Emnekode: HIS-1202

Norge og verden etter 1750

Søk mellom 1. november og 6. januar
Studiested Tromsø
Semester / år Vår 2027
Nivå Grunnleggende emner, nivå I
Studiepoeng 20

Om emnet

Emnet er obligatorisk i årsstudiet i historie, bachelorstudiet i historie og på lektor i språk og samfunnsfag for trinn 8-13 med historie som fag 1 eller 2. Emnet kan takast som enkeltemne.

Emnet omhandlar dei viktigaste utviklingstrekka i norsk, samisk og internasjonal historie frå 1750 og opp til vår eiga tid. Emnet gjev også ei grunnleggande innføring i kva som kjenneteiknar historiefaget, i fagets historie og kva som er faget sine arbeidsmetodar og teori.

Emnet er kronologisk bygd opp. Dei lange historiske utviklingslinene blir kombinert med konsentrerte nedslag på meir avgrensa historiske tema og problemstillingar. Prosessar og hendingar i norsk og samisk historie blir knytt til den globale utviklinga. Emnet gjev eit langtidsperspektiv på dei raske samfunnsendringane og dei mangfaldige samfunnsformane i vår samtid. Politiske, økonomiske, kulturelle og sosiale endringar står sentralt, med brot og kontinuitet som sentrale omgrep.

Emnet gjev erfaring i å arbeide med realhistoriske problemstillinger på ein historiefagleg måte og til å lære seg dei grunnleggjande krava til historiefagelge tekstar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Søknadskode 9199 - enkeltemne lågare nivå.

Hva lærer du

Etter bestått eksamen har studentane følgjande læringsutbyte:

Kunnskapar

Studentane:

  • har brei kunnskap om sentrale tema i norsk, samisk og internasjonal historie frå 1750 og fram til i dag
  • kjenner til sentrale historiefaglege problemstillingar, teoriar og debattar om perioden fra 1750 og fram til i dag
  • kjenner til faget sine viktigaste arbeidsmetodar og teori
  • har brei kunnskap om dei grunnleggjande krava til historiefagelge tekstar

Ferdigheter

Studentane kan:

  • ut frå ei problemstilling gjera fagleg greie for og drøfte eit historisk emne
  • bruke faget sine arbeidsmetodar til å løyse oppgåver med bruk av relevante faglege utrykksformar
  • henvise til historiske kjelder og fagstoff i tråd med historievitskaplege fagtradisjonar
  • gje og motta tilbakemelding på fagleg tekst skrive av studenten sjølv og av medstudentar

Studiepoengreduksjon

Du vil få en reduksjon i antall studiepoeng (som oppgitt under), dersom du avlegger eksamen i dette emnet og har bestått følgende emne(r) fra før av:

  • HIS-1000 Hvordan historie blir til - Belyst gjennom forholdet mellom stat og minoriteter 5 stp
  • HIS-1000 Introduksjon i historie: Hvordan historie blir til 5 stp
  • HIS-1000 Introduksjon til historiefaget. Historiens hva, hvordan og hvorfor 5 stp
  • HIS-1000 Introduksjonskurs i historie: Hvordan historie blir til 5 stp
  • HIS-1050 Introduksjon i historie. Hvordan historie blir til. Nettvariant. 5 stp
  • HIS-1002 Handelskapitalisme, statsmakt og revolusjoner 1500-1850 5 stp
  • HIS-1003 Nasjonalisme, imperialisme og globalisering 1850-2000 10 stp
  • HIS-1111 Arctic Norway - Aspects of history 3 stp

Undervisning og pensum

Studentane vil i emnet få undervisning i form av førelesingar, seminar og kollektiv og individuell rettleiing. I undervisninga blir det tatt i bruk både fysiske og digitale læringsressursar. Studentane må sjølve legge ned ein stor innsats i form av å lese pensum, delta aktivt på førelesingar og i seminar- og kollokviegrupper. I seminarundervisninga vil studentane bli delt i mindre grupper, og seminara vil bli brukt til å jobbe med arbeidskrava og eksamensførebuing.

Førelesing og seminar: 5 dobbelttimar (2 x 45 min) i veka i 13 veker.

I tillegg er det forventa at studentane les pensum, deltar aktivt på dei tilrettelagte kollokviegruppene og arbeider med arbeidskrava. I arbeidet med arbeidskrava vil studentane få individuell og kollektiv rettleiing.

Alle emne blir evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Studieprogramleiar avgjer kva emne som skal evaluerast av studentar og lærar per år.

Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisningsspråket er norsk.

Eksamensspråk er normalt norsk, men det kan givast høve til å skriva oppgåver og eksamenssvar på anna skandinavisk språk eller engelsk. Det må eventuelt avtalast med instituttet på førehand.

Timeplan

Timeplanene ferdigstilles og publiseres normalt i god tid før semesterstart, ofte noen uker i forkant. Dette gir studentene mulighet til å organisere studiene sine og forberede seg på kommende aktiviteter.

Det anbefales å sjekke timeplanen jevnlig, da det kan forekomme endringer.

Eksamen

Skriftlig skoleeksamen
Varighet: 6 Timer Karakterskala: A–E, stryk F
Obligatoriske arbeidskrav

Følgende arbeidskrav må være gjennomført og godkjent før man kan framstille seg til eksamen

Tre skriftlige oppgaver Godkjent – ikke godkjent
Logg fra kollokviegruppe Godkjent – ikke godkjent
IKomp Godkjent – ikke godkjent

Alt du trenger å vite om før, under og etter eksamen, oppmelding, fravær klage og vitnemål: UiTs samleside om eksamen

Mer info om arbeidskrav

Emnet har fire arbeidskrav:

  • Tre individuelle skriftlege arbeidskrav på 2-3 sider i løpet av semesteret. Det blir jobba med arbeidskrava i seminara. Kvar oppgåve skal leverast innan ein sett frist.
  • Éi kombinert oppgåve: Ei munnleg gruppeoppgåve med individuell skriftleg del. Alle studentane vil bli delt i kollokviegrupper på 4-5 stk. Kollokviegruppene møtast jamnleg, ca ein gong pr veke i 8 veker, for å ha førebudde framlegg av pensumlitteratur. Alle studentane må ha minst to førebudde munnlege framlegg i kollokviegruppa. Det skal skrivast individuell logg frå møta i kollokviegruppa. Loggane skal leverast inn innan ein sett frist.
  • Kurs i Informasjonskompetanse (iKomp). Kursbevis må legges fram for å få godkjent arbeidskrav.

Kontinuasjonseksamen

Det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studentar som ikkje har bestått siste ordinære eksamen i dette emnet.

Andre år og semester

Kontakt oss

Ansvarlig enhet: Institutt for arkeologi, historie og religionsvitenskap