dei allierte i vest og aust, og spenningar mellom London og befolkninga i Finnmark. Innbakt i dette låg også nye krav frå Sovjetunionen i forhold til Svalbard og Bjørnøya.

Dei norske bidraga i frigjeringa av Finnmark er lite utforska, både når det gjeld sivilbefolkninga og norske troppar frå Sverige og Skottland, likeeins spørsmålet om omfang av økonomisk og politisk kollaborasjon og norsk medverknad på tysk side. Perioden mellom frigjeringa og den sovjetiske tilbaketrekkinga frå Aust-Finnmark i september 1945 er omtrent ikkje omhandla i faglitteraturen. Spørsmålet om det alt i 1945 låg ei posisjonering framfor ein situasjon med auka spenningar mellom aust og vest er også relevant.

Etter andre verdskrigen fekk nordområda ein viktig plass under den kalde krigen, med den norsk-sovjetiske grensa som ei grense også mellom dei to blokkene etter det norske NATO-medlemskapet i 1949. Mellom krigstidsalliansen og den prosessen som førte fram til vestvendinga i 1948/49 låg brubyggingspolitikken, som handla om å halda lågspenning i høve til Norges mektige nabo i aust.

Det er dei nordlege periferiane i dei fire landa, Norge, Sverige, Finland og Sovjetunionen, som møtast i nordområda og desse er særs eigna som komparasjonsobjekt, med ein høveleg miks av skilnader og likskapar. Felles er erfaringa av å vera ein del av eit område som fekk heilt ny strategisk betydning. Felles er også 1940-talet som ein periode med modernisering – tvers gjennom krig og dei første etterkrigsåras satsingar, noko som kan sjåast som eit av grunnlaga for oppkomsten av nordområda som ein moderne geopolitisk realitet.



Ansvarlig for siden:
Sist oppdatert: 07.11.2018 10:14