Filosofi - master

STUDIESTED: Tromsø
Studiekatalog_klar_04_2.jpg

Filosofifaget studerer føresetnadene for etiske val, sosial og politisk organisering, kunnskap, vitskap og argumentasjon. Som masterstudent kan du fordjupe deg i samtidsaktuelle spørsmål om blant anna fridom, rettferd, demokrati, fleirkulturalisme og klima. Du kan skrive masteroppgåve innafor alle områda av filosofien.

 

Institutt for filosofi sitt satsingsområde er praktisk filosofi. Instituttet har forskingsgrupper i politisk filosofi, etikk og miljøfilosofi. Som masterstudent kan du delta på arrangement i regi av alle desse gruppene.

Fakta

Varighet:2 År
Studiested: Tromsø
Studiepoeng:120
Gradsnavn:Master i filosofi
Opptakskrav:Bachelorgrad eller tilsvarende i filosofi
Søknadsfrist:15. april/1. november
Søknadskode:5037
Søk studiet

Oppbygging av studiet:

 

Mastergradsprogrammet består av ein opplæringsdel og ei masteravhandling, kvar på 60 studiepoeng.

Opplæringsdelen består av seks 10 stp.-emne, der eitt er obligatorisk. Dei andre fem vel ein blant dei masteremna som instituttet tilbyr dei ulike semestra. Dei valfrie emna har same form og struktur. Det blir gitt 10-12 førelesingar/seminar i eit par emne kvart semester. Dei har eit pensum på 7-800 sider. Det inngår eit arbeidskrav i form av ei øvingsoppgåve på 5 sider, eller munnleg presentasjon, over oppgitt emne. Eksamen består av ei semesteroppgåve på 10-12 sider, der tema og problemstilling blir avklart med faglærar.

Masteravhandlinga, FIL-3900, er eit sjølvstendig arbeid på ca. 80 sider, over eit sjølvvalt tema, som blir følgt opp av ein fagleg rettleiar.

I tillegg vel studenten eit fordjupingspensum på 7-800 sider der minst halvparten er originallitteratur.

Både tema for avhandlinga og fordjupingspensumet skal godkjennas av rettleiaren.


Progresjon i studiet:

Vi rår studentane til å arbeide med avhandlinga parallelt med at dei tar dei obligatoriske emna dei tre første semestra, og konsentrerer seg heilt om oppgåva det siste semesteret. Arbeidet med oppgåva bør ein kome i gang med i samarbeid med rettleiaren alt frå første semester. Dette arbeidet startar med Prosjektseminaret i det første semesteret, der ein også tar valemne.

I dei påfølgjande to semestra bør ein ta valemne parallelt med oppgåvearbeidet, mens ein i det siste semesteret konsentrerer seg kun om avhandlinga.

Semester 10 studiepoeng 10 studiepoeng 10 studiepoeng
1. sem (høst)
Valgemne
2. sem (vår)
Valgemne
Valgemne
3. sem (høst)
Valgemne
Valgemne
4. sem (vår)

Etter fullført studium og oppnådd grad skal studentane ha desse læringsresultata:

Kunnskapar

  • Har avansert kunnskap om dei sentrale klassiske og samtidige teoriane og tradisjonane i filosofien, og har inngåande kunnskap om både fagets historie og sentrale politiske, filosofiske, etiske og analytiske teoriar.
  • Har spesialisert kunnskap om det emnet og dei filosofiske problema som blir drøfta i masteroppgåva.
  • Kan nytte filosofifagets teoriar og tradisjonar i sjølvstendige og kritiske diskusjonar og analysar av nye område innafor fagområdet.
  • Kan analysere fagleg relevante problemstillingar og praktiske etiske og politiske spørsmål, med utgangspunkt i filosofifagets metodar, omgrep, tradisjon og eigenart.

Ferdigheiter

  • Kan analysere og stille seg kritisk til ulike filosofiske teoriar både i klassisk og samtidig filosofi, samt ulike vitskaplege tradisjonar. Kan bruke ferdigheitene til kritisk analyse av filosofiske spørsmål og til å formulere sjølvstendige problemstillingar og argument.
  • Kan gjennomføre sjølvstendig kritisk refleksjon og argumentasjon over ulike filosofiske problemstillingar, teoriar og metodar, samt praktiske etiske og politiske problemstillingar, slik at det kan tene som grunnlag for vidare arbeid med filosofiske problem på ein sjølvstendig måte på eit vitskapeleg nivå.
  • Kan gjennomføre eit sjølvstendig forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing i tråd med gjeldande forskingsetiske normer.

Generell kompetanse

  • Kan identifisere og analysere relevante praktisk-filosofiske, kunnskapsteoretiske og vitskapsteoretiske problemstillingar.
  • Kan nytte kunnskapane og ferdigheitene innafor forskingsaktivitet og andre område som krev argumentative og analytiske ferdigheiter.
  • Kan formidle eigne filosofiske refleksjonar og problemløysingar ved hjelp av filosofiske omgrep.
  • Kan formidle og kommunisere klassiske og samtidige filosofiske teoriar og problemstillinger, både frå eit historisk og analytisk perspektiv, til både spesialistar og andre, for eksempel elevar og studentar på lågare nivå (ex.phil).

For opptak til masterstudiet i filosofi krev ein avlagd bachelorgrad i filosofi med ei fordjuping på minimum 80 studiepoeng i filosofi eller tilsvarande. Fordjupinga skal ha ein studieprogresjon der minimum 20 studiepoeng er på 2000-nivå eller tilsvarande. Det blir sett eit fagleg minstekrav for opptak på karakteren C, som blir rekna ut frå eit gjennomsnitt av karakterane i fordjupingsemna.

 

Undervisingsformer

Undervisinga blir gitt i form av førelesingar og seminar.


Masteroppgåva må ein ta ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudier, men ein kan ta filosofiemne ved samarbeidsuniversiteta til instituttet. Instituttet tilrår at ein tar utanlandsopphald tidleg i studiet. Godkjenning av utanlandsstudie skjer etter søknad.

Masterstudiet i filosofi kvalifiserer for arbeid innafor forsking, kultursektoren, administrasjon og organisasjon, journalistikk og redaksjonsarbeid. I kombinasjon med andre undervisingsfag og praktisk-pedagogisk utdanning kvalifiserer ein mastergrad i filosofi til undervising i grunnskole og vidaregåande skole.
Under gitte karakterkrav kvalifiserer ein mastergrad i filosofi for opptak til ph.d.- programmet i filosofi og eventuelt andre fag.


Kontakt
IFF, Pål Bye jensen

Jensen, Pål Bye


Kontorsjef
Telefon: 77644288 pal.bye.jensen@uit.no

Herbjørg-Kristiansen

Herbjørg Anie Kristiansen


Førstekonsulent
Telefon: 77623219 herbjorg.kristiansen@uit.no

Sørensen, Grethe


Førstekonsulent
Telefon: 77644857 grethe.sorensen@uit.no

Skip to main content