– Det er viktig å få kunnskapen ut i samfunnet
I dei neste 25 åra må Noreg handtere komplekse utfordringar, både på nasjonalt og internasjonalt nivå. Ifølgje forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland, manglar vi ikkje kapital for å møte utfordringane. Derimot vil fagkunnskap og innovasjon utgjere ein stor forskjell.
Kva utfordringar står Noreg overfor fram mot år 2050? Dette var hovudtemaet for eit frukostseminar for studentar og tilsette som vart halde ved Senter for fredsstudium ved UiT 26. august.
Under møtet trekte Sigrun Aasland, forskings- og høgare utdanningsminister, fram viktige utfordringar som ho meiner vil prege dei kommande tiåra.
Dette omfattar problemstillingar knytte til geopolitisk spenning, klimaendringar, ressursmangel, energiskifte, demografiske endringar, utvikling av kunstig intelligens og ein polarisert samfunnsdebatt.
Vi skal halde fram med å investere i folk. Det er den viktigaste forsikringa vi har for å byggje samfunnet vi ønskjer. Å studere er ei investering i eiga framtid.
Eit mørkare landskap
Aasland innleidde med å understreke kontrasten mellom Noregs utanrikspolitiske handlingsrom før og etter Russlands invasjon av Ukraina. Ho beskriv dagens geopolitiske situasjon som uføreseieleg.
– Det er 25 år sidan eg sjølv var student. Det var ei meir hyggjeleg verd. Då var det meir fridom, færre konfliktar, og muren hadde falle. Sovjetunionen vart oppløyst, og vi hadde tru på eit samarbeid med Russland, sa ho.
Aasland understreka at verdssituasjonen no er ein heilt annan.
– Det er eit mørkare landskap de skal studere i, og meir står på spel. Men dersom det er noko vi er tente med i Noreg, er det at den internasjonale ordenen blir halden oppe. Vi treng verda mykje meir enn verda treng oss, påpeika Aasland.
Eit komplekst heilskapsbilete
Geopolitisk spenning er likevel berre éin av fleire faktorar som bidreg til eit komplekst heilskapsbilete, både i Noreg og globalt. Ho påpeika at det blir stadig knappare med ressursar, og at vi står overfor eit energiskifte og klimaendringar.
Dessutan går den demografiske utviklinga mot at det om 10 år vil vere langt fleire eldre i samfunnet, som skal støttast av ein arbeidsstyrke beståande av langt færre yngre. For Aasland er det eit paradoks at vi i dag har 100 000 ledige jobbar i Noreg.
– Det er folk vi manglar, ikkje pengar. Vi skal leve av folks kompetanse, ikkje av oljefondet eller kapitalressursar, sa Aasland.
Aasland framheva at Noreg spesielt treng fleire fagarbeidarar, teknologar og ingeniørar, sjukepleiarar og legar. Ei anna stor utfordring er at ny teknologi blir utvikla raskare enn nokon gong før.
Aasland meiner også det er urovekkjande at samfunnsdebatten i Noreg blir stadig meir polarisert.

Styrking av høgare utdanning
Slike framtidsscenarium kan verke dystre, men kva verktøy har vi for å handtere ei slik utvikling? spurde Aasland.
Ho meiner at Noreg først og fremst treng å byggje opp kompetanse og kunnskap for å møte framtidas utfordringar. For Aasland inneber dette å styrkje høgare utdanning og opne studium for fleire i samfunnet, samtidig som det blir lagt vekt på fleire likestillingstiltak.
– Vi skal halde fram med å investere i folk. Det er den viktigaste forsikringa vi har for å byggje samfunnet vi ønskjer. Å studere er ei investering i eiga framtid. De er nasjonalformuen og nøkkelen til framtida, understreka ho.
Medisin mot falske nyheiter
Ifølgje Aasland kan ein også motverke spreiinga av falske nyheiter og desinformasjon ved å styrkje høgare utdanning og verne om akademisk fridom.
– Akademisk fridom er i tilbakegang, men det kan bidra til å vekkje oss. Vi må ha felles spelereglar for kva som er haldbar kunnskap. Den beste medisinen vi har mot falske nyheiter er universiteta. Vi har vitskaplege metodar for å finne ut kva som er sant og usant. Då må vi samle data og ha betre informasjon enn den vi er usamde med, la ho til.

Innovasjon og kunstig intelligens
Aasland understreka også at det er avgjerande å kople saman forsking og næringsliv for å auke graden av innovasjon. Ifølgje Aasland kan dette bidra til at ressursar blir brukte på ein mykje smartare måte, og at det blir mogleg å utvikle andre energikjelder.
