Skriv ut Lukk vindu


 

Vår 2024

NOR-6005 Flerspråklighet - 15 stp


Ansvarlig enhet

Institutt for språk og kultur

Emnetype

Vidareutdanning av lærarar for 8.-13. trinn . Nettbasert.

Emnet er berre mogleg å ta for studentar som har fått opptak til norsk 2 for 8.-13. trinn via UDIR.


Studiepoengreduksjon

NOR-3024 Flerspråklighet 10 stp

Innhold

Emnet gjev ei innføring i allmenne teoriar om fleirspråklege samfunn og individ, forholdet mellom majoritets- og minoritetsspråk, fleirspråkleg utvikling i individet og kontakt mellom ulike språk. Emnet tek opp både historiske og notidige perspektiv. Fleirspråklegheit i skolen vil bli særleg vektlagt, og emnet gjev også ei innføring i sentrale didaktiske problemstillingar for arbeid med fleirspråkligheit i skolen.

Opptakskrav

• Fullført lærarutdanning, praktisk-pedagogisk utdanning eller anna pedagogisk utdanning som kvalifiserer for å undervise på 8.-13. trinn.

• Fullført norsk 1 eller tilsvarende 30 studiepoeng i norsk eller nordisk.

Deltakarane må vere i eit tilsettingsforhold på ein skole som tillét at dei kan prøve ut pedagogiske opplegg i eigen klasse. UiT vil ikkje krevje dokumentasjon på tilsettingsforholdet, men dette er ein føresetnad for å kunne gjennomføre arbeidskrava.


Hva lærer du

Etter bestått eksamen har studentane følgande læringsutbyte:

Kunnskapar

Studentane har:

• kunnskap om allmenne teoriar om fleirspråkleg utvikling og fleirspråklege samfunn og om ulike sider ved språkforholda i fleirspråklege samfunn.

• kunnskap om rettar og vilkår for fleirspråklegheit i skolen slik det blir uttrykt i opplæringslova, Læreplanverket for kunnskapsløftet 2020 og i internasjonale avtalar.

Ferdigheiter

Studentane kan:

• skildre og drøfte problemstillingar knytte til fleirspråklegheit på ein klår måte og med korrekt språkføring

• bruke ny teknologi for å fremje fleirspråklegheit i skolen

• gjennomføre ei empirisk undersøking rundt eigen undervisning der fleirspråklegheit er eit sentralt tema

Generell kompetanse

Studentane kan:

• bruke kunnskap om fleirspråklegheit til å planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning der fleirspråklegheit er eit sentralt tema


Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisningsspråk: norsk.

Språk på arbeidskrav: nynorsk

Språk på eksamen: nynorsk

Pensumlitteraturen er på norsk, andre skandinaviske språk og/eller engelsk. Sjølvvalt pensum kan vere på andre språk etter avtale med emneansvarleg.


Undervisning

Undervisninga er nettbasert og gjeven i form av fem tematiske modular. Mellom kvar modul skal studentane delta i fem webinar på zoom der det blir føresett aktiv deltaking i form av framlegg, diskusjonsinnlegg o.l. Studentane skal i tillegg møtast i faste studiegrupper.