Har merkt nise-etande spekkhoggarar
Havforskarar har satellittmerkt to spekkhoggarar med storvaksen appetitt. I tillegg til å ete fisk som spekkhoggarar flest, et dei også niser og sel.
Ein solskinsdag seint i april, legg havforskarane frå kai i Skånevik med ein småbåt.
Folk, ferjer og forskarkollegaar har hatt augo på stilk dei siste dagane, og varsla om at no er den vesle spekkhoggarflokken tilbake langs vestlandskysten.
Havforskarane har leitt etter denne gjengen i fleire dagar, men har kome litt for seint – gong etter gong.
Men på den aller siste kvelden i felt, snur lukka og havforskarane slår to forskingsfluer i ein smekk.
To spekkhoggarar – ei hanne og ei hoe – får kvart sitt vesle satellittmerke på ryggfinnen, og forskarane tek med seg ein biopsi – ei lita hud- og spekkprøve.
Dette satellittmerket skal avsløre vandringsrutene til desse store rovdyra.
Og spekkprøvene skal vise følgjene av det som er ein heller uvanleg diett.
Sporar kor spekkhoggarane sym
Merkinga er eit samarbeid mellom Havforskingsinstituttet og UiT Norges arktiske universitet, medan biopsiane skal verte analyserte av Norwegian Orca Survey (NOS).
Det mor og ein veslevaksen son frå ein ganske spesiell flokk som no er merkte.
Merket sit fast i opptil tre månadar, før det så losnar og fell av på eiga hand. Erfaringar frå tidlegare merking syner at det einaste sporet den vesle satellittpassasjeren etterlet seg er eit arr som gror og forsvinn etter få veker.
– Men medan merket sit på, får vi kontinuerleg informasjon om kvar spekkhoggarane er, forklarar HI-forskar Carla Freitas.
Fleire gongar om dagen sender merket oppdatert posisjonsdata via satellitt.
All denne posisjonsdataen forskarane samlar skal dei bruke inn i fleire prosjekt. Inkludert EU-prosjektet MARHAB, som granskar kva dei viktigaste habitata er for topp-predatorar i Skagerrak.
Og ja, Skagerrak er eit stykke frå vestlandskysten, men satellittmerka skal syne kor vidt desse områda heng saman. Ferierer desse spekkhoggarane i vest også i sør?
Her kan du følgje spekkhoggarane si vandring:
Nisejegarar
Desse spekkhoggarane har no ein passasjer som tystar om kor dei dreg. Men i tillegg har forskarane teke ein liten biopsi frå dei.
Desse hud- og spekkprøvene tystar om kva spekkhoggarane har fått i seg.
– Spekkhoggarane høyrer til ein ganske spesiell familie, som vert kalla 280s, forklarar forskar Eve Jourdain frå NOS. Ho har følgt denne flokken i fleire år.
Spekkhoggarfamilien som vitjar vestlandskysten og sym i fjordane på våren har nokså unike måltidsvanar.
Dei fleste spekkhogger-grupper i Noreg har spesialisert seg på å ete fisk, og særleg sild. Men desse et også sjøpattedyr – dei et niser og sel, i alle fall medan dei er på vestlandsbesøk.
Den «forureina» spekkhoggaren
Om det er nise og sel på menyen, heller enn sild, så et spekkhoggaren på toppen av næringskjeda.
Dette inneber at middagen gjerne kan innehalde meir miljøgifter, som vert konsentrerte oppover i næringskjeda. Når spekkhoggarar då i tillegg kan verte gamle, har dei tid til å samle opp fleire ugunstige stoff i kroppen i løpet av eit langt liv.
– Mange miljøgifter sit i feittet – og det er også feitt ungane får i seg når dei diar frå mor. Dette er difor ein dårleg kombinasjon og ein dårleg start på livet for kalvane, seier UiT-forskar Audun Rikardsen og held fram:
– Spekkhoggarar er kanskje det mest forureinsa dyret på jorda, og difor er det særleg viktig å få meir informasjon om akkurat desse dyra, og kor og når dei vert påverka, seier han.
Rikardsen peikar på at spekkhoggarane kan få dårleg helse, og i verste fall slutte å produsere ungar.
NOS har tidlegare undersøkt ein daud spekkhoggar-kalv frå same flokken, der førebelse resultat tydde på høge miljøgift-nivå.
Spekkprøvene skal late forskarane undersøke kor «forureina» desse nise-etande spekkhoggarane er, og om dei har høgare døyelegheit enn artsfrendane som heller et fisk.
