høst
2026
HIS-3032 Drivkrefter og motkrefter i historia - 10 stp
Opptakskrav
Søknadskode 9371 - enkeltemne på masternivå.
Fullført bachelorgrad eller tilsvarande. Bachelorgraden må ha ei faglig fordjupning på minimum 80 studiepoeng i historie. Det blir kravd at minimum 30 studiepoeng av fordjupninga er på 2000-nivå (påbyggingsnivå). (Det blir gitt unntak frå fordjupingspoeng i historie for bachelor i Russlandsstudier. Her er 70 studiepoeng fordjuping tilstrekkeleg som opptaksgrunnlag.).
Det blir stilt eit fagleg minstekrav for opptak på karakteren C (2,5). Karakteren blir berekna som eit vekta gjennomsnitt av alle emne som inngår i opptaksgrunnlaget. Emne med vurderingsuttrykk "bestått" blir ikkje inkludert i utrekninga.
Innhold
Emnet tek utgangspunkt i at historiske endringsprosessar sjeldan er lineære eller eintydige. Politiske, økonomiske, kulturelle og sosiale endringar blir drivne fram av ulike aktørar, strukturar og idear, og møtt av motstand, omkampar og og ønsket om alternative utviklingsvegar. Emnet er realhistorisk og arbeider med omgrepspar som verktøy for historisk forklaring, til dømes sentrum-periferi, elite-folkeleg, urban-rural, modernisering-tradisjon og reaksjon-revolusjon. Emnet gir kompetanse som er relevant for vidare studium og analytisk arbeid på mastergradsnivå, og for historiefagleg formidling og undervisning.Hva lærer du
Etter bestått emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten:
- har ei avansert forståing av kva som skaper samfunnsendring over tid
- har avansert kunnskap om omgrepspar som analytiske verktøy for historisk forklaring
- har ei kritisk og sjølvstendig haldning til kjeldemateriale og faglege framstillingar
- har inngåande kunnskap til korleis historikarar forklarer samfunnsendringar og om historiefagets metode, tradisjonar og samfunnsmessige eigenart
Ferdigheiter
Studenten:
- kan bruke relevante omgrepspar til å forklare historiske endringsprosessar
- kan bruk eksisterande teoriar til å analysere samspel mellom historiske aktørar, strukturar og idear
- kan gjennomføre ei sjølvstendig, avgrensa framstilling av historiske fenomen eller problemområde ved hjelp av historiefaglege teoriar og i tråd med fagets eigenart
- drøfte korleis historiske forklaringar blir bygde opp og avgrensa
Timeplan
Eksamen
| Vurderingsform: | Varighet: | Karakterskala: |
|---|---|---|
| Muntlig eksamen | 30 Minutter | A–E, stryk F |
Obligatoriske arbeidskrav:Følgende arbeidskrav må være gjennomført og godkjent før man kan framstille seg til eksamen: |
||
| Skriftlig arbeidskrav | Godkjent – ikke godkjent | |
| Veiledning | Godkjent – ikke godkjent | |
| Muntlig fremlegg | Godkjent – ikke godkjent | |
- Om emnet
- Studiested: Tromsø |
- Studiepoeng: 10
- Emnekode: HIS-3032
- Ansvarlig enhet
- Institutt for arkeologi, historie og religionsvitenskap
- Spørsmål om emnet
-
E-post: hsl-instadm@uit.no
Telefon: 77660793
- Tidligere år og semester for dette emnet