Norsk som andrespråk
Om emnet
Emnet kan takast som enkeltemne og er eit valgfritt emne for studentar på bachelorgradsprogram i nordisk språk og litteratur og lektor i språk og samfunnsfag 8-13, studieretning nordisk.
Emnet gir ei innføring i kva eit andrespråk er, og kva som kjenneteiknar variantar av mellomspråk. Det blir gitt ei grundig innføring i ulike andrespråksteoriar, og korleis ein kan bruke desse til å analysere norsk språkbruk hos andrespråksinnlærarar. Hovudvekta vil bli lagt på undersøkingar og analyse av sjølve språksystemet (fonologi, vokabular, morfologi og syntaks). Ulike aspekt ved norsk grammatikk vil bli presentert i eit samanliknande perspektiv. Teoretiske aspekt ved andrespråkstileigning blir også i nokon grad kopla til andrespråksundervising.
Opptakskrav
Opptakskrav: Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Søknadskoden er: 9199 - enkeltemne lågare grad (ikkje realfag).
Emnet kan takast som enkeltemne.
Kva lærer du
I løpet av kurset skal studentane få forståing for relevansen av undervisings- og forskingsfeltet norsk som andrespråk i skule og samfunnsliv.
Etter bestått emne har studentane følgande læringsutbytte:
Kunnskapar:
Studenten har kunnskap om:
- andrespråkstileigning, og korleis denne skil seg frå førstespråkstileigning og fleirspråklegheit
- ulike teoriar om universalgrammatikken og morsmålet si rolle i andrespråkstileigning
- kva eit andrespråk er, og kva som kjenneteiknar mellomspråksvariantar
- sentrale omgrep, teoriar, analysemodellar og metodar i andrespråksforsking
Ferdigheiter:
Studenten kan:
- bruke det teoretiske analyseapparatet på ein sjølvstendig måte
- grunngi analysar av sentrale fenomen i norsk som andrespråk
- diskutere spesielle utfordringar ved det å tileigne seg norsk som andrespråk
- presentere fagstoffet munnleg og skriftleg
Forkunnskapskrav
Anbefalte forkunnskaper
NOR-1012 Talemål og språklig mangfold, NOR-1022 Talemål og språklig mangfold. Spesialemne for internasjonale studenter
Obligatorisk forkunnskapskrav
NOR-1011 Moderne språkstruktureller NOR-1021 Moderne språkstruktur. Spesialemne for internasjonale studenter
Studiepoengreduksjon
Du vil få en reduksjon i antall studiepoeng (som oppgitt under), dersom du avlegger eksamen i dette emnet og har bestått følgende emne(r) fra før av:
- NOR-2055 Norsk som andrespråk. Spesialemne for internasjonale studenter. 10 stp
- NOR-6004 Norsk som andrespråk 10 stp
- NOR-3045 Norsk som andrespråk 10 stp
Undervisning og pensum
Undervising i form forlesingar og diskusjonar.
Kvalitetssikring av emnet: Alle emne skal evaluerast ein gong i løpet av programperioden. Stuidieprogramleiar avgjer kva slags emne som skal evaluerast av studentar og lærar per år.
Undervisnings- og eksamensspråk
Undervisnings- og eksamensspråk er norsk.Valfri målform bokmål eller nynorsk.
Ved alle eksamenar vert rett og god språføring vektlagt.
Pensum
Du kan se og få tilgang til deler av pensum via Leganto.
Pensumliste for NOR-2045/2055 Norsk som andrespråk - HØST 2025Eksamen
| Hjemmeeksamen | Innlevering: 04.12.2025 14:00 Utlevering: 27.11.2025 09:00 Varighet: 1 Uker |
Karakterregel: A–E, stryk F |
Følgende arbeidskrav må være gjennomført og godkjent før man kan framstille seg til eksamen
| En muntlig presentasjon | Karakterregel: Godkjent – ikke godkjent |
| En skriftlig øvingsoppgave | Karakterregel: Godkjent – ikke godkjent |
Alt du trenger å vite om før, under og etter eksamen, oppmelding, fravær klage og vitnemål: UiTs samleside om eksamen
Mer info om arbeidskrav
- ein munnleg presentasjon i par/grupper på 2-3 studentar
- ei skriftleg øvingsoppgåve
Målform i skriftleg arbeidskrav: nynorsk
Arbeidskrava er gyldige i eitt semester.