– Det er viktig å få kunnskapen ut i samfunnet. Vi har mykje offentleg finansiert forsking, men vi er ikkje så gode på å skape næringslivsfinansiert forsking. Vi treng også studentar som reiser ut på utveksling og forskarar som samarbeider på internasjonalt nivå, sa ho.
UiT Frokostseminar
- Eit forum for tilsette og studentar ved UiT.
- Der blir det halde foredrag og debattar om dagsaktuelle politiske spørsmål i ei fagleg ramme.
- Frukostseminara blir arrangerte av studentane på samfunnsvitskaplege fag ved UiT.
Ifølgje Aasland er høgare utdanning og forsking i Noreg berre i startfasen med å ta i bruk kunstig intelligens. På dette området varslar ho store endringar, då regjeringa investerer éin milliard kroner i KI og IT-infrastruktur. Dette meiner ho samla kan skape stor reknekraft. Samtidig oppmodar ho alle fagmiljø til å samle seg om å ta i bruk denne nye teknologien.
– Med utviklinga av KI-teknologi treng vi å byggje opp tverrfagleg kompetanse på ein heilt annan måte. Vi treng også forståing på tvers av kulturar. Humanistiske fag er derfor ikkje «tullefag», påpeika Aasland.
Breidd og spesialisering
Heilskapleg sett tilrår Aasland ein strategi med to spor for universitets-og hugskulesektoren. Samtidig som det er viktig å løfte nokre sentrale fag for å svare på akutte samfunnsbehov, må universitet og høgskular i Noreg også ta vare på heile breidda av fagdisiplinar. Dette grunngir ho med at fagleg mangfald gir fleksibilitet og tryggleik i eit stadig skiftande landskap.
– Vi veit ikkje så mykje om kva vi ikkje treng – det er vanskeleg å føresjå, konkluderte Aasland.
-
Fiskeri- og havbruksvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Fiskeri- og havbruksvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Master of Philosophy in Visual and Multimodal Anthropology
Varighet: 2 År -
Arkeologi - master
Varighet: 2 År -
Peace and Conflict Transformation - master
Varighet: 2 År -
Indigenous Studies - master
Varighet: 2 År -
Technology and Safety - master
Varighet: 2 År -
Sosiologi - master
Varighet: 2 År -
Nordisk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Strategisk ledelse og økonomi - erfaringsbasert master
Varighet: 5 Semestre -
Engelsk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Luftfartsfag - bachelor
Varighet: 3 År -
Samfunnsplanlegging - bachelor
Varighet: 3 År -
Pedagogikk - bachelor
Varighet: 3 År -
Sosiologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Arkeologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Spansk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Statsvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Pedagogikk - master
Varighet: 2 År -
Likestilling og kjønn - årsstudium
Varighet: 1 År -
Samfunnsplanlegging og kulturforståelse - master
Varighet: 2 År -
Økonomi og administrasjon - bachelor
Varighet: 3 År -
Samfunnssikkerhet - bachelor
Varighet: 3 År -
Økonomi og administrasjon, siviløkonom - master
Varighet: 2 År -
Ledelse, innovasjon og marked - bachelor
Varighet: 3 År -
Ergoterapi - bachelor
Varighet: 3 År -
Grunnskolelærerutdanning for 1.-7. trinn - master
Varighet: 5 År -
Grunnskolelærerutdanning for 5.-10. trinn - master
Varighet: 5 År -
Samfunnssikkerhet - master
Varighet: 2 År -
Kunst - bachelor
Varighet: 3 År -
Kunsthistorie - master
Varighet: 2 År -
Musikkutøving - bachelor
Varighet: 4 År -
Religionsvitenskap - årsstudium
Varighet: 1 År -
Russisk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Samfunnsøkonomi med datavitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Sosialantropologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Organisasjonsdesign og ledelse - master
Varighet: 2 År -
Statsvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Historie - master
Varighet: 2 År -
Kunsthistorie - bachelor
Varighet: 3 År -
Tysk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Filosofi - bachelor
Varighet: 3 År -
Kvensk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Barnehagelærer - bachelor
Varighet: 3 År -
Forfatterstudium 2 - årsstudium
Varighet: 1 År -
Organisasjon og ledelse for offentlig sektor - erfaringsbasert master
Varighet: 3 År -
Sosialt arbeid - bachelor
Varighet: 3 År -
Bedriftsøkonomi - årsstudium
Varighet: 2 År -
Ledelse - årsstudium
Varighet: 2 År -
Sosialt arbeid - master
Varighet: 2 År






