Sosiolingvistikk
Om emnet
Emnet kan takast som eit enkeltemne og er eit valemne i master i litteratur/språk, studieretning nordisk og lektorutdanning 8-13, studieretning nordisk.
Tema for emnet er språkbruk og språkleg variasjon sett i lys av utanomspråklege tilhøve som geografi, sosial gruppe, kjønn, alder, kommunikasjonssituasjon o.a. Både teoretiske drøftingar og empiriske granskingar blir vektlagde. Kva for sosiolingvistiske forhold som blir tekne opp, kan variere, og vektlegginga av teori og empiri kan òg variere.
Opptakskrav
Søknadskode 9371 - Enkeltemne på masternivå.
Opptakskrav: Bachelor i språk og litteratur (eller tilsvarande gradsutdanning) med fordjuping i norsk språk og litteratur på morsmålsnivå (80 studiepoeng). Av dei 80 studiepoenga (stp) i fordjuping må 60 stp vere frå 1000-nivå og 20 stp frå 2000-nivå, og det er eit krav om eit karaktergjennomsnitt tilsvarande C eller betre i emna som inngår i graden. I merknadsfeltet må du oppgje emnekoden på emnet du ynskjer å søke opptak til.
Kva lærer du
Etter bestått emne har studentane følgjande læringsutbyte:
Kunnskapar
Studentane:
- har fordjupa kunnskapsgrunnlag (i høve til BA-programmet) og teoretisk og metodisk innsyn i utvalde sider av forholdet mellom språk og samfunn
- forstår korleis språk og samfunn interagerer, både på generelt grunnlag og spesielt med utgangspunkt i empiri frå nordiske språksamfunn
Ferdigheiter:
Studentane kan:
- analysere norskspråklege tekstar og diskursar i eit språksosialt perspektiv
Undervisning og pensum
Om lag 26 timar. Forelesing, gruppearbeid og arbeidsoppgåver.
Kvalitetssikring av emnet:
Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Programstyret avgjer kva for emne som skal evalueras av studentar og lærar kvart år.
Undervisnings- og eksamensspråk
Undervisnings- og eksamensspråk er norsk.Pensum
Du kan se og få tilgang til deler av pensum via Leganto.
Pensumliste for NOR-3032 - Sosiolingvistikk (HØST 2022)Søknadsfrist
Eksamen
| Oppgave | Innlevering: 30.11.2022 13:00 Varighet: 1 Semester |
Karakterregel: A–E, stryk F |
Følgende arbeidskrav må være gjennomført og godkjent før man kan framstille seg til eksamen
| Muntlig presentasjon | Karakterregel: Godkjent – ikke godkjent |
Alt du trenger å vite om før, under og etter eksamen, oppmelding, fravær klage og vitnemål: UiTs samleside om eksamen
Mer info om arbeidskrav
For å kunne gå opp til eksamen må studenten leggje fram (til fastsett frist) ein munnleg presentasjon av en artikkel frå pensum innan ein fastsett frist.
Arbeidskrav vert evaluerte med godkjent/ikkje godkjent.
Mer info om vurderingsform oppgåve
Eksamen består av:
- Semesteroppgåve (ca. 10 s.) med sjølvvald emne. Emnet skal veljast i samråd med faglærar, og oppgåva skal skrivast under rettleiing i løpet av semesteret.
Eksamensspråket er norsk. Valfri målform bokmål eller nynorsk. Ved alle eksamenar i nordisk vert rett og god språkføring vektlagd.