Ligg ikkje på latsida
Til no, syner satellittmerkene at desse spekkhoggarane ikkje ligg på latsida og at den vesle familien held saman.
– Vi merkte desse spekkhoggarane i Åkrafjorden, og få dagar seinare dukkar dei opp i Fedafjorden hundrevis av kilometer unna, seier Freitas og held fram:
– Så tok dei seg ein snartur ut i opent hav, mogelegvis for å ete litt fisk, for så å kome tilbake til fjordane. Dei beveger seg ganske rast, truleg for at dei skal kome overraskande på byttet sitt.
Målet er at merkedataen, biopsiane og observasjonar frå publikum til saman kan gje forskarane endå meir innsikt i kvardagen til desse spekkhoggarane, og korleis dei vert påverka av menneskeleg aktivitet.
– Med satellittmerke kan vi også identifisere stadar som er viktige for desse dyra når dei held seg i område der vi ikkje kan sjå dei. Dette er svært viktige data som styresmaktene seinare kan bruke som grunnlag for betre vern av enkelte område for forstyrrande menenskeleg aktivitet, seier Rikardsen.
HI-forskar Carla Freitas peikar på verdien av at fleire forskargrupper samarbeider og i tillegg får observasjonar frå publikum:
– Dette let oss samle viktig informasjon for å verte meir kjende med desse spekkhoggarane, og kunne bevare dei og habitata deira.
-
Fiskeri- og havbruksvitenskap - bachelor
Varighet: 3 År -
Fiskeri- og havbruksvitenskap - master
Varighet: 2 År -
Akvamedisin - master
Varighet: 5 År -
Bioteknologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Arkeologi - master
Varighet: 2 År -
Geosciences - master
Varighet: 2 År -
Biology - master
Varighet: 2 År -
Physics - master
Varighet: 2 År -
Mathematical Sciences - master
Varighet: 2 År -
Biomedicine - master
Varighet: 2 År -
Molecular Sciences - master
Varighet: 2 År -
Law of the Sea - master
Varighet: 3 Semestre -
Biologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Medisin profesjonsstudium
Varighet: 6 År -
Informatikk, datamaskinsystemer - bachelor
Varighet: 3 År -
Informatikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Geologi - bachelor
Varighet: 3 År -
Biomedisin - bachelor
Varighet: 3 År -
Kjemi - bachelor
Varighet: 3 År -
Samfunnssikkerhet og miljø - bachelor
Varighet: 3 År -
Matematikk - årsstudium
Varighet: 1 År -
Ergoterapi - bachelor
Varighet: 3 År -
Fysioterapi - bachelor
Varighet: 3 År -
Radiografi - bachelor
Varighet: 3 År -
Farmasi - bachelor
Varighet: 3 År -
Farmasi - master
Varighet: 2 År -
Romfysikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Klima og miljøovervåkning, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Bærekraftig teknologi, ingeniør - bachelor
Varighet: 3 År -
Odontologi - master
Varighet: 5 År -
Anvendt fysikk og matematikk, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Praktisk-pedagogisk utdanning for trinn 8-13 - årsstudium (deltid)
Varighet: 2 År -
Samfunnsplanlegging - nettbasert førstesemesterstudium
Varighet: 1 Semestre -
Internasjonal beredskap - bachelor (samlingsbasert)
Varighet: 3 År -
Ernæring - bachelor
Varighet: 3 År -
Marine Biotechnology - master
Varighet: 2 År -
Ph.d.-program i naturvitenskap
Varighet: 3 År -
Environmental Law - master
Varighet: 2 År -
PhD Programme in Natural Science
Varighet: 3 År -
PhD Programme in Science
Varighet: 3 År -
PhD programme in Nautical Operations
Varighet: 3 År -
Lektor i realfag trinn 8-13 - master
Varighet: 5 År -
Kunstig intelligens, sivilingeniør - master
Varighet: 5 År -
Matematiske realfag - bachelor
Varighet: 3 År -
Nautikk - bachelor
Varighet: 3 År -
Medisin profesjonsstudium - forskerlinje
Varighet: 7 År -
Ocean Leadership - Executive master
Varighet: 3 År -
Havteknologi, ingeniør - bachelor (ordinær, y-vei)
Varighet: 3 År -
Informatikk, datafag - bachelor
Varighet: 3 År -
Computer Science - master
Varighet: 2 År