Kyr endrar fjellandskap i Alpene
Beitedyr har påverka plantemangfald i fjellområde meir enn ein tidlegare har trudd, viser ny internasjonal UiT-studie.

Ei forskargruppe leia av professor Inger Greve Alsos utfordrar oppfatninga om at klimaendringar åleine har vore den viktigaste drivaren for endringar i økosystema.

– Funna våre viser at storfe, som kom til Alpane for rundt 4 200 år sidan, har hatt ein betydeleg positiv effekt på plantebiodiversiteten dei siste 2 000 åra. Dei har fremja ei rikare blanding av blomstrande plantar og grasartar, seier Greve Alsos, professor i biologi på Noregs arktiske universitetsmuseum.
Eldgammalt DNA
I studien har forskargruppa identifisert 603 planteartar og fleire ville og domestiserte pattedyr, ved hjelp av databasen PhyloAlps og avansert analyse av eldgammalt DNA (Seda-DNA) frå 14 innsjøar i Alpane.
– Vi kan no rekonstruera nærværet av ville dyr ved hjelp av SedaDNA, noko som gir eit meir detaljert bilete av samspelet mellom klima, dyr og plantar. Dette var ikkje mogleg med klassiske metodar som pollenanalyse, fortel Sandra Garcés Pastor, postdoktor og førsteforfattar i studien.
Resultata viser at klima var den viktigaste drivkrafta bak vegetasjonsendringar i den tidlege holocen (11 000–6 000 år sidan), medan menneskeleg aktivitet, særleg beiting frå husdyr, har hatt større innverknad på biodiversiteten dei siste 5 000 åra.
Ifølgje analysane har sau og storfe spelt ei avgjerande rolle i å halda oppe og auka artsmangfaldet i fjellområda. Dei viser også at ville dyr som hjort, gemse og steinbukk bidrog til å skapa opne habitat og redusere konkurransen mellom plantar.
Betydning i generasjonar
Studien, publisert i tidsskriftet Nature Communications, peikar på viktigheita av tradisjonell arealbruk i Alpane. Dette kan få mykje å seia for dagens forvaltning av slike fjellområde og fungere som støtte for strategiske klimatilpassingstiltak.
– Vi har fått ny innsikt i korleis menneskeleg aktivitet og beitedyr kan spela ei nøkkelrolle i å sikra artsmangfaldet i fjellområde, både i dag og for framtidige generasjonar, fortel Greve Alsos.
Referanse:
“Wild and domesticated animal abundance is associated with greater late-Holocene alpine plant diversity" (2025). Nature Communications.
Fakta om Sedimentary ancient DNA (SedaDNA)
- Eldgammalt DNA som ofte finst i jordsmonn og sediment på botnen av innsjøar, elvar, hav eller i gruver, der det har lege uforstyrra i tusenår.
- Ei revolusjonerande teknologisk utvikling gjer det mogleg for forskarane å gjennomføra avanserte DNA-analysar, sjølv om det ikkje finst synlege spor i eit område, verken i form av arkeologiske funn eller fossil.
- Fortel om liv som har levd her for ikkje berre tusenvis, men millionar av år sidan, og korleis vi som menneske har vore med på å endra levevilkåra for andre artar.
- Konferanse om SedaDNA i Tromsø, 23 – 26. juni: 2nd SedaDNA Scientific Society Meeting
-
Fiskeri- og havbruksvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Fiskeri- og havbruksvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Akvamedisin - master
Varighet: 5 År -
Bioteknologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Arkeologi - master
Varighet: 2 År -
Geosciences - master
Varighet: 2 År -
Biology - master
Varighet: 2 År -
Physics - master
Varighet: 2 År -
Mathematical Sciences - master
Varighet: 2 År -
Biomedicine - master
Varighet: 2 År -
Molecular Sciences - master
Varighet: 2 År -
Biologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Medisin profesjonsstudium
Varighet: 6 År -
Luftfartsfag - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, datamaskinsystemer - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Geovitenskap- bachelor
Varighet: 3 År -
Biomedisin - bachelor
Varighet: 3 År -
Kjemi - bachelor
Varighet: 3 År -
Matematikk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Ergoterapi - bachelor
Varighet: 3 År -
Fysioterapi - bachelor
Varighet: 3 År -
Radiografi - bachelor
Varighet: 3 År -
Farmasi - bachelor
Varighet: 3 År -
Farmasi - master
Varighet: 2 År -
Religionsvitenskap - årsstudium
Varighet: 1 År -
Romfysikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Klima og miljøovervåkning, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Bærekraftig teknologi, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Odontologi - master
Varighet: 5 År -
Filosofi - bachelor
Varighet: 3 År -
Anvendt fysikk og matematikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Praktisk-pedagogisk utdanning for trinn 8-13 - årsstudium (deltid)
Varighet: 2 År -
Internasjonal beredskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Ernæring - bachelor
Varighet: 3 År -
Marine Biotechnology - master
Varighet: 2 År -
Ph.d.-program i naturvitenskap
Varighet: 3 År -
Environmental Law - master
Varighet: 2 År -
PhD Programme in Natural Science
Varighet: 3 År -
PhD Programme in Science
Varighet: 3 År -
Filosofi - årsstudium
Varighet: 1 År -
Lektor i realfag trinn 8-13 - master
Varighet: 5 År -
Kunstig intelligens, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Fysikk og matematikk - bachelor
Varighet: 3 År -
Nautikk - bachelor
Varighet: 3 År -
Medisin profesjonsstudium - forskerlinje
Varighet: 7 År -
Ocean Leadership - Executive master
Varighet: 3 År -
Havteknologi, ingeniør - bachelor (ordinær, y-vei)
Varighet: 3 År -
Landscape Architecture - master
Varighet: 2 År -
Contemporary Issues in Risk and Crisis Management - master
Varighet: 2 År