vår
2024
NOR-6005 Flerspråklighet - 15 stp
Opptakskrav
• Fullført lærarutdanning, praktisk-pedagogisk utdanning eller anna pedagogisk utdanning som kvalifiserer for å undervise på 8.-13. trinn.
• Fullført norsk 1 eller tilsvarende 30 studiepoeng i norsk eller nordisk.
Deltakarane må vere i eit tilsettingsforhold på ein skole som tillét at dei kan prøve ut pedagogiske opplegg i eigen klasse. UiT vil ikkje krevje dokumentasjon på tilsettingsforholdet, men dette er ein føresetnad for å kunne gjennomføre arbeidskrava.
Innhold
Emnet gjev ei innføring i allmenne teoriar om fleirspråklege samfunn og individ, forholdet mellom majoritets- og minoritetsspråk, fleirspråkleg utvikling i individet og kontakt mellom ulike språk. Emnet tek opp både historiske og notidige perspektiv. Fleirspråklegheit i skolen vil bli særleg vektlagt, og emnet gjev også ei innføring i sentrale didaktiske problemstillingar for arbeid med fleirspråkligheit i skolen.Hva lærer du
Etter bestått eksamen har studentane følgande læringsutbyte:
Kunnskapar
Studentane har:
• kunnskap om allmenne teoriar om fleirspråkleg utvikling og fleirspråklege samfunn og om ulike sider ved språkforholda i fleirspråklege samfunn.
• kunnskap om rettar og vilkår for fleirspråklegheit i skolen slik det blir uttrykt i opplæringslova, Læreplanverket for kunnskapsløftet 2020 og i internasjonale avtalar.
Ferdigheiter
Studentane kan:
• skildre og drøfte problemstillingar knytte til fleirspråklegheit på ein klår måte og med korrekt språkføring
• bruke ny teknologi for å fremje fleirspråklegheit i skolen
• gjennomføre ei empirisk undersøking rundt eigen undervisning der fleirspråklegheit er eit sentralt tema
Generell kompetanse
Studentane kan:
• bruke kunnskap om fleirspråklegheit til å planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning der fleirspråklegheit er eit sentralt tema
Timeplan
Eksamen
Vurderingsform: | Dato: | Varighet: | Karakterskala: |
---|---|---|---|
Hjemmeeksamen | 25.04.2024 09:00 (Utlevering) 03.05.2024 14:00 (Innlevering) |
7 Dager | A–E, stryk F |
Obligatoriske arbeidskrav:Følgende arbeidskrav må være gjennomført og godkjent før man kan framstille seg til eksamen: |
|||
En tekst | Godkjent – ikke godkjent | ||
En muntlig presentasjon | Godkjent – ikke godkjent |
Mer info om arbeidskrav
- Studenten skrive ein tekst på mellom 700-1000 ord knytt til eit tema nærmare fastsett av dei kursansvarlege. Teksten skal skrivast på nynorsk. Teksten kan skrivast individuelt eller i gruppe på to eller tre studentar. Ein tekst frå ei gruppe skal vere på minst 1000 ord ikkje meir enn 2000 ord. Teksten blir evaluert med godkjent/ikkje godkjent.
- Studenten skal gjere opptak av ein munnleg presentasjon på 8-10 minutt av ei empirisk undersøking av undervisning der fleirspråklegheit er eit sentralt tema. Denne presentasjonen skal gjerast tilgjengeleg for medstudentar på emnet. Presentasjonen kan gjerast individuelt eller i gruppe på to eller tre studentar: ein gruppepresentasjon skal vere på 13-15 minutt. Presentasjonen blir evaluert med godkjent/ikkje godkjent
- Arbeidskrava er gyldige i eitt semester.
- Om emnet
- Studiested: Nettbasert |
- Studiepoeng: 15
- Emnekode: NOR-6005
- Ansvarlig enhet
- Institutt for språk og kultur
- Spørsmål om emnet
-
E-post: aisi@hjelp.uit.no
Telefon: 77660793
- Tidligere år og semester for dette emnet