Emnekode: NOR-1021

Moderne språkstruktur. Spesialemne for internasjonale studenter

Søk mellom 20. juli og 9. august
Studiested Tromsø
Semester / år Høst 2026
Varighet 1 semester
Nivå Grunnleggende emner, nivå I
Studiepoeng 10

Om emnet

Emne kan takast som enkeltemne og er eit tilbod til internasjonale studentar som har norsk eller nordisk språk og litteratur som studiefag ved eit utanlandsk universitet. Dersom studenten seinare tek eksamen i emnet NOR-1011, fell studiepoenga for dette emnet vekk.

Emnet gjev ei grunnleggande innføring i fonologi, morfologi og syntaks i moderne norsk, i nokon monn også grunnleggande strukturelle skilnader mellom norsk og andre nordiske språk. Studiet av fonologi er framom alt knytt til transkripsjon (med fokus på å lære å transkribere eigen dialekt med IPA, men i mindre grad markering av lengde og trykk) og stavingsstruktur. Studiet av morfologi er knytt til ordklassar, ordlaging og ordstruktur i norsk. I syntaks lærer ein grunnleggande setningsanalyse. Emnet gjev også ei kort innføring i norsk som andrespråk og pragmatikk.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Forkunnskap i norsk: Kunnskap tilsvarande "NOR-0100 Norsk språk, litteratur og kultur for internasjonale studenter".

Søknadskode 9199 - Enkeltemne (ikkje realfag) lågare grad.

Hva lærer du

Etter greidd eksamen har studentane følgjande læringsutbyte:

Kunnskapar

Studenten har:

• grunnleggande kunnskapar om moderne norsk fonologi, morfologi og syntaks, i nokon monn også svensk og dansk språkstruktur

• kjennskap til norsk som andrespråk, semantikk og pragmatikk

Ferdigheiter

I samsvar med teoriar og metodar som emnet bygger på kan studenten:

• analysere moderne norsk - i nokon monn også svensk og dansk - fonologi, morfologi og syntaks

• sjå semantisk og pragmatiske relasjoner i norsk språk

• gjere ei grunnleggande analyse av ein norsk andrespråkstekst

Studiepoengreduksjon

Du vil få en reduksjon i antall studiepoeng (som oppgitt under), dersom du avlegger eksamen i dette emnet og har bestått følgende emne(r) fra før av:

  • NOR-1011 Moderne språkstruktur 10 stp
  • NORD-102 Nordisk grunnfag, språklig del 10 stp
  • NORDGFS Nordisk grunnfag, språklig del 10 stp

Undervisning og pensum

Undervisninga er i form av forelesningar, seminar og øvingar.

Kvalitetssikring av emnet:

Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet av programperioden på bachelorgradsnivå. Studieprogramleiar avgjer kva for emne som skal evaluerast av studentar og lærar kvart år.

Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisningsspråk: Norsk eller eit anna skandinavisk språk. Pensumlitteraturen er på norsk, og evt. andre skandinaviske språk og engelsk.

Eksamensspråk: norsk, svensk eller dansk.

Pensum

Du kan se og få tilgang til deler av pensum via Leganto.

Pensumliste for NOR-1011 - Moderne språkstruktur (HØST 2026)

Timeplan

Timeplanene ferdigstilles og publiseres normalt i god tid før semesterstart, ofte noen uker i forkant. Dette gir studentene mulighet til å organisere studiene sine og forberede seg på kommende aktiviteter.

Det anbefales å sjekke timeplanen jevnlig, da det kan forekomme endringer.

Information to incoming exchange students

Dette emnet er ope for utvekslingsstudentar som oppfyller opptakskrava (sjå avsnittet "Opptakskrav" og «Emnetype»). Emnet bør takast som ein del av ei emnepakke.

Eksamen

Eksamener
Skriftlig skoleeksamen Dato: 15.12.2026 09:00 Varighet: 6 Timer Karakterregel:
A–E, stryk F
Obligatoriske arbeidskrav

Følgende arbeidskrav må være gjennomført og godkjent før man kan framstille seg til eksamen

Skriftlig arbeidskrav 1 Karakterregel:
Godkjent – ikke godkjent
Skriftlig arbeidskrav 2 Karakterregel:
Godkjent – ikke godkjent
Skriftlig arbeidskrav 3 Karakterregel:
Godkjent – ikke godkjent

Alt du trenger å vite om før, under og etter eksamen, oppmelding, fravær klage og vitnemål: UiTs samleside om eksamen

Mer info om arbeidskrav

Tre obligatoriske skriftlege oppgåver. Språk: norsk, svensk eller dansk.

Arbeidskrava er gyldige i eitt semester.

Kontinuasjonseksamen

Det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studentar som ikkje har bestått siste ordinære eksamen i dette emnet.

Andre år og semester

Kontakt oss

Ansvarlig enhet: Institutt for språk og kultur E-post: hsl-instadm@uit.no Telefon: 77660793