Moderat alkoholinntak og førekomst av brystkreft hos norske kvinner: moderne metodar for å sjå på årsakssamanhengar og forbetra risikokommunikasjon
Dei nye kostråda frå 2024 rår oss til å drikka så lite alkohol som mogleg for helsa si skuld. Dei skapte oppstyr både blant folk flest og blant nokre fagfolk. Forsking har vist at alkohol aukar risikoen for fleire kreftformer. Dette er tildels lite kjent i befolkninga. 7 av 10 veit ikke at det er en samanheng mellom alkohol og kreft, ifølge Kreftforeninga.
Samstundes manglar vi kunnskap om effekten av eit lågt (mindre enn 3 glas/veke) eller moderat inntak (1 glas/dag eller mindre) av alkohol og risiko for brystkreft. Difor vil vi bruka nye statistiske metodar som let oss trekkja årsakskonklusjonar utan å gjera eksperiment, på data frå Kvinner og helse-studien.
Vi vil undersøka:
- korleis alkoholforbruk gjennom vaksenlivet påverkar brystkreftrisikoen.
- om risikoen blir påverka av å elles ha ein sunn eller usunn livsstil.
- om risikoen blir endra ved bruk av hormontilskot for overgangsalderen.
Vi vil også rekna på om det å bytta ut noko av alkoholen med alkoholfrie drikkar vil påverka brystkreftrisikoen. Vi ønskjer å avdekkja kva for mytar om alkohol og kreft som er utbreidde i befolkninga, og kva folk veit om alkohol og risiko for sjukdom.
Vi vil undersøka korleis ulike grupper oppfattar diskusjonen om alkohol, og ved hjelp av innsiktsarbeidet og dei vitskaplege resultata våre vil vi få auka innsikt i korleis vi kan diskutera alkohol på ein måte som tar omsyn til både helse og andre faktorar.
På bakgrunn av dette vil vi samskapa førebyggingsinformasjon som treff folk.
Prosjektgruppe

[Loading...]