Emnekode: HIS-2005

Frå Jalta til Malta. Den kalde krigens oppkomst, utvikling og avvikling

Søk mellom 1. november og 6. januar
Studiested Tromsø
Semester / år Vår 2023
Nivå Videregående emner, nivå II
Studiepoeng 10

Om emnet

Emnet er valfritt i bachelorstudiet i historie. Passar elles som støtteemne til statsvitskap og russlandsstudiar. Kan tas som enkeltemne.

Emnet omhandlar den internasjonale utviklinga frå avslutninga av den andre verdskrigen til opphøyret av den kalde krigens strukturar ved inngangen til 1990-talet. Tre hovedproblem står i fokus: For det første årsakene til den kalde krigen. For den andre korleis den kalde krigen spreidde seg frå Europa og blei ein global konflikt, men også om sprekkdanningar i denne todelinga etter eit aust-vest-mønster. Det tredje temaet er spørsmålet om kvifor den kalde krigen tok slutt, og kva slags internasjonal orden som overtok.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse. Søknadskode 9199 - enkeltemne på lågare nivå

Hva lærer du

Etter bestått emne skal studentane har følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar:

Studenten har kunnskapar om:

  • Hovudlinene i utviklinga av den kalde krigen og dei ulike fasane av den
  • Tilhøvet mellom samfunnsendringar og endringar i historiesyn på den kalde krigen
  • Dei viktigaste forskingsspørsmåla og teoriane innan kald krig-forskinga

Ferdigheter:

Studenten kan:

  • Gjere greie for hovudlinene i den kalde krigen og dei ulike fasane av den
  • Gjere greie for dei sentrale forskingsspørsmåla og teoriane innan kald krig-forskinga
  • Drøfte, med utgangspunkt i sentrale forskingsspørsmål og teoriar, den kalde krigen som epoke og dei ulike fasane av den
  • Gjere greie for samanhengen mellom samfunnsendringar og endringar i historiesyn på den kalde krigen

Undervisning og pensum

Førelesing/ seminar over 12 veker (2 x 45 min). Studentane må også leggje ned ein innsats i eigenstudium av pensumlitteratur. Det leggjast til rette for faglege diskusjonar i seminara og som førebuing til eksamen får studentane høve til å presentere førebudde munnlege framlegg av tekstar frå pensum.

Kvalitetssikring av emnet: Emnet vert sluttevaluert kvart tredje år.

Undervisnings- og eksamensspråk

Norsk

Pensum

Du kan se og få tilgang til deler av pensum via Leganto.

Pensumliste for HIS-2005 Fra Jalta til Malta. Den kalde krigens oppkomst, utvikling og avvikling - V23

Søknadsfrist

1. juni for emne som blir tilbydd i haustsemesteret. 1. desember for emne som blir tilbydd i vårsemesteret.

Søknadsfrist til enkeltemne gjeld eksterne søkarar som ikkje allereie har ein studierett på UiT. Studentar med studierett ved UiT kan melde seg opp via "Aktive emne" i Studentweb innan semesterregistreringsfristen det aktuelle semesteret.

Information to incoming exchange students

This course is open for inbound exchange students.

Do you have questions about this module? Please check the following website to contact the course coordinator for exchange students at the faculty: INBOUND STUDENT MOBILITY: COURSE COORDINATORS AT THE FACULTIES | UiT

Eksamen

Eksamener
Hjemmeeksamen Innlevering: 30.05.2023 14:00 Utlevering: 22.05.2023 09:00 Varighet: 7 Dager Vekting: 0/1 Karakterregel:
A–E, stryk F
Muntlig eksamen Varighet: 30 Minutter Vekting: 1/1 Karakterregel:
A–E, stryk F
Obligatoriske arbeidskrav

Følgende arbeidskrav må være gjennomført og godkjent før man kan framstille seg til eksamen

Skriftlig oppgave Karakterregel:
Godkjent – ikke godkjent

Alt du trenger å vite om før, under og etter eksamen, oppmelding, fravær klage og vitnemål: UiTs samleside om eksamen

Mer info om arbeidskrav

Studentane skal, innan fastsett frist, levere eit skriftleg arbeidskrav på 4-5 sider / ca 1800 ord.

Kontinuasjonseksamen

Det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studentar som ikkje har bestått siste ordinære eksamen i dette emnet.

Andre år og semester

Kontakt oss

Ansvarlig enhet: Institutt for arkeologi, historie og religionsvitenskap E-post: aisi@hjelp.uit.no