Komparativ historie – samfunnsendring på tvers av tid og rom
Om emnet
Emnet inngår i master i historie og lektor 8-13 studieretning historie.
Emnet kan tas som enkeltemne.
Emnet gir ei innføring i komparasjon som historisk analyseform. Gjennom å samanlikne ulike historiske case kan ein identifisere både strukturelle mønster, lokale særtrekk og variasjon i utfall. Tema og periode kan variere frå semester til semester. Casa kan vere politiske, sosiale, økonomiske, kulturelle eller territorielle, og skal opne for variasjon i utfall, utviklingsbanar eller strukturelle mønster. Emnet er realhistorisk forankra og gjev studentane trening i å bruke komparasjon som verktøy for historisk forklaring og forståing. Emnet gir kompetanse som er relevant for vidare studium og analytisk arbeid på mastergradsnivå, og for historiefagleg formidling og undervisning.
Opptakskrav
Fullført bachelorgrad eller tilsvarande. Bachelorgraden må ha ei faglig fordjupning på minimum 80 studiepoeng i historie. Det blir kravd at minimum 30 studiepoeng av fordjupninga er på 2000-nivå (påbyggingsnivå). (Det blir gitt unntak frå fordjupingspoeng i historie for bachelor i Russlandsstudier. Her er 70 studiepoeng fordjuping tilstrekkeleg som opptaksgrunnlag.).
Det blir stilt eit fagleg minstekrav for opptak på karakteren C (2,5). Karakteren blir berekna som eit vekta gjennomsnitt av alle emne som inngår i opptaksgrunnlaget. Emne med vurderingsuttrykk "bestått" blir ikkje inkludert i utrekninga.
Søknadskode 9371 - enkeltemne på masternivå.
Hva lærer du
Etter bestått emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten:
- har ei avansert forståing av kva som skaper samfunnsendring over tid
- har ei kritisk og sjølvstendig haldning til historiefaglege framstillingar
- har inngåande kjennskap til grunnleggjande omgrep knytt til likskap, ulikskap, parallellar, kontrastar og variasjon
- har avansert kunnskap om korleis historiske fenomen kan forklarast gjennom komparasjon på tvers av tid og/eller rom
Ferdigheiter
Studenten:
- kan kritisk drøfte moglege forklaringsfaktorar for variasjon og likskap om historiske prosessar og formulere komparative resonnement
- kan gjennomføre ein sjølvstendig, avgrensa komparasjon av to eller fleire historiske fenomen eller problemområde ved hjelp av historiefaglege teoriar og i tråd med fagets eigenart
- kan systematisere, strukturere, dokumentere og framstille historisk fagstoff på ein fagleg forsvarleg og etterretteleg måte
- kan oppdatere kunnskapen sin innan fagdisiplinen historie
Undervisning og pensum
Undervisnings- og eksamensspråk
NorskPensum
Du kan se og få tilgang til deler av pensum via Leganto.
Pensumliste for HIS-3031 - Komparativ historie – samfunnsendring på tvers av tid og rom (HØST 2026)Timeplan
Timeplanene ferdigstilles og publiseres normalt i god tid før semesterstart, ofte noen uker i forkant. Dette gir studentene mulighet til å organisere studiene sine og forberede seg på kommende aktiviteter.
Det anbefales å sjekke timeplanen jevnlig, da det kan forekomme endringer.
Eksamen
| Skriftlig skoleeksamen | Dato: 20.11.2026 09:00 Varighet: 4 Timer |
Karakterregel: A–E, stryk F |
Følgende arbeidskrav må være gjennomført og godkjent før man kan framstille seg til eksamen
| Skriftlig arbeidskrav 1 | Karakterregel: Godkjent – ikke godkjent |
| Skriftlig arbeidskrav 2 | Karakterregel: Godkjent – ikke godkjent |
Alt du trenger å vite om før, under og etter eksamen, oppmelding, fravær klage og vitnemål: UiTs samleside om eksamen
Mer info om arbeidskrav
To arbeidskrav:
- Skriftleg 2 sider
- Skriftleg 4 sider