Skriv ut | Lukk vindu |
Vår 2025
HIS-1202 Norge og verden etter 1750 - 20 stp
Ansvarlig enhet
Emnetype
Studiepoengreduksjon
Innhold
Emnet omhandlar dei viktigaste utviklingstrekka i norsk, samisk og internasjonal historie frå 1750 og opp til vår eiga tid. Emnet gjev også ei grunnleggande innføring i kva som kjenneteiknar historiefaget, i fagets historie og kva som er faget sine arbeidsmetodar og teori.
Emnet er kronologisk bygd opp. Dei lange historiske utviklingslinene blir kombinert med konsentrerte nedslag på meir avgrensa historiske tema og problemstillingar. Prosessar og hendingar i norsk og samisk historie blir knytt til den globale utviklinga. Emnet gjev eit langtidsperspektiv på dei raske samfunnsendringane og dei mangfaldige samfunnsformane i vår samtid. Politiske, økonomiske, kulturelle og sosiale endringar står sentralt, med brot og kontinuitet som sentrale omgrep.
Emnet gjev erfaring i å arbeide med realhistoriske problemstillinger på ein historiefagleg måte og til å lære seg dei grunnleggjande krava til historiefagelge tekstar.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Søknadskode 9199 - enkeltemner lavere nivå.
Hva lærer du
Kunnskapar
Studentane:
- har brei kunnskap om sentrale tema i norsk, samisk og internasjonal historie frå 1750 og fram til i dag
- kjenner til sentrale historiefaglege problemstillingar, teoriar og debattar om perioden fra 1750 og fram til i dag
- kjenner til faget sine viktigaste arbeidsmetodar og teori
- har brei kunnskap om dei grunnleggjande krava til historiefagelge tekstar.
Ferdigheter
Studentane kan:
- ut frå ei problemstilling gjera fagleg greie for og drøfte eit historisk emne
- bruke faget sine arbeidsmetodar til å løyse oppgåver med bruk av relevante faglege utrykksformar
- henvise til historiske kjelder og fagstoff i tråd med historievitskaplege fagtradisjonar
- gje og motta tilbakemelding på fagleg tekst skrive av studenten sjølv og av medstudentar
Undervisnings- og eksamensspråk
Undervisningsspråket er norsk.
Eksamensspråk er normalt norsk, men det kan givast høve til å skriva oppgåver og eksamenssvar på anna skandinavisk språk eller engelsk. Det må eventuelt avtalast med instituttet på førehand.
Undervisning
Studentane vil i emnet få undervisning i form av førelesingar, seminar og kollektiv og individuell rettleiing. I undervisninga blir det tatt i bruk både fysiske og digitale læringsressursar. Studentane må sjølve legge ned ein stor innsats i form av å lese pensum, delta aktivt på førelesingar og i seminar- og kollokviegrupper. I seminarundervisninga vil studentane bli delt i mindre grupper, og seminara vil bli brukt til å jobbe med arbeidskrava og eksamensførebuing.
Førelesing og seminar: 5 dobbelttimar (2 x 45 min) i veka i 13 veker.
I tillegg er det forventa at studentane les pensum, deltar aktivt på dei tilrettelagte kollokviegruppene og arbeider med arbeidskrava. I arbeidet med arbeidskrava vil studentane få individuell og kollektiv rettleiing.
Alle emne blir evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Studieprogramleiar avgjer kva emne som skal evaluerast av studentar og lærar per år.